Italiensk mat, Pasta, Veggis
Comment 1

I Italia!

Min kjære og eg har tilbrakt ei veke i Italia, nærare bestemt i Roma. Her har vi det strålande, og nyt livet.

Denne kassa med steinsopp klarte vi ikkje å gå forbi, så då vart det pasta med steinsopp til middag.

IMG_0932Pasta med steinsoppsaus

200 g pasta

300 g steinsopp

2 ss smør

Litt sitronsaft

Nokre skiver aubergine

Olivenolje

2 dl kremfløte

Salt og peppar

Pecorino

Skjer auberginen i tynne skiver, og grill dei fort i ei grillpanne med litt olivenolje. Legg dei til side.

Rens soppen, og del den i små bitar. Smelt smøret i ei steikepanne, og steik soppen til den er lysebrun og lekker. Ha i meir smør viss det trengst. Ha på litt sitronsaft.

Skjer aubergineskivene i strimlar, og ha dei oppi saman med soppen. Slå på fløten, og la det koke eitt par minutt. Smak til med salt og peppar.

Kok pasta, og la den renne av. Ha den i ein bolle, og slå sausen over. Server med riven pecorino eller parmesan, og eit godt glas vin.

This entry was posted in: Italiensk mat, Pasta, Veggis

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

1 Comment

  1. Åååh, dette ser kjempegodt ut! Håper dere har hatt det strålende på tur. Mange takk for oppskrift!

Leave a Reply to Synne Cancel reply