Allergi, Fest, Mat, salat, Sausar og dippar, Veggis
Leave a Comment

Den tapte salaten

Du veit den kjensla, når du får noko som smakar fantastisk, og alt du vil er å smake det igjen?

Slik hadde eg det med denne salaten. Eg laga den i sommar, og den vart snyta god, som far min ville sagt det. Då veit ein jo som rutinert matskribent at det er berre å gå og skrive ned oppskrifta med ein gong, men feriekjensla må ha teke meg, for på datamaskinen fann eg ingen spor av oppskrifta. Eg fann eit bilde, men det var det heile.

Kva gjer ein då? Ein må berre prøve seg fram, eksperimentere og smake seg fram. Eg har gjort det før, og det blir alltid litt prøving og feiling før ein treff. Men no har eg oppskrifta på plass, og septembersalaten er like god som julisalaten.

Så no er det din tur, og eg trur du kjem til å like den like godt som eg gjer. Du kan servere den åleine med godt brød til, eller som tilbehør til fisk eller kylling. Droppar du osten er den til og med vegansk, og med eller utan ost er den eit mettande og smakfullt vegetarisk alternativ på ein buffé.

Salatbasen er grønkål, og den vert vanlegvis varmebehandla, sidan den kan vere litt treen i seg sjølv. Men når den vert elta rundt med dressingen mjuknar den, og vert mør og god å spise sjølv om den er rå. Når den møter smaken av dei rista sesamfrøa, som tahine er laga av, blir det ein perfekt kombinasjon. Du kan gjerne bytte ut grønkålen med svartkål, om du har det.

Tahinedressing

2 ss tahine
2 ss sitronsaft
1 dl olivenolje
Salt og peppar

Ha tahine, olje og sitronsaft i ein smal beholdar, og køyr det glatt med stavmiksar. Smak til med salt og peppar. Smak om det trengst meir sitronsaft.

Rista kikerter

Ein boks kikerter, avrente
2 ss olivenolje
2 ts paprika
1 ts røykt paprika
½ ts svart peppar
½ ts salt

Sett steikeomnen på 200 grader. Ha olje og krydder i ein bolle, og rør godt. Hell dei avrente kikertene i eit reint kjøkkenhandkle, og tørk dei lett. Ha dei i bollen, og rør rundt. Hell dei utover eit bakebrett med bakepapir på, og pass på at dei ikkje ligg oppå kvarandre. Rist kikertene på 200 grader i 20-25 minutt. Følg med, og pass på så dei ikkje vert brent. La dei kolne på brettet.

_mg_3192Salat med grønnkål og kikerter

500 g grønnkål
1 beger cherrytomatar
To vårløk
50 g pinjekjerner
Eit granateple
100 g chevre utan skorpe

Del granateplet i to ved å skjere ca. ½ cm inn i skalet rundt ”ekvator”, og vri dei to halvdelane frå kvarandre. Hold den eine halvdelen med snittflata ned i handa di, og hald handa og granateplet over ein romsleg bolle. Slå på granateplet med ei tresleiv, slik at kjernene løsnar og ramlar ned i bollen. Sett granateplefrøa til side.

Varm ei tørr steikepanne godt opp på plata. Ha i pinjekjernene, og gi dei eit lett dryss av fint salt. Rist på steikepanna til pinjekjernene er gylne, og hell dei på ein tallerken så dei kolnar. Sett til side.

Skyll og tørk grønkålen viss det trengst. Fjern grove stilkar, og snitt den i strimlar med ein skarp kniv. Ha den i ein bolle. Hell over tahine-dressingen, og rør rundt til grønkålen har falt litt saman, og blitt mjuk. Bruk gjerne hendene, og kna grønnkålen skikkeleg.

Ha i vårløk og cherrytomatar, og rør litt til. Hell alt i eit vidt serveringsfat, og dryss på kikerter, pinjekjerner og granateplefrø. Smuldre chevre over med fingrane, og server med eit godt brød til.

Leave a Reply