Krydra plommechutney
Då eg skreiv om moderne vilt her for ei stund sidan foreslo eg at du skulle servere gryta med ein god plommechutney til. I går såg eg korger med plommer i butikken, så kvifor ikkje lage ein deilig plommechutney no på førvinteren? Denne chutneyen kan du til dømes gi bort i julegåve. Den bør stå i fire veker før du byrjar å bruke den, så det passar heilt perfekt å lage chutney no i november. Chutney varierer med kor søte dei er og kor krydra dei er. Denne er ganske syrleg og ganske krydra, og passar best til kraftige kjøtrettar. Den er mellom anna perfekt til juleribba. Legg ei skive kald ribbe i ei lefse, og smør på eit lag syrleg plommechutney før du rullar den saman og kosar deg med den. Mmmm! Som vegetartilbehør kan du bruke chutneyen til ei god linsegryte, til dømes Dal bath. Har du ikkje konjakk i huset, så vert chutneyen god sjølv om du droppar den. Slik gjorde eg det: Plommechutney 1.5 kg modne plommer 1/2 kg ferdig rensa eple, …