All posts filed under: salat

Biffsalat

Salatar har sin sjarm som tilbehør og som smårettar, men det er også godt med ein salat som fullverdig middag. I så fall må ein supplere med gode proteinar i salaten, og det kan vere både fisk, kjøt og ulike typar bønner. Her om dagen lagde eg ein smakfull og saftig biffsalat, og det vart suksess i heimen. Eg kjøpte mørbrad som var på tilbod fordi kjøtstykka gjekk ut på dato same dag. Finn du slikt er det berre å ta det og springe. Biffkjøt er aldri så mørt som når det er på eller bittelitt over utløpsdato. Eg fann to biffar på ca. 100 g kvar, for lite til ein biffmiddag, men perfekt til ein biffsalat. I salaten putta eg også sopp, og soppen steikte eg i same panne som kjøtet, utan å vaske panna i mellom. Det gjorde at soppen fekk ein deilig kjøtsmak. Slik gjorde eg det: Biffsalat 200 g mørt biffkjøt 200 g sopp Litt timian 200 g blanda salat, eg brukte baby leaves Eit beger cherrytomat Ein avocado Eit beger …

Festmat i mai

I mai kjem festdagane tett som hagl, og spekemat og grilling har lett for å gå igjen på menyen.  Men det er kjekt med nye rettar på festbordet, og her kjem ein dose inspirasjon frå meg. Desse rettane er enkle, ikkje så dyre og med spennande smak. I dag får du oppskrift på kyllingfilet med salat og saltbakte poteter. Kyllingen kuttar eg i strimlar, og så steiker eg den og serverer med ein sterk og søt mangosaus. Har du det travelt kan du bruke vanleg søt chilisaus på flaske, som du finn i butikken. Steiker du kyllingen i olje er denne retten også mjølke- og glutenfri. Slik gjer du det: Kyllingfilet med sterk mangosaus Mangosaus: 3 dl eple- og mangojuice Raud chili etter smak 1-2 ts maisenna 2 ss vatn Salt og peppar Kok opp juicen, og skum av. Ha i finhakka chili, og la det koke litt. Det er best å byrje med litt chili, og så heller ha i litt meir om du syns sausen treng meir punch. Rør ut maisennamjøl i vatnet, …

Parisisk salat

Ikkje eit vondt ord om norske grønsaker, men utvalet, kvaliteten og prisane på alt grønt i Paris er fantastisk. Sommarferien og eit boligbytte med ein fransk familie gjorde at vi hamna i 20. arrondissement, altså ein av dei austlege bydelane i Paris. I kvar ende av gata vi budde i er det stor grønsaksmarknad to dagar i veka. Der kan ein handle inn alt ein treng av frukt og grønsaker til resten av veka. Slikt inspirerer meg til å lage store salatar, som er perfekt å servere ein sval sommarkveld etter ein varm dag. Gryterettar og gratengar er ikkje tingen no. Ei anna glede ved å vere i Paris er bakverket. Dei klassiske baguettane vert borne heim to gongar for dag, ein til lunch og ein til middag. Heldigvis har dei lært seg å lage Pain Complet, altså noko som minner om grovbrød, som vi kan få til frukost. Men til middagen høyrer det liksom med å servere ein deilig, lang baguett. Barna og eg filosoferte over kor mange baguettar som vert bakt i Frankrike …

Heimelaga rekesalat til frukost?

Heimelaga rekesalat er kjempegodt, og fint å ta med til ein 17. mai-frukost eller brunchbuffet. Denne er så rask å lage at du like gjerne kan lage den om morgonen når du skal servere den. Skal du avgarde tidleg kan du for eksempel hakke ferdig løk og reddikar, og så blande alt saman rett før servering. Grunnen til det er at det er løk i den, og det gjer at den fort vert øydelagd. Fersk smakar den nydeleg. Slik gjer du det: Heimelaga rekesalat 200 g reker 2 ss majones 2 ss yoghurt 4 reddikar 2 ss finhakka løk (kan byttast ut med vårløk, grasløk eller toppløk) Salt og peppar Skjer stilkfestet bort på reddikane, og finhakk dei. Brukar du reker i lake, så la dei renne av godt, og skyll dei gjerne forsiktig og. Dei kan bli i overkant syrlege. Bland saman majones, yoghurt, reddikar og finhakka løk. Vend inn rekene, og smak til med salt og peppar. Har du urter så kan du godt finhakke litt og blande i. Både persille, grasløk og dill …