All posts tagged: eple

Haustdessert – eplekompott

Her i byen er det snille folk som plukkar epla sine, og så heng dei posar med eple over gjerdet, til dei som ikkje har epletre. Det er reint så ein får tilbake trua på det gode i oss menneske. Har du eple, så rens dei, og kok ein lekker eplekompott til dessert. Med litt kanel og piska krem på er det ei deilig avslutning på eit godt måltid. Då eg vaks opp fekk vi rett som det var dessert. Det er ikkje så vanleg lenger, men det er eit lite lyspunkt i dagen å få ei lita, søt avslutning på måltidet. Vi hadde besøk av nokre franske jenter for eit par år sidan, og då den eine skulle dekke på bordet la ho på dessertskeier til lunsj. Eg vart overraska, og hadde ingen dessert på lur. Då skulle eg ha laga eplekompott, det går veldig fort, og er veldig enkelt. Eplekompott 1 kg eple 1,5 dl vatn 2 dl sukker Ei kanelstang Kremfløte til servering Skrell epla, del dei i to, og fjern kjernehuset. …

Fruktcrumble – og litt matøkonomi

På bursdagsfesten til sekstenåringen serverte eg ein fruktcrumble som eg lagde med dei fruktene eg hadde i huset. Eg hadde eple, plommer og mango, og det vart ein fin balanse mellom aromatiske eple, syrlege plommer og den søte mangoen som heldt på å bli overmoden. Toppingen på ein crumble (eller smuldrepai) må vere god, elles vert den kjedeleg. Det finst mange variantar av denne, og på søndag lagde eg heilt min eigen. Eg har tidlegare fortalt om kor glad eg har blitt i brødbakemaskinen vår. Ulempa med ein brødbakemaskin er at med kvar omgong brød vert det ein liten del som er litt “ukurant”. Det er den delen av brødet som sit der kniven hamnar. Der kniven sit når brødet er ferdig vert nemleg ei lita hole i brødet, og akkurat rundt der er det ikkje så lett å skjere fine skiver. Min kjære kom opp med idéen om at ein kunne lage brødterningar av dette. Det går fint å lage krutongar av slike restar. Men hans forslag var meir spennande. Han hadde vakse opp …