All posts tagged: svineknoke

Lapskaus på gamlemåten

Det finst mange måtar å lage lapskaus på, og då tenker eg ikkje på å opne ein boks.  Min lettvinte metode er med bacon, kanskje til og med ferdig kutta i terning, som eg fresar i gryta, før eg heller på buljong og lapskausgrønsaker, og lar det koke i tjue minutt. Det er ein kjapp og enkel kvardagsmiddag, som ein som tidleg som råd er bør lære ungane å lage, slik at ein kan delegere middagen nokre dagar i veka.  Når ein brukar gamlemåten, som eg har gjort i dag, så byrjar ein med svineknokar. Finn eg salta svineknokar, eller kanskje aller helst salta og røykte, så kjøper eg dei på flekken, og byrjar allereie å gle meg over lapskausgryta som ventar.  Gamlemåten medfører og at ting tek tid. Ikkje nødvendigvis tid brukt framfor kjøkkenbenken eller komfyren, men du kan ikkje byrje tjue minutt før maten skal stå på bordet. Knokane er den første utfordringa. Slikt kjøt er ikkje spesielt mørt, så det må koke lenge. Eg set knokane på kok kvelden før lapskausen skal …