All posts tagged: syrisk mat

Tre salatar og ein kebab


Kva er ein salat? Vi som vaks opp på syttitalet fekk servert hakka kinakål med tomat og agurk, utpå åttitalet vart den friska opp med litt mais frå boks. Men ein salat kan vere så mykje meir enn det. Bestemødrene våre laga råkost til fisken, waldorfsalat og potetsalat, for ikkje å snakke om italiensk salat, som mest vart brukt som pålegg. I ettertid har vi forstått at den liknar ganske mykje på amerikansk coleslaw. Svenskane har sin fantastisk gode kålsalat til pizza, og sildesalat, som eg må innrømme at eg kan styre meg for. Etter som vi har blitt meir verdsvande har vi reist, og fått servert cæsarsalat, salat nicoise, italiensk caprese og gresk salat med fetaost og tomatar. Sidan eg byrja å lære meg meir om kjøkenet i midt-austen, har eg blitt meir og meir glad i tabouleh. Tabouleh er ein finhakka salat med tomat, agurk, bladpersille og bulgur eller couscous. Den finst i like mange variantar som det finst kokkar, og diskusjonen går ofte på kor mykje urter og kor mykje gryn ein …

Fatteh med kikerter


Som eg har nemnt tidlegare, så har eg fått ein forkjærleik for mat frå Midt-austen i det siste. Eg går ut frå at du allereie har testa ut den syriske tacoen eg la ut i forrige veke, og her kjem ein vegetarisk variant. Denne er veldig enkel, men her kan du leike deg med dei grønsakene og belgfruktene du har i huset. Prøv den til dømes med mjuksteikt gyllen løk, squash og aubergine. Eg laga den heilt enkel, og det er også veldig godt og mettande. Det er noko med smaken av tahini og kikerter, den gjer meg berre lykkeleg. Ha ein fin laurdag! Fatteh med kikerter To store libabrød eller fire små pitabrød Olje til pensling viss du vil   Tahinidressing: 1 dl tahini 4 dl naturell yoghurt Eit finhakka kvitløksfedd 1 ts sukker Salt, peppar og sitronsaft   Ein boks kikerter ½ ts røykt paprika ½ ts vanleg malt paprika ½ ts svart peppar ½ ts salt 1 ss olivenolje Mynte og/eller bladpersille til dryss Pensle brøda med olje, og legg dei på …

Mat frå Syria


Flyktningar frå Syria kjem til oss på flukt frå krig og naud. Kva har dei i bagasjen? Mellom sorg og smerte finn du og ein heilt fantastisk matkultur, som det er vel verd å bli kjend med. Syria er arnestaden for det gode kjøkkenet i aust-middelhavet. Her finn du ein eksplosjon av smakar, gode råvarer og ein heilt spesiell måte å krydre og smake til maten på. Finn deg ein syrisk ven, så vil du lære masse om dette, og bli kjent med dette folkeslaget som lever for å ete godt og saman med andre. Syrisk mat har mange kjenneteikn. Bruken av krydder er allereie nemnt, i tillegg er dei flinke til å kombinere frukt eller safta av frukt med kjøt og fisk. Sitrusfrukter i alle variantar set smak på både hovudrettar, tilbehør og dessertar. Kvitløk er eit veldig viktig element, og blir brukt i praktisk talt all salt mat. Nøtter og pinjekjerner er også mykje brukt. Denne dressingen med sitron og kvitløk vert mykje brukt til kyllingrettar og til fisk. Den er ei skikkeleg …