Månad: januar 2009

Kva gjer ein på ein laurdag i Oslo?


-Då kan ein til dømes gå på bokmarknad på Ila skole på St.Hanshaugen! Ila skoles musikkorps arrangerer bokmarknad med bøker, teikneseriar, CD-ar, vinyl og plakatar. I kaféen serverer vi deilige muffins pynta med bladgull, bakte poteter, varmande supper, vafler og pølser. Lotteri trur eg jammen også det blir, for dei risikovillige. Vi har akkurat fått 200 kasser med bøker frå ein stad på vestkanten av byen, så sjansane for å gjere eit kupp er STORE!  Står du i kø på IKEA eller har andre forpliktelsar har vi til og med ope på søndag. Opningstider: Laurdag: 10-16, søndag: 12-16. Adresse: Fougstads gate 10 Jeg har forresten <a href=»http://bloggurat.net/minblogg/registrere/009b7d598333a7719bd7d2152807dffd7524cc7a»>presentert bloggen min</a> på Bloggurat. Jeg har plassert min blogg i <a href=»http://bloggurat.net/kart/registrere/8374/oslo»>Oslo</a&gt; på <a href=»http://bloggurat.net/kart/»>norske bloggkart</a>!

Barne-tv


Stevie Wonder har ein god dag på jobben. Ray Parker Jr. på gitar. Bernard Manning på trompet. Ungane rockar, og er nok ikkje heilt klare over kva dei er med på. Fantastisk! Eg klarer ikkje å sjå denne energibomba av ein video utan å glise breitt.

I pose og sekk


Kvar gong vener og kjente får auge på noko som kan minne om posesuppe eller –saus i mitt kjøken møter eg forundra blikk. Det forstår eg godt, eg har jobba hardt for å halde på matproffmaska, og då er i prinsippet alt som heiter halvfabrikata bannlyst, kanskje med unntak av hermetiske tomatar. I kampen om tida er alt lov, og eg  hevdar min rett til å ty til toro og knorr og liknande når det passar meg! Før trakka eg dei tomme posane djupt ned i søpla i skam, og lot som om eg hadde funne på alt sjølv. Men i lengda er det enklast å vere ærleg, og stå for at ein ikkje alltid treng å ha kokt kraftbeina sjølv. Likevel skiljer eg for min eigen del mellom tøyseposar og ordentlege posar. Lasagne på pose, til dømes, syns eg er tøysete. lasagne tek lang tid å lage uansett, og kvit saus på pose er vekkasta papir og pengar så lenge ein huskar skulekjøkenoppskrifta på saus. Det same syns eg om pizzadeig på pose. Lag …

Jansons baconfristelse


Å, det var godt å få januar-lønna, men den går oppsiktsvekkande fort ut att når rekningane har hopa seg opp etter juleutskeiingane. Eg har fabla om å lage ei bok med oppskrifter på mat som ikkje kostar så mykje, som ein kan ty til når kontoen er skrapa og ein likevel må ha middag på bordet kvar dag. Billig mat kan vere så mangt, eg har flasker med eksotiske sausar og krydder ståande. Det er god økonomi, for då kan eg løfte ein rett sjølv om den består av enkle ingrediensar. Eit anna stikkord for billig mat er at ein må planlegge både handlinga og matlaginga. For ein gjennomsnittsfamilie lønner det seg å kjøpe store pakningar, og du kan og  planlegge restemat, ved å lage ein rett ein dag og følge opp med ein restebasert middag dagen etter. Eg brukar mykje bacon. Det er billig kjøtt, samstundes som det røykte kjøtet gjev mykje smak i ein rett. Men styr unna dyr, ferdigkutta bacon. Eg brukar ofte baconavskjer, det er store bitar med reint kjøtt som …

Når du kjem til Oslo…


bør du gå ein tur gjennom Torggata, Grønlandsleiret og Tøyengata. Vietnamesiske, tyrkiske og afrikanske restaurantar og butikkar ligg side om side, og inspirerer til nye, uventa matopplevingar. Er du svolten, kan du gå inn på eit tyrkisk gatekjøkken, og be om falafel i pita. Falafel er ein slags kjøtbollar utan kjøt, som er lagd av kikerter. Retten er typisk arabisk fastfood, langt betre enn hamburger, spør du meg. Falafel vert gjerne servert i pitabrød med hummus og ein god chilisaus til, og smakar kjempegodt når du har vore på shopping og treng noko sunt og næringsrikt raskt. Som med mykje anna god mat kan falafel lagast både raskt og meir tidkrevande. Tida som går med og kvaliteten heng ofte saman, men har ein lite tid er lettvint-falafel kjempegodt. Då kjøper du ganske enkelt ein eller to pakkar falafelmiks, rører det ut med vatn og formar til små ballar. Desse friterer du i varm olje, og serverer med pitabrød og det som elles høyrer med. Friteringa gjer at dette ikkje går inn i Grete Roede sitt …

O lykke!


Gå inn på www.royksopp.com, og klikk på Happy up here.  Høyr den deilige knirkande lyden inni der, som høyrest ut som ei dør som opnar seg, men så er den brått ein del av det melodiske forløpet, og dreg deg inn i musikken. Bra!

Dei beste pannekakene


Her i huset har vi ein liten diskusjon om pannekakene. Eg likar dei tynne, lette, litt søtlege og med ei god klype salt i røra. Slik får eg dei berre viss eg lagar dei sjølv. Han eg delar kjøkken med vil ha dei tjukke, han syns det er unødvendig med salt i røra og han steiker dei i store mengder margarin. Han om det, slik gjer eg det: Pannekaker 2 egg 3 ss sukker ½ ts salt 3 dl kveitemjøl 5 dl mjølk 2 ss smelta smør, eller flytande bremykt Knekk egga i ein bolle, og rør inn sukkeret og saltet. Ha i ei spiseskei mjøl, så litt mjølk og rør glatt, så ei skei mjøl til og litt meir mjølk. Slik held du på til du er tom for både mjøl og mjølk. La røra stå litt. Ha i det smelta smøret like før du skal til å steike. Steik pannekakene pent brune med ein liten klatt smør for kvar pannekake. Eg likar pannekaker med sukker og sitron, og drysser ei lita teskei sukker …

Vil du gjere eit barn lykkeleg?


Nokre av mine oppskrifter er skrivne for barn. Eg har halde matkurs for barn, og har også hatt ein del oppskrifter for barn i matspalta eg skriv. Gode matoppskrifter for barn skil seg ikkje så veldig frå ”vaksenoppskrifter”, men eg brukar å vere litt meir konkret i barneoppskriftene mine, ikkje gje så mange valg og alternativ som i dei vanlege. Dessutan brukar eg punktrekker for å beskrive dei ulike operasjonane. Det gjer det enklare å gjere ting i rett rekkefølge. Det kan vere enklare å huske kva punkt du er på enn å måtte lese igjennom heile teksten for å prøve å huske kor langt du har kome. Mitt første møte med matlaging skjedde då eg gjekk i tredje klasse, og eg fekk ei ny tante som eg likte kjempegodt.  Ho var læraren til bror min, og ho var den kulaste dama eg nokon gong hadde møtt. Ho var pen, ho song i kor og ho var (og er) alltid blid og smilande. Så skjedde det store under over alle under, at ho gjekk på …

Striskjorte?


Striskjorte og havrelefse er berre eit ordtak. Vi er så rike at sjølv til kvardags et vi kostbar mat. I går lagde eg ein skikkeleg søndagsmiddag, ei oksesteik. Den beste steika er den som er datostempla like før du skal ete den. Ikkje ta ei steik som går ut på dato om tre veker, då er den garantert seig som skosålar. Eg steiker kjøtet lenge på låg temperatur, slik at den vert mør, og held godt på den gode kjøtsafta. Så bryt eg eit av mine matprinsipp og serverer asparges til. Ja, eg veit at ein skal ikkje ete mat som har reist langt, og eg veit at asparges på denne tida kjem frå Peru. Men når dei ligg der i hyllene og freistar meg, er det av og til vanskeleg å stå imot. Og sunt er det og, det er mi viktigaste unnskyldning. Ungane får kokte gulrøter til. Dei et ikkje asparges, og vi andre syng ”då blir det meir på oss”-sangen, fritt etter Knutsen og Ludvigsen. Det er lov med dessert og, i …

Nytt år, nye sjansar


Jula er over, og med den alle pliktselskapa, du veit desse som er på same dag kvart år, der dei same menneska møtest som dei gjorde i fjor. Det opnar for nye festar, for festar med dei du møter fordi du vil, ikkje fordi du må. Eigentleg er desse festane dei beste, dei har noko spennande og uventa over seg. Så gå inn i det nye året med friskt mot, ståande invitasjonar og nye oppskrifter på enkel og god mat som gir deg tid til å vere vertskap, ikkje kokk. Eg fekk ei strålande julegåve, ei kjøtskjeremaskin! Det er fint med dei tinga du ikkje visste at du ynskte deg, men som nokon i nærleiken har forstått at du kunne ha glede av. Vi kjøpte heil salami, og skar av hjartans lyst. Strandamóren har aldri blitt skoren så tynt og fint som denne jula, og jammen fekk ikkje maskina prøvd seg på ein ekte italiensk forrett; carpaccio. Så kva er carpaccio? Rått oksekjøt, skore i tynne, tynne skiver, overdryssa med rista pinjekjerner, ruccolasalat og ein …