Ferie, Lykke, Reise
Comments 6

Pakkepakkepakke…

No pakkar vi til Danmarksturen, og sjølv om vi byttar hus, og slepp å ta med så mykje, så blir det likevel ein del som må med. Å tenke igjennom kva ein treng, kva ein kan vente er der og kva ein må ta med sjølv er viktig. Vi skal til det huset byttefamilien vår bur i til dagleg, og då er det sjølvsagt betre utstyrt enn om det er ei hytte.

Likevel har eg nokre småtteri eg alltid tek med meg. Knivane mine til dømes, blir alltid med. Eg tek også med meg vår eigen boksopnar og potetskrellar, erfaringsvis kan kvaliteten variere veldig på slikt utstyr. Litt te og kaffe til å ha undervegs er deilig, bensinstasjonkaffe er ikkje noko særleg, ifølge han eg reiser med. Vi smører nokre wraps i morgon tidleg, og pakkar nokre yoghurtar i korga. IKEA-koppar i plast og skeier blir også med. 

img_5568Slik ser korga ut: Teposar til mor, cappuchinoposar til far. Nokre søte sjokoladeegg får bli med på tur, saman med husets urtesalt og granskuddgeléen frå svigers. Den kan vi sikkert få bruk for til ein spennande paté eller ein stinkande, deilig ost. Singbulli-te frå Palais de Thé til å drikke når vi kjem fram, og vanleg Earl Grey. Vaniljesukkerboksen min er det att eitt par spiseskeier i, eg tek den med og brukar den til dei første godsakene. Så kjøper eg ein ny med heim.

Nei, eg tek ikkje med vin til Danmark. Flaska inneheld kvit gløggekstrakt, som vi skal kose oss med etter ein lang tur i blæsten. Under urtesaltet og granskuddgeléen, knapt synleg, ligg det ein boks med nysteikte krumkaker frå Målselv. Dei skal få reise endå lengre enn til Oslo. Då står det berre att å ynskje seg sjølv ein god tur, vi gler oss. 🙂

This entry was posted in: Ferie, Lykke, Reise

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

6 Comments

  1. Javisst blir med som fotograf jeg ;0))) Men da må det shoppes lakris , masse lakris 😉 Eller vin med fyldig lakrissmak duger det og !

    Vel, god tur kos deg masse! Her er unga sendt til fjells, mens jeg og min mann er på jobb et par dager til før vi reiser etter.

    God tur, nyt ferien!

  2. Hva slags vaniljesukker kjøper du med hjem? Er det vanilje eller vanillin?

    (Jeg har gått over til å lage mitt eget vanlijesukker. En vaniljestang får «second life» når den kjøres i food-prosessor sammen med sukker (gjerne Tate & Lyle ekstra finkornet rørsukker), etter at den først har vært med i en eller annen rett for å gi god smak. Da blir det vanilje, og ikke vanillin. Vanillin (som Freia «vaniljesukker» er basert på) er et celluloseprodukt som ikke har noe med ordentlig vanilje å gjøre.

  3. Specialkøbmanden i København har vaniljesukker av ekte vanilje, som eg brukar ta med meg når eg er der. (Og dit skal eg i morgon. :D) Tørsleffs vaniljesukker (boksen du ser på bildet) er lagd av ekte vanilje, og din metode (også kalt Jamie-metoden) fungerer også strålande. Eg er også glad i Tate&Lyle.

  4. Det er en stund siden sist jeg var i København. Men jeg stikker også alltid innom Specialkøbmanden nå jeg er der. Det er en aldeles utmerket butikk!

Leave a Reply