Allergi, Billig mat, Mat, Middag
Comments 3

Påskerestar


Etter påska ligg det ofte att restar som ein ikkje har konsumert i løpet av ferieveka. I mi familie var det vanleg å kjøpe inn ei kasse med appelsinar, og den vart frakta på scooter (saman med ein heil del annan mat) attpå Lesjafjellet for å nytast på dei ikkje alltid så lange påsketurane. Når påska var over bar det ned att med appelsinane, og då var lysta på dei noko redusert.

Jammen fann eg ikkje ei skål med lett innskrumpa appelsinar i stova her om dagen. Kva brukar ein dei til når påsketurane er ferdige, og hagearbeidet lokkar meir enn fjellet? Dei er som regel søte og gode akkurat før dei vandrar heden ved å implodere eller mugne i stovetemperaturen.

Her får du eit forslag til korleis du kan lage ein nydeleg, gyllen kyllingrett av appelsinane, dei treng ikkje alltid vere til dessert, veit du! Oppskrifta er til fire personar, men kan lett delast eller gangast opp. Slik gjer du det:

gul-gryte1Gul kyllinggryte

2 appelsinar

200 g kyllingfilet per person

1/2 dl salt soyasaus (Kikkoman eller liknande)

2 dl buljong (vatn pluss 1/2 terning)

1 ts garam masala

1 ts gurkemeie

1 løk

2 gulrøtter

Grøne sukkererter eller aspargesbønner

Minimais viss du har

Litt maisennamjøl oppløyst i vatn

Olje eller smør til å steike i

skalBegynn med appelsinane. Skjer av topp og botn med ein liten skarp kniv. Skjer skalet av ved å kutte ned rett på innsida av kjøtet, slik at alt det kvite vert skore vekk. Skjer ut filetane ein og ein. Kryst safta som er att i appelsin-restane i ei skål.

batarBland krydderet og soyasausen i safta, og hell blandinga i ein plastpose. Dei fleste kyllingfiletar har ein indrefilet, den vesle kjøtbiten som ligg på undersida av den store brystfileten. Skjer denne av, den treng mykje kortare steiketid enn sjølve fileten, og kan steikast til slutt. Legg kyllingfiletane i posen, og la dei marinere medan du gjer klar grønsakene.

Skrell og skjer løken i båtar, skjer gulrøttene i fine strimlar, og snitt sukkerertene på skrå. Gulrøtter og erter kan og byttast ut med ei god, frossen grønsaksblanding, eg brukte ei selskapsblanding med mais gulrøtter og bønner for å gjere det lettvint. Bruk ei gryte og ei steikepanne. Surr grønsakene i steikepanna i nokre minutt i olje eller smør til dei er så vidt møre. Ha dei over i gryta. Sett risen på koking.

Har du rikeleg med kyllingfilet kan du steike den i heile stykke, viss du er usikker på om du har nok er det meir økonomisk å skjere den i tynne skiver, og supplere med meir grønsaker og ris. Steik kyllingen på middels sterk varme i steikepanna. Appelsinmarinaden inneheld ein del sukker, og det svir seg lett viss du fresar på med full styrke. Ta ut filetane, og kok ut panna med buljongen og marinaden slik at du får med den gode smaken frå kyllingen. Sil krafta over i gryta, det blir alltid med litt proteinstoff frå kyllingen, det levrar seg og vert udelikat viss du ikkje siler det frå.

 Når kyllingen er så vidt gjennomsteikt har du det over i gryta saman med grønsakene. Grønsakene kan du variere etter kva du har i kjøleskapet. Legg i appelsinfiletane til slutt, slik at dei berre akkurat vert gjennomvarme. Smak til om det trengst meir salt og peppar, og ha eventuelt i litt maisenna utrørt i vatn for å tjukne sausen litt. Eitt par teskeier er nok. Ta i litt og litt. Med maisennajamning ser du resultatet med ein gong, og det kan fort bli for mykje.

Eg brukar basmatiris til denne kyllinggryta. Basmatiris er billeg, du får den i alle innvandrarforretningar, den luktar fantastisk og kokar raskt. 12 minutt er nok, langt raskare enn poteter!

Viss du skal vere skikkeleg avansert kan du lage pilaffris, ein deilig vri på vanleg, kjedeleg kvardagsris. Fres ein finhakka løk, små eller finhakka rosiner og knuste kardemommefrø i smør eller olje i nokre minutt før du slår over kokevatnet. Ein buljongterning er og på sin plass, i staden for det vanlege saltet. Når vatnet kokar går risen i som vanleg. Etter at risen er kokt, vender du forsiktig inn ein neve cashewnøtter, og så er det berre å kose seg!

This entry was posted in: Allergi, Billig mat, Mat, Middag

av

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

3 Comments

  1. Det så godt ut, det skal jeg sannelig forsøke i kveld! Med pilaffris.
    Påskeappelsinene våre er forlengst oppspist, men det er da ingen skam å kjøpe nye?

    Likar

  2. sol says

    å, så godt & vi har også igjen nektariner! Dette blir middagen i kveld.. 🙂
    God helg!

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s