Grønt
Comment 1

i hagen min

 

img_6241Eg tok nokre bilde her om dagen, og vart så fornøgd at eg må poste dei her.

Her ser du to flotte kvite og purpurfarga kuleprimulaer, eller mikrofonblomster som datra mi brukte å kalle dei då ho var lita.

Den vesle søtingen i same bildet er ein fylt raudveis – ein sjeldan blome som eg har fått av ei god hagevenninne.

Rundt omkring dei veks det ei skuggesildre som kjem til å breie seg utover og fylle bedet når dei to andre er ferdigblomstra.

img_62421Her er vårdronninga i bedet mitt, ei burgunder julerose som kombinerer nakkekneising med blygt nedslått blikk. Ikkje så vanleg i menneskeverda, men blant plantane kan altså dei to livsinnstillingane kombinerast.

Rundt tærne har ho nokre iris og ein heuchera, og ein geranium bak og til høgre.

img_6249Desse hyllene frå IKEA er perfekte til blomar utandørs, dei er i metall og er svartlakkerte så dei gjer ikkje så mykje av seg. Dei fyller perfekt opp rommet mellom sykkelstativet, inngangsdøra, veggen og aspargesbedet.

Dei har perforerte hyller, så det er uproblematisk å vatne på dei. På hyllene har eg fiolar, to ranunklar, ein timian og nokre potter med løk som held på å kome opp.

 

This entry was posted in: Grønt

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

1 Comment

  1. sol says

    Å, så fint! spesielt primulaene! Eg gleder meg til primulaene i primulabedet på Ringve her i Trondheim begynner å blomstre og spre duft! 🙂

    Sonen min skal ha konfirmasjonselskapet sitt på lørdag, og eg det begynner å haste å tenke ut korleis bordet skal sjå ut! ikkje minst når det gjeld blomar

Leave a Reply to sol Cancel reply