Duft
Comments 18

Det er ein første gong for alt…

I dag har eg for første gong i mitt liv gått inn i ein butikk og spurt: Du, har dokke slike boksar til å ha ammunisjon i? Ja, svarte mannen bak disken, og tok meg med til ammunisjonsbokshylla. Kva kaliber skal det vere då? spurte han. Eg anar ikkje, svarte eg, eg må sjå på dei først.

highresimageDer fann eg den mest perfekte oppbevarings-dingsen for parfymeprøver eg har sett nokon gong, så eg kjøpte klokeleg tre.

Mannen hadde tydelegvis greie på det han heldt på med, og fekk kanskje på eit eller anna tidspunkt kjensla av at det hadde ikkje eg.

Er du sikker på at dette er rett kaliber, spurde han då vi sto ved kassa, og eg skulle betale. Eg gir beng i kaliberet, eg skal ha den til å ha parfymeprøver i, sa eg. Det var nok første gong for han og, fekk eg inntrykk av, å selje ammunisjonsboksar til parfyme.

I desse fine boksane skal altså alle småprøvene mine få plass, sortert etter parfymehus, sesong eller notar, eg har ikkje bestemt meg enno.

Frankford Arsenal heiter vidunderet, til rifleammunisjon av kaliber 243 til 308. 39 kroner per boks var akkurat passe pris, syns eg. Jammen er vi lette å glede, vi damene! 😀

This entry was posted in: Duft

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

18 Comments

  1. Wow – tusen takk for tipset! Dette var jammen lurt! Og mykje deilig, deilig, deilig i Smp i dag!!! Mykje av dette må nok prøvast, ja!

  2. PS! Det er vel kanskje ikkje å forvente at dei har desse boksene i rosa, trur du…??? He, he…. Det hadde tatt seg ut på jakt!!! Trur kanskje ammunisjonsboksfabrikantane kunne finne ei ny nisje her! Rosa ammunisjonsbokser til parfymeprøver!

    Men ang. parfymeprøver: får du lett tak i slike prøver? Som sagt bur eg på Sunnmøre og her trur eg dei er litt hekne på prøvene. Dersom eg spør etter det, får eg ofte til svar at dei berre deler ut til dei som skal kjøpe. Men kor i alle dagar skal eg kunne kjøpe om eg ikkje får prøve fyrst???

  3. Tove: Av og til får ein kjensla av at parfymedamene gjev prøvene av si eiga lomme, så redde er dei for å skilje seg med dei. Eg har skrive om dette før her: http://altgodt.wordpress.com/2009/02/15/a-pr%c3%b8ve-og-a-fa-pr%c3%b8ve/

    Turbolotte: Eg tenkte på kva som er langt og smalt og som må oppbevarast. Eg tenkte lenge på reagensrørstativ, men dei er ofte så store. Bipbap og eg diskuterte ammunisjonsboksar, og kom til at det måtte vere lurt. 😉

    HildeG: Rosa hadde vore hysterisk morsomt! Då hadde trettenåringen min og ville hatt!

  4. Den så helt super ut 😀
    Det var nok lurt å kjøpe i butikk isteden for nett, siden det ikke er så lett for oss damer å forstå hvilken kaliber vi trenger .. 😉

  5. Weeeee! var du der det var stengt i går? Musthave 😀
    Fikk du tak i det du egentlig var på jakt etter også?

  6. BÅ: Ja, det var der, men dei hadde ikkje bålfat, så det vart ei Jamie-steikepanne i staden. Men takk for hjelpa, utan deg hadde eg ikkje funne ammunisjonsboksane! 😀

  7. You’re my hero! Jeg er ikke parfymefreak men elsker alternative innfallsvinkler til praktiske ting… Innertier, selv uten ammo altsaa!

  8. Pingback: Dagens duft: Prada « Hagen på Hytta

  9. I Grimstad… Men i kjellaren på XXL i Storgata meinte dei at dei skulle få dei inn snart.

  10. Kjem du til Oslo Mekaniske? Eg skal innom XXL først, og kan ta med til deg. 😀

  11. Hmmm, det var jo et fristende tilbud… Men jeg er ikke så veldig tidlig ferdig på jobb… Hvor lenge har du tenkt å bli værende der?

  12. Eg har sagt til dei heime at eg er heime ca. 19, så eg må dra kvart på sju. Det er jo ikkje sikkert at dei har, men viss dei har kan eg ta med eitt par boksar til deg.

  13. Ok, jeg bør vel kunne klare å komme meg dit til kl 18. Og jeg tror det holder med én boks. Har bare åtte små prøver foreløpig, og selv om det skulle bli flere med tida, så holder det nok fortsatt med en liten boks. Prøvene er alle sammen av liten størrelse (ca 5-6 mm i diameter og 3-4 cm i lengde?), så det passer kanskje til småviltammunisjon? 😀

Leave a Reply