Allergi, Billig mat, Tilbehør, Veggis
Leave a Comment

To enkle tilbehør

Er det ikkje ofte der det strandar med kreativiteten, når ein kjem til tilbehøret? Som regel vert det ein salat med issalat, litt ruccola, sherrytomatar og fetaost, til nød litt sukkererter. Ingenting gale med ein slik salat, men det er mange andre variantar som er meir spennande og som skaper variasjon på bordet. 

Eg hadde ein stor fest i hagen på torsdag, etter at det hadde regna frå seg, og nokre av dei oppskriftene dokke har fått dei siste dagane er derfrå.  Gnocchiane, torsken og capunataen vart spist opp av mine trivelege kollegaer. I tillegg fekk dei honningmarinert kylling med salvie, som eg kjem til å skrive om seinare i veka.

I dag skal du få oppskrifta på dei to tilbehøra (i tillegg til capunataen), aspargesbønner i vinaigrette og honningbakte tomatar. Oppskriftene er for ti personar med eit anna grønsakstilbehør. Slik gjorde eg det:

IMG_7564Aspargesbønner i vinaigrette

500 g aspargesbønner

1 dl kvitvinseddik

½ ts urtesalt

1 ts sukker

1 ts sennep

2 dl olje

To eggekviter

Rens bønnene, og kok dei i tre-fire minutt. Legg dei raskt i kaldt vatn og så på fat.

Bland saman alle vinaigretteingrediensane i ein høg bolle, og køyr den glatt med stavmiksar. Smak den til. Slå vinaigretten over bønnene og server. Eggekvitene i dressingen gjer at den emulgerer, og vert stabil. Oljen og eddiken skiljer seg altså ikkje slik som ein vanleg vinaigrette.

Hos meg hadde vi så mange ting å lage til at bønnene vart kokte eitt par timar før dei skulle serverast. For å bli litt lunkne fekk bønnene ein rask tur saman med litt smør i den store steikepanna vi hadde ute.

Dei honningbakte tomatane er så enkle å lage at det er nesten flaut. Men dei ser fantastiske ut, og smakar likedan, søte og aromatiske. Dei sto nederst i omnen saman med fisken og godgjorde seg. Slik gjorde eg det:

IMG_7557Honningbakte cherrytomatar

40 cherrytomatar

1 ts flaksalt

Litt hakka timian

3 ss olivenolje

2 ss honning

Sett omnen på 180 grader. Sett tomatane tett i tett i ei eldfast form. Strø over urtesalt, og ringle over olivenolje og honning. Bak tomatane i omnen på 180 grader i 20-25 minutt.

Eg fann fine cherrytomatar på kvist, og kunne ikkje halde meg frå å legge dei i forma med kvisten på, det såg så lekkert ut. Det er ein smule upraktisk når ein skal forsyne seg, men ikkje verre enn at ein kan legge fram ei saks for å klippe dei av stilken.

Dette er eit fint kvardagstilbehør og, du kan også bake tomatane i porsjonsformer viss du har det.

 

This entry was posted in: Allergi, Billig mat, Tilbehør, Veggis

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

Leave a Reply