Når eg først har byrja klarer eg ikkje å stoppe. Her har du to deilige, greske tilbehør til, ein salat med sjampinjongar og artisjokkar, og ostefylte tomatar. Lag begge eller ein av dei, dei smakar begge himmelsk. Slik gjer du det:
Gresk sjampinjongsalat
600 g små sjampinjongar
Ein boks artisjokkhjarte
1 dl olivenolje
½ dl eplesidereddik
4 dl vatn
1 ss pepparkorn
2 ts salt
1 ss hakka, frisk timian
2 ss tomatpuré
2 laurbærblad
3 løkar
Saft og skal av ein sitron
Skyll og tørk sitronen. Riv av skalet med eit sestjern, og sett det til side. Press safta av sitronen, hakk løken og kok saman alle ingrediensane til laken i 5 minutt. Sil laken. Legg sjampinjongane i laken, og la dei koke i ti minutt. Fisk dei ut, kok opp laken på nytt og slå den over sjampinjongane. La det heile kolne. Skjer opp artisjokkhjarta i båtar, og fordel dei over sjampinjongane.
Fylte tomatar
12 bifftomatar
2 løkar
3 fedd kvitløk
300 g fetaost
150 g riven gul ost
150 g mozarella
100 g svarte oliven utan stein
1 dl strøkavring
4 ss kapers
Sett omnen på 200 grader. Kutt toppen av tomatane, og grav ut innmaten utan å skade sidene av tomaten. Sett dei opp ned på eit brett dekt med sugande papir. Hakk eller smuldre all osten i ein bolle. Finhakk olivenane, og bland dei i saman med kapers og strøkavring. Finhakk løken og kvitløken. Fres løken og kvitløken i olje. La det frese til løken er blank. Ta det av varmen, og vend det inn i ostemassen.
Så langt kan denne retten førebuast dagen før.
Ha ostemassen i tomatane, og sett dei på eit eldfast fat. Bak tomatane i omnen på 200 grader i 20 minutt.
Mmmmmm, så mykje god gresk mat! Eg skal lage nokre av desse rettane i helga…. gleder meg:-D Er veldig glad for å finne oppskrifter med alle slags grønnsaker etc. nå når kjøkkenhagen min stadig blir større.
Sjekk ut moussakaen min og, den smakar sååå godt, du finn oppskrifta her: http://altgodt.wordpress.com/2009/02/15/gresk-s%c3%b8ndag/
Flott!! Da blir det fylte tomater hos oss i dag 🙂
Husk at tomatoppskrifta er stor. Men det er ikkje verre enn at du kan fryse ostemasse som er til overs, og neste gong kan du t.d. fylle den i paprika, eller i uthula squash. Mmmm! 🙂
Takk for tipset, for det var en del ostemasse igjen 🙂
Stønn .. Jeg blir helt “dårlig” av all den deilige greske maten. Har du noen gang laget mmm .. de deilige .. mmmmmmmmm .. ostepaiene de har der nede? Det er litt forskjellige varianter – Frityrstekte med en slags mørdeig rundt, og jeg har fått noe som ser mer ut som vanlig pai, stekt i panne. Sukk .. sikle
Ågud, som du kan lage mat! Kommer gjerne og er din gjest :)) Flink, er du! Klem