Billig mat, Mat, Noko søtt, Tilbehør
Comments 3

Meir eplegreier


Dersom du lagar eplesaft av eple som ikkje er overmodne, har dei mykje naturleg pektin i seg, og egnar seg perfekt til gelé. Eg tok av ein liter saft då eg hadde den store safterunden, og lagde gelé av den. Ta frå safta til gelé før du tilset sukker, då vert det enklare å få rett balanse mellom sukker og  pektinet, stoffet som gjer at geléen stivnar. Slik lagar du eplegelé:

Eplegelé

1 liter usøta saft av eple

1 kg sukker

tre-fire kvastar mynte om du har

1 krm atamon

Bland sukkeret i safta medan du rører, og la safta koke friskt utan lok i nærare ti minutt. Ta ei spiseskei med saft på ein asjett, og la det danne seg ei hinne på geléen. Dra ei skei igjennom. Renn safta saman let du det koke eitt par-tre minutt til, renn den ikkje saman er geléen ferdig. Rør i atamon heilt til slutt, den skal ikkje koke. Sil frå mynta før du har geléen på glas som du fyller heilt opp.

mos gele og saft kopiEplegelé passar til mykje, men er spesielt godt til kjøt, omtrent som ein er van med å bruke tytebær. Lammesteik servert med eplegelé med myntesmak er ein sann nytelse! Saftar du rognebær og eple saman får du rognebærgelé, som eg har skrive om tidlegare.

Når du først er i siget, lagar du vel litt eplemos og? Det er mykje enklare enn saft og gelé, men stiller litt større krav til presisjon i rensinga. Eg mislikar sterkt å møte på frynser av kjernehus i eplemosen, så eg rensar epla veldig nøye.

Eg brukar eit melonkulejern til å ta ut kjernehuset med etter at eg har delt eplet i to, dei tradisjonelle utstikkarane syns eg ikkje gjer ein god nok jobb. Slik lagar du eplemos:

kulejern kopiEplemos

2 kg rensa eple i bitar

500-800 g sukker (avheng av kor syrlege epla er)

2 dl vatn

1 krm atamon

Kok eplebitane møre med vatn og sukker. Rør innimellom, men ikkje så hardt at epla blir heilt knuste. Det er godtd med litt tyggemotstand i mosen. Fyll mosen på kokte, varme glas. Fyll heilt opp, og set loket på. Oppbevar glasa mørkt og kjøleg.

Mosen kan og frysast, dropp i så fall atamon. Mosen er kjempegod på brødskiva, og ein garantert suksess som fyll til ein kveitekrans. Vil du lage den litt meir eksotisk, kan du krydre eplemosen med eitt par spiseskeier riven, fersk ingefær. Det gjev ein pikant smak, og skal vere sunt for mykje, mellom anna skal ingefær hjelpe mot kvalme og forkjølelse.

-Og så må eg berre ta med verdens beste eplekake. Den fyller ei stor langpanne, og kan delast i fire og frysast ned for å bidra med epleglede utpå vinteren. Slik lagar du ei saftig og god eplekake:

Saftig eplekake

100 g smør

4 egg

3 dl sukker

6 dl mjøl

3 ts bakepulver

2 dl mjølk

5 store, syrlige eple

1 dl sukker

1 ss kanel

Nokre tynne skiver smør

Smelt og avkjøl smøret. Visp egg og sukker til eggedosis. Bland mjølet med bakepulver, og vend det inn i eggedosisen. Rør inn det smelta smøret og mjølka. Hell røra i ei langpanne som du har smurt med smelta smør, og dryssa med semulegryn. Skrell epla, og skjer dei i tynne båtar. Dytt dei tett i tett ned i kaka, og dryss på kanel og sukker over. Legg du utover nokre ostehøvelskiver smør gjer det kaka endå betre.

Steik kaka på 175 grader i ca 35-40 minutt. Prøv å halde deg frå i skjere i kaka til den er iallfall lunken. Server med vaniljeis eller piska krem. Nam nam!

3 Comments

  1. Grattis med nytt kamera!!! Og epler ja, nå må jeg skjerpe meg her og tenke lage saft av gullet jeg har ute i hagen her men dagene er jo sååå travle og til helga blir det LONDON!!!

    men ja, saft.Jeg lover sista;) Hihi

    Likar

  2. Elisabeth says

    Nå er denne eplekaka også tried and tested – spontan kakebaking på jobb førte til lovprisninger fra kolleger og «kunder» i dag 🙂

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s