Billig mat, Mat, Noko søtt, Veggis
Comment 1

Eple-Betty

IMG_2660Eplebetty er ein dessert som ”meine Berliner Mutti” lærte meg å lage.

Eg har søkt litt, og funne ut at den opprinneleg er amerikansk. Kanskje kom den til Tyskland med dei amerikanske styrkane?

IMG_2647Uansett er dette ein enkel, billig og deilig dessert som ein kan lage av brød som har blitt liggande.

Bettyen vert best med brød med litt sødme, det er det einaste svensk limpa kan brukast til, til dømes. Eg brukte eit softkornbrød som låg att her, og det var perfekt.

IMG_2645Eplebetty

6 skiver brød, gjerne mørkt og søtleg

80 g smør

5 ss brunt sukker, muscovado eller liknande

3 eple

1 ts kanel

¼ ts muskat

¼ ts nellik

IMG_2650Skrell epla, fjern kjernehus og stilk, og skjer dei i skiver. Smelt ca. 30 g smør i botnen av ei eldfast form. Strø to spiseskeier brunt sukker i botnen. Legg epleskivene tett i tett i forma.

Skjer brødskivene i små terningar. Ha dei i ein bolle saman med resten av sukkeret og krydder. Vend dette godt rundt, slik at alt er blanda. Ha brødet oppå epleskivene. Dette kan godt leggast lag på lag, med eple, brød, eple og brød. Skjer resten av smøret i tynne skiver, og legg dei utover toppen. Bak forma under folie i 30 minutt, ta av folien dei siste ti minutta.

Server eplebetty med ei kule vaniljeis eller ein kremklatt.

This entry was posted in: Billig mat, Mat, Noko søtt, Veggis

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

1 Comment

Leave a Reply