Fest, Fredag, Lykke
Comments 3

Ein liten fest!

virrvarrI kveld har eg tenkt å gå ut i byen, nærare bestemt til M3 og feire Virrvarr sitt treårsjubileum som bloggar. Eg har aldri møtt Virrvarr sjølv, men eg kjenner svigermora hennar, som ser ut til å vere med i VM i svigermødring, allfall ifølge beskrivelsane til svigerdatra.

Uansett; eg gler meg! Det blir mitt første møte med bloggosfæren, viss vi held hagebloggarane utanom. Dei stiller liksom i ein eigen kategori i mi verd. Ha ei fin helg, alle saman, og kos dokke med god mat, store tekoppar og tente lys i vindauga.

This entry was posted in: Fest, Fredag, Lykke

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

3 Comments

  1. Du har en opplevelsesrik og god kveld foran deg.
    DET er jeg helt sikker på!
    Kos deg!

  2. Det var så fint å se deg! Jeg kommer til å bli fysisk avhengig av Gunda-klemmer etterhvert, I tell you!

  3. Eg har ein følelse av at dei liknar ganske mykje på virrvarrklemmar – dei luktar til og med godt! 😀

Leave a Reply