Kunst, Livet
Comment 1

Arne er død

Arne Nordheim døde i dag, 78 år gamal.

Arne var rabulisten, debattanten og nyskaparen. Vi som er vande med dagens slappe og uinspirerte kulturdebatt kan ikkje forestille oss korleis fillene fauk og temperamenta støtte mot einannan i dei debattane Arne var ein aktiv deltakar av.

Då eg møtte han hadde stormane stilna, og han var ein entusiastisk, energisk og snill (og ikkje så reint lite dameglad) aldrande mann. Han var alltid blid, og stilte opp når han vart beden og han likte formålet. Sjølv hadde eg gleda av at han tok ein telefon til ein kulturminister og fekk lirka ut ekstra pengar til eit prosjekt eg var med på, og det gjorde han med stor fryd. Han hadde ikkje personleg glede av pengane, men han elska å vere den som fekk ting til å skje.

I selskap var han ein elegant bordkavaler, alltid med vittige poeng og anekdoter frå det mangslungne livet han levde. Elegante Rannveig var alltid i nærleiken, og same kor dameglad han var så vandra han alltid heim til grotta deira arm i arm med henne.

Musikken hans var sjølvsagt utfordrande, men ikkje umogeleg å handtere. «Jeg skriver musikk som minner deg om noe du aldri har hørt før» har han ved fleire høve sagt, og det er sant. Konsertframføringar av musikken hans er alltid underhaldande, full av påhitt som han var. Det blir likevel vemodig å gå på konsert og høyre musikken hans utan at han er der sjølv, arm i arm med Rannveig, ærbødig, stolt og glad bukkande til publikum og utøvarane.

This entry was posted in: Kunst, Livet

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

1 Comment

  1. Du er heldig som har møtt denne legenden. Og det er et stort tap for kulturen vår at han ikke er her mer.

Leave a Reply to JakobCancel reply