Av og til skjer det, sjølv midt i byen, og det er som regel veldig hyggeleg. Ein gjest stig inn døra like før middagen skal lagast, og du står der med passe med mat til dei som var i huset frå før.
Eg er oppdregen med at gjestar skal ha mat uansett, så då gjeld det å vere ein luring. Vi hadde ferdigsteikte kyllingfiletar frå i går, og kyllingfilet er litt vanskeleg mat når ein serverer den heil. Ein er ofte for lite, iallfall for mannfolk og ungdommar i veksefasen, men to til alle blir litt voldsomt.
Trikset i slike tilfelle er å lage ekstra mykje saus og ris/poteter, og så servere kyllingen i bitar i sausen som ei gryte. Slik gjorde eg det:
Kyllinggryte til fire personar
Fem kyllingfiletar
5 dl buljong
1 pakke fløte eller creme fraiche
Ein raud løk
Ein stor squash
1 ts honning
Steik squashen i skiver, og legg den på fat med salt, peppar og litt sitronsaft krysta over.
Kok ris, kok opp 6 dl vatn og ha i salt, litt sitronsaft og 3 dl ris. Kok opp, rør rundt, legg på lok og la det koke på låg varme i 12 minutt.
Skjer kyllingfiletane i skiver. Steik dei fort i steikepanna du brukte til squashen. Slå på buljong. Kutt opp løken slik du vil ha den. Til vaksne kuttar eg i båtar, ungane mine et mest viss den er finhakka. Ha løken over kyllingen, og legg på lok. La det dampe til løken er mjuk og kyllingfiletane er gjennomvarme. Ha i eit beger creme fraiche og 1 ts honning. Rør ut og kok opp. Smak til med salt og peppar.
Her kan du supplere med meir grønsaker, det er ein fin måte å gjere retten meir mettande på utan å måtte putte i meir kjøt.
Me hadde denne til middag i dag – godt! Men neste gong trur eg me skal prøve med kokosmjølk 🙂