Jul, Lykke
Comment 1

I tusen knas

Vi er litt seint ute, men likevel; i går gjekk pepparkakehuset i tusen knas.

Sist barna var her gløymde vi å knuse det, men denne helga passa det godt. Så godt at overnattingsgjesten vår drøymde at ho sneik seg ned midt på natta og knerta det, og så fekk ho kjempedårleg samvit for at ho hadde teke frå barna gleda.

Men det var altså berre eit mareritt, då ho vakna i går morgon var huset like heilt. Så i går kveld tok vi det, femtenåringen knuste til med hammaren.

No er bitane putta i boks, og blir med kjæresten på jobb som kaffimat. No er jula ute!

This entry was posted in: Jul, Lykke

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

1 Comment

  1. To av bitene klarte seg ikke helt til jobb, og forsvant lenge før kjæresten tok veien ut døra… Heldigvis var de veldig gode, og deres fravær var godkjent 😛

Leave a Reply to Elisabeth Cancel reply