Denne brownies-kaka blir best av at du lagar den enten dagen før eller tidleg om morgonen. Den bør stå nokre timar for at smakane skal få blande seg.
Eg har sett variantar av denne kaka under ulike namn. Den er ei bearbeiding av det enkelte kallar turtle brownie, altså brownie med karamelltopping eller karamellbrownie. Her er brownien dobbelbakt, altså først ein porsjon med røre som vert steikt, så karamelltopping og så til slutt eit nytt lag med røre, og så steiker du kaka ferdig.
Du kan variere med kva nøtter du har i kaka. Dei kan til dømes godt vere salte. Peanøtter er kjempegodt, men då kan du droppe saltet i karamellen. Eg brukte ein pose med “julenøtteblanding” som låg att her, den inneheldt både valnøtter, salte peanøtter og mandlar. Slik gjorde eg det:
Brownie-deig
100 g kokesjokolade
150 g smør
200 g sukker
3 egg
2 ts vaniljesukker
2 ss kakaopulver
100 g mjøl
1/2 ts salt
Karamellsaus/fyll
100 g sukker
60 g lys sirup
Ei klype salt
1/2 dl kremfløte
Sett steikeovnen på 175 grader.
Smelt sjokolade og smør på låg varme i ei gryte. Sett til side. Pisk egg og sukker til eggedosis. Bland inn sjokoladeblandinga. Bland saman mjøl, kakaopulver, vaniljesukker og salt, og vend det inn. Del røra i to, og ha halvparten i ei godt smurt eldfast form. Mi er ca. 20×20 cm. Steik halve røra i 15 minutt.
Medan kaka steiker første gong kan du lage karamellsausen. Ha alt til karamellen i ei steikepanne, og varm det sakte opp på relativt høg varme. Slå ned til middels varme når blandinga kokar opp. La karamellen småkoke i eit kvarters tid til det er ein tjukk, smidig karamellsaus.
100 g nøtter, gjerne salte peanøtter
Hakka sjokolade viss du har
Ha karamellsausen på den ferdigsteikte browniesen, og dryss på hakka nøtter og sjokolade. Ha på resten av brownies-røra, og bak det heile i 20 minutt til.
La kaka kolne ordentleg, gjerne i yttergangen (godt tildekka!) eller liknande. Dryss på rikeleg med melis, og skjer i passe bitar. Server med ein god kopp kaffe eller te. God morsdag!