Billig mat, Fest
Comments 2

Morsdagskos


På søndag er det morsdag, og mødrene rundt om i landet fortener å bli sett pris på syns eg. (Meiner du eg er inhabil? Jepp, eg er heilt einig.) Uansett: Det er utruleg koseleg å bli vekt av ein god kopp te eller kaffe, og kunne kome ned til ferdig frukost.

Her er eit forslag til korleis du kan lage ein fin morsdag for den mammaen du bur saman med. Til frukost kan du servere bakte egg. I morgon skal du få oppskrift på ei knallgod brownies-kake til ettermiddagskaffen. Pass på at det du treng vert handla inn dagen før. Det meste av dette har ein kanskje i huset, men sjekk at du har nok egg, og syt for at du har bacon i hus.

Å bake egg høyrest kanskje rart ut, men det er faktisk ein veldig enkel måte å servere frukostegg til mange på. Du må finne nokre små eldfaste skåler. På fransk heiter ei slik form cocotte, og difor heiter retten oeuf cocotte på fransk. Mange har “kokottar” i huset, dei vert ofte brukt til creme brulée. Ein kokott er ei lita eldfast form med rette kantar. Men du kan lage dette utan kokottar og. Bruk kraftige kaffekoppar, eller små, tjukke skåler. Slik gjer du det:

Bakte egg

Ei skive bacon per person

Eit egg per person

Salt

Timian viss du har

Smør

Sett steikeomnen på 200 grader.

Smør forma godt med smør. Legg ei baconskive i skåla rundt kanten. Smøret hjelper til med å halde baconskiva på plass. Knekk egget oppi skåla, og dryss litt salt og timian på. Sett skålene på eit brett, og sett brettet inn i omnen.

Bak egga i 15 minutt på 200 grader. Ta dei ut og la dei kjøle seg litt. Dei er glovarme rett ut av omnen. Server med toast og eit glas mjølk eller juice.

This entry was posted in: Billig mat, Fest

av

Kvinne, bur i Oslo, lever med mat, musikk, dufter, ein liten hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

2 Comments

  1. Halvor says

    Den mest geniale måten å servere egg og bacon jeg har sett. Skal teste den på søndag.

    Likar

  2. Eg har laga desse i muffinsformer. Då hadde eg litt brød i botnen fyrst som eg dryppa med litt balsamico eller worchestershiresaus.

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s