Billig mat, Hvitt kjøtt: kylling og kalkun, Middag, Sausar og dippar, Tilbehør
Comment 1

Kylling med coleslaw

Coleslaw er ein av mine tilbehørsfavorittar. “Det er berre italiensk salat”, var det ein som sarkastisk sa til meg, men eg syns coleslaw er mykje betre.

Her har eg servert coleslaw med ein veldig enkel kyllingvariant, med krydra filetar som får kose seg i ein fløtesaus. Mange kjøper saus på pose, men det er utruleg mykje betre å kjøpe ein pakke kremfløte, og lage sausen frå botnen av. Det tek ikkje lenger tid heller, og smaken er utruleg mykje betre.

Denne coleslawutgåva er veldig enkel, med berre kål i. Du kan variere med å ha i strimla gulrøtter, rive eple eller grasløk. Denne porsjonen er til fire svoltne personar. Slik gjer du det:

Coleslaw

300 g kvitkål, eg brukte nykål som har tynne, fine blad

300 g raudkål

Litt sitronsaft

3 ss majones

3 ss kesam

1 ts honning

Salt og peppar

Snitt kålen fint, ostehøvel er fint å bruke, eller ein sylskarp kniv. Legg dei to ulike kålsortane lagvis i ein bolle, kryst litt sitronsaft over og dryss salt mellom laga. Dette kan du gjerne gjere nokre timar før servering.

Bland alt til dressingen, men vent med å salte. Bland saman dressing og snitta kål, og rør godt. Smak til med peppar, og om nødvendig, litt salt. Sett til side.

Kylling i fløtesaus

6 kyllingfiletar

1 løk

Salt, peppar og timian

smør til steiking

2 dl vatn eller eplejuice

2 ts flytande buljong

3 dl kremfløte

2 skiver brunost

2 ts tomatpuré

Salt og peppar

Salte og pepre kyllingen godt, og dryss også på timian. Varm opp 2 ss smør i ei steikepanne, og legg i kyllingfiletane. La dei steike til dei er pent brune, snu dei og steik dei ferdige på andre sida, ca. 3 minutt på kvar side. Ta dei ut av panna og legg dei på ein varm tallerken.

Slå vatnet eller eplejuicen i panna, og bruk ein trespade for å grave ut alt som har lagt seg i botnen på panna. Slå på buljong og ha i fløten. La det koke opp, og ha i brunost og tomatpuré. Legg i kyllingfiletane og smak til med salt og peppar. Server med kokte nypoteter.

1 Comment

  1. Pingback: I serien gode hverdagsmiddager… | hildegoghagen

Leave a Reply