Kvar gong eg finn macadamia-nøtter i ein butikk må eg berre kjøpe ein pakke, så gode er dei. I førtiårsdagen min var eg kompromisslaus, tre kilo macadamia-nøtter var det einaste snackset som sto framme. It’s my party, and I’ll snack as I want to, var slagordet. Dei smakar ganske enkelt så smøraktig, aromatisk og deilig at eg kunne levd på dei og friskt vatn, om eg måtte. Forutsatt at det er den salta typen, då.
I denne gode pærekaka må du ha salte nøtter. Du kan salte dei sjølv, ved å riste dei i ei varm panne og rulle dei i salt etterpå. Du kan også bruke ei salt nøtteblanding, det må ikkje vere macadamia, sjølv om det er aller, aller best. Slik gjer du det:
2 dl (ca. 180 g) sukker
100 g smør
3 egg
3 dl (ca. 180 g) kveitemjøl
1 ts bakepulver
1 dl pæresider (kan byttast ut med lake frå boks eller mjølk)
3 pærer
50 g salte nøtter, helst macadamianøtter
1 ss perlesukker
Sett omnen på 180 grader.
Pisk sukker og smør lyst og luftig. Rør egga inn eit og eit. Bland kveitemjøl og bakepulver. Vend det inn i smørblandinga. Rør inn væska til slutt.
Hell deigen i ei rund form (24 cm i diameter) med bakepapir i botnen. Skrell pærene og del dei i skiver. Dytt pæreskivene ned i deigen. Dryss over hakka nøtter og perlesukker.
Steik kaka på nederst i omnen ved 180°C i 50 min.
Avkjøl kaka i forma. Løsne kaka frå forma ved å skjere forsiktig langsmed kanten med ein skarp kniv. Ta kaka ut av forma og fjern bakepapiret. Eg skulle ta kaka med ut av huset, så eg lagde ho i ei paifom. Då smurte eg forma godt, og dryssa den med mjøl før eg hadde i deigen. Då gjekk det greitt å ta ut pene stykke. Server kaka med piska krem med litt vanilje, eller ei kule vaniljeis.