Fisk, Middag, Tilbehør
Leave a Comment

Faktorenes orden – laks med pestobakte poteter og brokkolikrem

Faktorenes orden er likegyldig, lærte mattelæraren min meg. Med tida kan eg lært at den påstanden ikkje gjeld på kjøkkenet.

Når ein lagar mat er faktorenes orden slett ikkje likegyldig. Å gjere ting i feil rekkefølge lagar meirarbeid, ekstra oppvask og alt tek lengre tid. Å gjere ting i rett rekkefølge gjer at ting flyt, og ein jobbar meir effektivt.

Middagen i dag er eit døme på det. Her kan ein ikkje utan vidare bytte om på oppgåvene, då går det i ball, ein må vaske steikepanna to gongar, og alt blir ikkje ferdig til same tid. Men følgjer du instruksane mine så blir det perfekt, det kan eg love.

Eg serverer laks med brokkolikrem, rista brokkolibukettar, mandeldryss og poteter bakt med raud pesto og honning. Som så ofte når ein skal ha med poteter må ein byrje med dei. Eg vender potetene i blandinga med raud pesto og honning før dei får bake i omnen. Deretter ristar eg mandlane, dei treng tørr panne, så då kan eg ikkje steike noko i panna først. Så steiker eg brokkolien, for eg vil ikkje at den skal ta smak av laksen, som dermed må kome til slutt.

IMG_6008Bakte poteter med raud pesto og honning

800 g små poteter

2 ss raud pesto

1 ts honning

Sett steikeomnen på 210 grader med varmluft.

Rør saman pesto og honning i ei vid skål. Ha potetene i, og vend dei rundt så dei er godt dekte med pestoblandinga. Hell dei i ei eldfast form, og bak dei på 210 grader i 35-40 minutt til dei er møre.

Rista mandlar

Varm opp ei tørr steikepanne på godt varm plate. Legg i 2-3 ss mandelflak, og rist dei til dei får ein fin gyllen farge. Hell av på ein asjett, og sett til side.

IMG_6018Brokkolikrem

Ein stor brokkoli

Ein pakke kremfløte

Ei snau ts salt

Nykverna peppar

Eit kryddermål muskat

Smør til steiking

Skjer bukettane av brokkolien, dei skal ikkje ha meir enn 1 cm stilk. Vert dei store, så bryt dei frå kvarandre. Legg til side.

Skrell dei nederste 5-6 centimetrane av stilken som du står att med. Bruk ein skrellar eller ein liten, skarp kniv. Skjer stilken i tynne skiver frå topp til tå. Ha alt i ei gryte saman med fløte og krydder, og la det koke til stilken er mør og fløten har tjukna, ca. 15 minutt. Køyr det heile glatt med stavmiksar.

Medan brokkolistilken kokar steiker du dei små bukettane i smør til dei har fått farge og er møre, men ikkje blaute. Dryss på litt salt og peppar, og hell over på ein asjett. Kryst over litt sitron og sett til side.

IMG_6025Smørsteikt laks

200 g laks per person

Smør til steiking

Salt og peppar

Smelt smøret i varm steikepanne. Salte og pepre laksestykka. Legg laksestykka i godt varm panne, og la dei bli gylne på eine sida. Hell brokkolikremen i ei eldfast form, og legg laksestykka opp i kremen. Du treng ikkje steike andre sida av fisken, den vert gjennomvarm av kremen. Dryss over brokkolibukettane, og sett forma i omnen saman med potetene dei siste fem minutta før du dekker på bordet.

Server laksen med brokkolikrem, brokkolibukettar og dei pestobakte potetene til. Dryss litt rista mandelflak over før servering.

Leave a Reply