Kaker, Mat, Noko søtt, Pai
Comments 4

Pekanpai

Pekanpai er ein av mine kakefavorittar, og ein fin variasjon på kakebordet. Pekannøtter får du i innvandrarbutikkar, ofte har helsekostbutikkar det, og elles er det mogeleg for dei store kjedene å skaffe det viss dei får beskjed litt tid i førevegen.

Pekannøtter liknar på valnøtter, men har ein mildare og rundare smak. I denne paien blir dei nærast karamellisert, og blir knallgode. Å lage denne paien med valnøtter blir faktisk ikkje så godt, den intense valnøttsmaken vert litt overveldande.

Viss du vil kan du ta unna dei penaste og heilaste pekannøttene, og legge dei i mønster oppå paifyllet til pynt.

 IMG_6722Pekanpai

240 g mjøl

120 g smør

2 ts sukker

Eit egg

Set omnen på 180 grader. Ha mjølet i ei matmølle. Skjer det kalde smøret i terningar, og ha dei oppi mjølet. Ha i sukker, og køyr det heile til ein grynete masse. Knekk egget i ein kopp, og hell det i maskinen medan den går. La den gå til deigen samlar seg rundt kniven, det tek berre eit minutt. Stopp maskinen, og hell ut deigen. Kna den saman, og klem den ut i ein sirkel på storleik med ein asjett. Pakk den inn i plastfolie og la den ligge kaldt ein halvtime.

Finn fram ei paiform, og kjevle ut deigen slik at den dekker forma og heng utanfor. Dytt deigen godt inn i alle bølger og kantar på forma, og klipp den av litt utanfor kanten. Legg eit bakepapir oppå deigen. Legg noko tungt i forma oppå bakepapiret, eg brukar slike glassteinar som er laga for å ha i blomstervasar. Forsteik paiskalet i 20 minutt. Fjern det du brukte for å tynge skalet ned, og bakepapiret. No, medan paien er heilt varm, kan du skjere med ein skarp kniv for å få ein heilt rett kant langs forma. Bruk ein skarp kniv med sag, og jobb deg sakte og forsiktig rundt heile kaka.

Fyll:

75 g smør

2,5 dl brunt sukker av demeraratypen

2 dl lys sirup

5 dl hakka pekannøtter

2 ss rom (kan sløyfast)

2 ts ekte vaniljesukker

3 egg

Ha smør, sukker og sirup i ei tjukkbotna gryte, og la det koke i eit minutt medan du rører flittig. Ta det heile av plata, og rør inn nøtter, vaniljesukker og rom. La blandinga kolne nokre minutt. Pisk egga lett saman, og rør dei godt inn i nøtteblandinga. Hell fyllet oppi paiskalet.

Steik paien i 40-45 minutt til paien er ganske fast og fin. Pass på den undervegs, viss kanten vert for brun så kan du legge litt folie langs kanten for å skjerme den mot varmen.

La paien kolne i forma før du skjer i den. Server med ei kule god vaniljeis, eller piska krem. Paien kan gjerne bakast dagen før, og settast kaldt over natta. Ta den ut av kjøleskapet i god tid før den skal serverast.

4 Comments

  1. kanutte says

    Hei! Kan man bruke muscovado-sukker isteden for demerara, eller no blandings med vanlig hvitt sukker, tror du? *senilpåbutikkenogforseintågåtilbake*

  2. Karina Nilsen says

    Held denne deigen til ei form med 25cm i diameter?
    Mvh Karina Nilsen

Leave a Reply to kanutteCancel reply