All posts filed under: Fredag

-Og så sig helga inn

over oss, og freden senkar seg. Desse rosene skal få bli med meg heim, og lage helg heime hos oss. Eg ynskjer alle som kjem innom rolege dagar, med det som skal til for å halde motet oppe og å samle krefter.

Kjensla av helg

For meg kjem kjensla av helg når eg kjem heim, lesser av meg varer, ryggsekk og ytterklede, og set friske blomar i ein vase.  Freden senkar seg, og vonaleg vert det ei koseleg helg, med besøk av vener, familie, mat, vin og lystig prat rundt bordet. I kveld er eg ekstra heldig, eg skal avgarde med to venninner og få massasje før vi dreg heim til den eine for å kose oss med «all of the above». Ha ei fredeleg helg, alle de som stikk innom!

Vafler i kveld?

For eksempel? Vafler er alltid godt, og når lukta breier seg i huset breier lykka seg i lag med, iallfall her hos oss. Slik gjer du det: Vafler 3 egg 0,75 dl sukker 1/2 liter mjølk 110 g smør 350 g mjøl (litt meir enn ein halv liter) 1 ts bakepulver Smelt smøret, og la det kolne. Pisk eggedosis av egg og sukker. Bland saman mjøl og bakepulver i ein bolle eller eit litermål. Rør vekselsvis smør, mjølk og mjølblanding inn i eggedosisen til du får ei fin røre. Denne oppskrifta gir ca. 12 vafler med mitt jern. Etter at røra er rørt glatt, fyller eg den på ei tom og rein brusflaske med trakt. Då er det lett å dosere oppi jernet utan søl. Sett flaska på ein asjett mellom steikingane. Til masseproduksjon (som f.eks. på loppemarknad) er formfeitt på sprayflaske det mest effektive. Eg har ikkje det heime, så eg smører jernet med litt smør viss det trengst. Server vaflene med syltetøy, eller sukker og rømme viss du har.

Tulipanar i vinduet

No kan helga senke seg, eg har blomar i vasane, levande lys, fyr på kaminen og fred i huset. Eg er sikkert ikkje åleine om å ha fredag kveld som favorittidspunkt i veka. Jobben har fått sin del av meg i fem dagar, no skal eg berre bry meg om meg og mine. Kanskje skal eg så litt, kanskje ein liten tur ned til byen for å lukte på nokre parfymar, kanskje besøke nokon eg bryr meg om. Uansett: God helg til alle som stikk innom!