All posts filed under: Gjærbakst

Ostebrød frå Berlin


Kva et dei i Berlin? Det fekk vi høve til å finne ut då vi var der no i påska. For meg er matstellet på nye stader ein av dei viktigaste grunnane til å reise. Det er alltid spennande å sjå korleis det ein et endrar seg frå land til land. Like spennande kan det vere å sjå likskapane, at du finn dei same rettane frå land til land, berre med nye namn. Det tyske kjøkkenet er veldig variert, som det naturleg er i eit land med over åtti millionar innbyggarar. Pølser og øl er sterkt tilstades, men tysk mat er også inspirert av polsk og tjekkisk mat, og frå deira nye landsmenn, i overvegande grad tyrkarar. Difor finn du gulasj-liknande rettar side om side med falaffel, døner kebab og pitabrød.  Nettopp pitabrødet har inspirert mi tyske venninne til å lage eit ostebrød. Pitabrød i Tyskland er ikkje små, runde ”lommer”, men store flotte leivar med sesamfrø. Ursula fyller brødet med ein krem av fire ulike sortar ost, krydra med kvitløk. Kvar gong vi kjem …

Godt brød


Kva er eit godt brød? Det har eg lurt på lenge. Det vil seie, eg veit kva det er når eg smakar det. Eg har ofte fått servert uhorveleg godt brød. Utfordringa har vore å få til å bake det gode brødet sjølv. Men lukka står den kjekke bi, her om dagen fekk eg lov til å vere med på eit bakekurs med Martin Johansson, svensken som har blitt berømt i Norden med bloggen Pain de Martin. Han har gjeve ut to bakebøker, og no har den siste, Enklare brød, kome ut på norsk. Då eg gjekk derifrå var eg nok framleis forvirra, men på eit høgare nivå. Eg lærte veldig mange smarte triks for å bake gode brød, og eg lærte også at mykje av det eg har gjort tidlegare har gjort at brøda mine har blitt kompakte og lite interessante. Så kva er trikset for å få til eit godt brød? Tid, seier Martin. Han set deigen om kvelden, og let den heve over natta på kjøkkenbenken slik at brødet kan steikast morgonen …

Meir godt brød


Bipbap kan meir enn parfyme, ho kan også bake brød! Folk som kan mange ting imponerer meg alltid. Takk, Bipbap! Alt godt 1 kg sammalt grov hvete 1 kg sammalt fin hvete 1 1/2 dl kruskakli 1 1/2 dl hvetekim 1 1/2 dl valgfritt eller blanding av linfrø, havregryn, solsikkekjerner, sesamfrø 2 pk tørrgjær 1,7-1,8 liter lunkent vann 2 ts salt Blandes sammen i en stor bolle, og fylles i 3 brødformer kledd med bakepapir. Settes inn i kald ovn i 20 min. Stekes deretter rundt en time på 220 grader. Jeg pleier å legge et bakepapir over formene, for å unngå hard skorpe.

Godt kvardagsbrød


Heidi minner oss om at vi er attende i kvardagen, og lagar gode, saftige grovbrød. Nyt det! Alt godt Eg veit ikkje kva luktesans du har, men min er sånn midt på treet. For nokre år sidan var eg saman med ein gjeng matglade folk og dampa fåreribbe før jul, då ei av damene tok av loket på panna og sa; ” her luktar det ver, det er ein ver vi skal ete til middag!” Vi andre vart mållause før latteren kom. I første omgang trudde vi ho tulla heilt til ho fekk overtydd oss om at dette er skikkeleg verlukt. Då eg åt kom verlukta oppi nasa mi og eg fekk ei kjensle av at eg hadde smakt betre kjøt før. Ikkje lenge etter denne hendinga vart Nobelprisen i medisin delt ut til to amerikanske forskarar, Buck og Axel, på grunn av forsking knytt til luktesansen vår. Dei har funne ut at nervebanene for lukt går til området i hjerna vår som har med kjenslelivet vårt å gjere, og dei er kobla saman med …

Focaccia


No har vi nokre deilige fridagar framfor oss, og eg planlegg å bruke dei mellom anna til å bake. Focaccia er alltid takknemmeleg å servere til supper, smårettar, lasagne eller som noko å mumse på når ein er på tur. Du kan også dele focaccia-brødet og legge pålegg inni. Eg bakar det i ein stor leiv, men det går også fint å bake det i emne som er litt større enn rundstykke, kjevle dei flate og ha på olje og salt. Då får du porsjonsfocaccia. Det er oljen og saltet som gjer dette brødet til focaccia. Dei fleste italienarar vil også ha knust eller frisk rosmarin på. Slik gjorde eg det: Focaccia-brød 3 dl lunka vatn ½ pakke gjær eller to teskeier tørrgjær 1 ts salt 1 ts sukker eller honning ca 7 dl kveitemjøl 2 ts tørka eller frisk rosmarin 3 ss olivenolje Flaksalt til å drysse på toppen Smuldre gjæra i ein bolle og ha over lunka vatn. Rør ut gjæra i vatnet, og ha i salt og sukker eller honning. Set i gang …

På sjølvstyr i kjøkkenet


Her kjem endå ei oppskrift som er skriven for barn, Heidi og eg hadde ein matklubb for barn i Sunnmørsposten ei periode. Der kom desse oppskriftene på trykk. I dag skal vi lage heimelaga tomatsuppe, og bake eit deilig brytebrød å servere til. Dette er god kosemat om kvelden når middagen er lenge sidan og du vil lage noko som alle syns er godt. Den passar også perfekt å lage etter skulen når dei vaksne ikkje har kome heim enno. Denne suppa smakar betre enn posesuppe, det kan eg love deg! Suppa er rask å lage, så det lønner seg å byrje med brødet.  Har du ikkje smør i kjøleskapet kan du bruke margarin, men ikkje brelett. Bremykt går fint, om du finn det. Brytebrød 3 ss smelta smør 3 dl mjølk 1/2 ts salt 1/2 pakke gjær 3 dl sammalt grovt kveitemjøl ca. 4 dl fint kveitemjøl pluss litt til elting og utbaking Smelt smøret i ei gryte på omnen.  Varm opp mjølka i same gryte som smøret til den er fingervarm, altså at …