All posts filed under: Kaker

Er vi ferdige med rabarbra?

Nei, langt ifrå. Eg har iallfall masse igjen i hagen, og det er synd om den skulle kome vekk, altså stå så lenge at stilkane blir trevlete og seige, og smaken vert bitter og tørr. Difor får du to rabarbraoppskrifter til, på ei enkel og ei litt meir komplisert kake. Eg har leita lenge etter den optimale rabarbrakaka.  Det finst mange variantar, med og utan paiskal, med og utan marengs og nokre blir berre tørre og triste.  Det er synd, for rabarbraen er ein fantastisk smaksgjevar, men den sterke syra gjer at det er ein balansegang å lage ei god rabarbrakake. Her kjem oppskrift på to ulike, den eine er ein elegant pai med vaniljekrem og marengs, den andre kjem i kategorien ”lettvint”, med andre ord eggedosis og smelta smør, med frukta krydra og lagt rett i den mjuke og saftige kakerøra. Fest og kvardag, med andre ord, og det har ein jo bruk for! Eg tek den enkle først, så du ikkje misser motet: Enkel rabarbrakake 175 g sukker 3 egg 175 g mjøl …

Meir rabarbra – ein pai denne gongen

Når ein først har kome i siget med slike deilige vårvekstar som vi har i hagen no er det ikkje lett å stoppe. Eg er av den sorten som syns at for mykje av det gode er heilt fantastisk, han eg er gift med vil ha variasjon. Vi prøver å møtast på ein slags middelveg, men denne helga fekk eg viljen min; rabarbrasuppe med krem på fredag og rabarbrapai med vaniljeis på laurdag. Paien eg lagar i dag er ein smuldrepai, ikkje så ulik denne. Den er utan nøtter, og mjølkefri viss du brukar mjølkefri margarin, for eksempel Euroshopper flytande margarin, og droppar vaniljeisen. Kokosis er også veldig godt til, dei variantane eg har sett er mjølkefrie. Eg likar også å tenke at denne paien er ørlite sunnare, sidan eg brukar havregryn i mjølblandinga. Den inneheld iallfall ein god dose kostfiber, og det er vel bra? Denne paien kan også lagast med kvann, eg var lat og gadd ikkje gå ned trappene og hente, men har du kvann så putt ein neve finhakka i paien. …

Endå fleire kaker å dele

Når eg er i loppekafékomiteen spør ofte korpsforeldra meg kva dei skal bake. Det er vanskeleg å svare, for samstundes som eg veit at det er viktig med variasjon på kakebordet, slår det ikkje feil; flest vil ha sjokoladekake. Gode sjokoladekakeoppskrifter finst det mange av, og i tillegg er vel TOROs sjokoladekakeblanding den mest kjøpte. Det er ingenting feil med den, den er melkefri, så viss du bakar den med olje eller Euroshopper flytande margarin så kan også mjølkeintolerante spise den. Men heimelagde kaker er best viss ein lukkast og har ei god oppskrift. Det skal du få av meg i dag. Dette er sjokoladekakeoppskrifta til søstra mi, og ho bakar den til alle familiesamanstøt, bursdagar og andre gongar då ein fortener og har lyst på sjokoladekake. Den er deilig saftig og god, og blir ikkje flat og trist. Oppskrifta fyller ei stor langpanne. Dette er ei oppskrift som er så enkel at barn kan lage den sjølv. Oppskrifta går fint å halvere viss du vil ha ei mindre kake, til dømes i ei rund …

Vil du gjere eit barn lykkeleg?

Nokre av mine oppskrifter er skrivne for barn. Eg har halde matkurs for barn, og har også hatt ein del oppskrifter for barn i matspalta eg skriv. Gode matoppskrifter for barn skil seg ikkje så veldig frå ”vaksenoppskrifter”, men eg brukar å vere litt meir konkret i barneoppskriftene mine, ikkje gje så mange valg og alternativ som i dei vanlege. Dessutan brukar eg punktrekker for å beskrive dei ulike operasjonane. Det gjer det enklare å gjere ting i rett rekkefølge. Det kan vere enklare å huske kva punkt du er på enn å måtte lese igjennom heile teksten for å prøve å huske kor langt du har kome. Mitt første møte med matlaging skjedde då eg gjekk i tredje klasse, og eg fekk ei ny tante som eg likte kjempegodt.  Ho var læraren til bror min, og ho var den kulaste dama eg nokon gong hadde møtt. Ho var pen, ho song i kor og ho var (og er) alltid blid og smilande. Så skjedde det store under over alle under, at ho gjekk på …