Ostekake med rabarbrakompott
Få ting varslar våren som feite, fine rabarbraknoppar som sprenger seg opp av jorda. Og no står den i si fulle prakt, hos meg har den til og med gjort seg klar til bløming. Det set eg ein stoppar for, eg kuttar vekk blomestenglane så snart eg ser dei. Eg vil ha flottast mogelege stilkar, eg vil ikkje at rabarbraen skal bruke krefter på å bløme. Rabarbra kan saftast, syltast eller brukast i chutney, men i dag skal du få oppskrift på ei ostekake som eg dekker med eit lok av rabarbrakompott. Rabarbra har ein tydeleg, syrleg smak. Det betyr at den kan godt kombinerast med feitare smakar som rømme, kremost eller smør. Den må sukrast godt, elles vert den utoleleg sur. Men den toler og godt å spele på lag med ulike krydder med varme smakar. I dag har eg kombinert rabarbraen med vanilje og kanel, begge passar godt til den syrlegfriske rabarbrasmaken. Når eg skal lage fine kaker med rabarbra brukar eg å plukke dei raudaste stilkane. Dei gir penast farge, og når …
