Er du ein syltar?
Som du sikkert har fått med deg held eg på å lage ei sylte- og saftebok. Eg driv og jobbar med fagstoffet i denne boka, og kjenner at eg kjem til kort. Det er ikkje det at eg ikkje har sylta nok i mitt liv, men eg kjenner at eg treng litt tankar og innspel frå andre erfarne syltarar. Det finst mange sylteprodukt, syltepulver, frysepulver, fruktpektin, atamon, sitronsyre, askorbinsyre, tvekullsurt natron og juneimit. Eg har vore litt sløv, berre kjøpt det som eg først fann i butikken, og laga i veg. Eg har ikkje samanlikna dei ulike sylteprodukta for å finne ut kva som er best og kva som fungerer dårleg. Det kan hende at nokre produkt gir bismak, det kan hende at det eine gir fastare syltetøy enn det andre og så vidare. Slikt har eg vore sløv med å notere meg. Difor lurer eg på om du har innspel til kva tips eg bør ta med i boka mi om dette. Bør ein fryse eller sylte? Kan ein lage syltetøy med pektin? Korleis …