All posts tagged: eplekake

Fruktcrumble – og litt matøkonomi


På bursdagsfesten til sekstenåringen serverte eg ein fruktcrumble som eg lagde med dei fruktene eg hadde i huset. Eg hadde eple, plommer og mango, og det vart ein fin balanse mellom aromatiske eple, syrlege plommer og den søte mangoen som heldt på å bli overmoden. Toppingen på ein crumble (eller smuldrepai) må vere god, elles vert den kjedeleg. Det finst mange variantar av denne, og på søndag lagde eg heilt min eigen. Eg har tidlegare fortalt om kor glad eg har blitt i brødbakemaskinen vår. Ulempa med ein brødbakemaskin er at med kvar omgong brød vert det ein liten del som er litt «ukurant». Det er den delen av brødet som sit der kniven hamnar. Der kniven sit når brødet er ferdig vert nemleg ei lita hole i brødet, og akkurat rundt der er det ikkje så lett å skjere fine skiver. Min kjære kom opp med idéen om at ein kunne lage brødterningar av dette. Det går fint å lage krutongar av slike restar. Men hans forslag var meir spennande. Han hadde vakse opp …

Gjenbruk på kjøkkenet


Eg er ganske flink til å bruke restar, men enkelte restar er vanskelege å bruke opp. Då hamnar dei lett i søpla, men eg mislikar sterkt å kaste mat, så eg prøver så godt eg kan å få brukt dei på ein fornuftig måte. Når ein lagar pai er det ganske vanskeleg å ikkje site att med litt paideig. Du kjevlar den ut, og så skjer du rundt kanten , og så sit du der med ein liten neve deig. Her om dagen fann eg ein fin måte å bruke opp paideigen på: Bland den med havregryn og litt sukker, og lag ein smuldredeig til ei epleform! Slik gjorde eg det: Epleform Ein neve paiskalrestar 75 g havregryn 50 g sukker 4 store eller åtte små syrlege hageeple Sukker og kanel til strøing Ha paiskalrestane i ein bolle. Ha i havregryn og sukker, og smuldre det heile saman med fingrane til det er ein grynete masse. Skrell epla, del dei i to og fjern kjernehuset. Skjer dei i tynne skiver. Legg skivene utover i ei …