Lapskaus på julerestar
Det slår ikkje feil, kjøleskap og frysar er fulle av restar etter julefeiringa. Eg var veldig fornøgd med meg sjølv før jul, eg hadde eit «spise ut av frysaren»-prosjekt. Det var av bitter erfaring, det har ein tendens til å hope seg opp. Vi hadde middag i minst fjorten dagar berre av ting vi fann i frysaren, deriblant ein lapskaus på årsgamal pinnekjøtkraft. For eg gjorde jo akkurat det same i fjor, tok vare på kjøt og kraft etter julemiddagen. Viss du ikkje tek med feittet så held det seg eit år i frysaren, det kan eg bevitne. Denne jula feira vi i Sverige, og der har dei noko dei kallar kassler. Det er ganske enkelt ei bayonneskinke, og noko av det beste eg visste av julepålegg då eg var barn. Fårerull og syltaflesk var ikkje så nøye for meg. Tjukkskorne bayonneskinkeskiver derimot, var heilt fantastisk. Heile kjøtbiten gjekk ikkje med, og for at den ikkje skulle gå i hundane så kutta eg den i små terningar, og lagde ein aldeles fortreffeleg lys lapskaus på …