All posts tagged: sjokoladeglasur

Saftig sjokoladekake med appelsin

Det er fint med jul, men eg trur faktisk påska er mi favoritthøgtid. Det lysnar, det spirer og gror ute, og vi kan ha late dagar med gode bøker, ein kopp te og vennar på besøk. Og når du først får besøk er det jo triveleg å by på noko godt. Denne kaka er ei skikkeleg festkake, og du kan pynte den som du vil. Eg har hytte nær ein godterifabrikk, og det ber kaka mi preg av. Eg vil ikkje seie at eg gjekk berserk då eg handla inn, men kanskje litt? Uansett, det gjer at kaka blir fristande for både store og små, og ingenting er så stas som glade gjestar rundt bordet.  Denne kakerøra er emulgert, det vil seie at du piskar egga inn i smøret, og på den måten får feitt og væske til å binde seg. Den metoden gir ei saftig og holdbar kake, som godt toler å takast fram to-tre dagar på rad viss det er restar igjen. Dra plast over fatet når gjestane har forsynt seg, så blir …

Sjokoladekake med raudbeter

Her om dagen lagde eg denne gode salaten med raudbeter i. Pakken med raudbeter inneheldt fire stykke, så når eg sto der og hadde laga ein lekker salat, så hadde eg to kokte raudbeter att. Kva gjer ein då? Bakar kake med dei, sjølvsagt. Ei saftig sjokoladekake vert berre endå betre og meir smakfull med raudbeter i. For ikkje å snakke om sjokoladekremen oppå, som eg berre elskar, utan atterhald. Den er ganske enkelt knallgod. Kokkar driv og styrer med usalta smør i kaker. Det syns eg er noko fjas. Det gode norske salta smøret er akkurat passe til kaker, og framhevar sjokoladesmaken på ein uovertruffen måte. Sjokoladekake med raudbeter 250 g kokte og skrelte raudbeter 200 g mørk sjokolade 200 g smør 140 g mjøl 1 toppa ts bakepulver 50 g kakaopulver 5 egg 190 g brunt sukker (kan byttast ut med vanleg sukker) Varm omnen til 180 grader. Smør ei 24 cm springform med smør rundt kantane, og legg eit bakepapir i botnen på forma før du spenner ringen på. Skjer raudbetene i …