I går lagde eg ein enkel wok som eg tenkte eg skulle vise dokke. Når folk tenker på wok tenker dei på eksotiske grønsaker som vannkastanjar, palmehjerte og bønnespirar. Men det går heilt fint å lage wok med alminnelege norske grønsaker som du får tak i i alle grønsaksdiskar. Det var det eg gjorde i går.
Eg kjøpte strimla svinekjøt, ganske enkelt fordi det var det som var på tilbod hos min kjøpmann. Det steikte eg aller først, og så steikte eg alle grønsakene. Utfordringa med wok på ein vanleg norsk komfyr er at det er vanskeleg å få opp temperaturen skikkeleg. Men med full fres på den største plata fekk eg det varmt nok. Slik gjorde eg det:
Svinewok til fire
600 g svinekjøt
Ein skalk kål
To gulerøtter
Ein brokkoli
Ein løk
3 fedd kvitløk
Ein neve sukkererter
4 ss soyasaus
3 ss søt chilisaus
3 ss østerssaus
2 dl vatn
2 ts fivespice-krydder
1/2 ts chilipulver
4 ss olje til steiking, raps eller soya.
Finhakk alle grønsakene. Eg brukar juliennejern på gulerøttene, det gjer at strimlane får lik storleik, og blir ferdige samstundes. Legg til side. Sett ris på kok.
Fres løk og kvitløk i olje, og ha i kjøtet i porsjonar. Steik til det ikkje lenger kjem ut blod, og kjøtet har fått fin farge.
Ta ut kjøtet, og ha i resten av grønsakene med litt olje. Fres grønsakene med krydderet til dei byrjar bli møre. Ha i kjøtet. Fres vidare medan du har på sausane og vatnet. Har du ikkje chilisaus og østerssaus kan du ha i litt meir soya. La det heile stå litt og putre medan du dekker bordet og sjekkar at risen er ferdig. Server.
Ser god ut, og jeg er litt betatt av den fine dingsen du rasper grønnsaker med 😀 Wok er kjempekjekk middag
Det som blant annet er fint med å besøke siden din, er at jeg kommer på ting jeg har glemt. Som for eksempel at jeg har en wok. Takk!
Og hvalkjøtt! Woket hvalkjøtt er noe av det beste som finnes i hele verden! Jeg har fråtset i wok og hval etter at jeg kom tilbake, om enn ikke alltid med de to i samlet flokk 😉
Eg plar også wok’e norske grønsaker. Og så har eg hatt problem med kor og kva eg skal bruka sånn fem-krydder- krydder til, nå vert det fast wok-krydder. Sånt juliennejern skal eg ønska meg til jul ( eventuelt gå og kjøpa sjølv)
Bipbap: Du får det på Glasmagasinet!
Jakob: 🙂
Elisabeth: Kvalkjøt har eg aldri wokka. Dårlige minne frå barndommen, trur eg.
Iduns: Ja, der har du det! 😀