Billig mat, Middag, Tilbehør, Veggis
Comment 1

Overflod i hagen

Det bugnar i hagen. Akkurat på denne tida er problemet å halde følge med det som gror og modnar.

Eg kjøpte ein squashplante i vår, og få grønsaker er meir villige enn den. Den står der så uskuldig, men når du vender dei store blada til side ligg dei der, dei vakre, slanke squashfruktene.

Squashane må plukkast inn etterkvart, dei vert ikkje så gode når dei har blitt verkeleg store. Når du plukkar ein får dei andre krefter til å bli store. I dag lagde eg squashkaker. Det er saltmat, godt egna som ein liten forrett, som tilbehør til grillmat eller fisk eller som eit vegetarisk alternativ på ein buffet.

Squashkakene er saftige og smakfulle, og du kan krydre dei meir enn eg gjer. Eg har laga mine ganske nøytrale, og då er dei gode saman med røykt laks, med litt lakserogn eller lodderogn. Ein av gjestane mine, som spiste dei som vegetarrett, fekk ein søt chilisaus til, og likte det veldig godt.

Eg steikte squashkakene i margarin. Vanlegvis brukar eg smør, men desse skal steike sakte og lenge, og det kan lett bli brent. Margarin gjev også fin farge. Vil du ha det heile mjølkefritt, så bruk pecorinoost og steik i olje eller mjølkefri margarin. Slik gjer du det:

Squashkaker

Ein stor squash

Ein halv løk

1,5 dl strøkavring

1,5 dl riven fast ost, t.d. pecorino eller parmesan

2-3 egg

1 ts salt

Nymalen peppar

Riv squashen fint, og ha den i ein bolle. Finhakk løken, og ha den i bollen saman med den rivne osten og strøkavringen. Ha i egga eitt og eitt. Viss røra er for tørr med to egg, så ha i eitt til. Smak til med salt og peppar.

Smelt rikeleg med margarin i ei steikepanne. Legg ei stor spiseskei med røre i steikepanna per kake. Steik på middels sterk varme til kakene er pent brune, og snu dei når dei er ferdige. Legg dei på ein tallerken dekka med tørkepapir slik at dei får renne av.

This entry was posted in: Billig mat, Middag, Tilbehør, Veggis

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

1 Comment

  1. ovedia says

    husker min mommo, hun laget lapper med gresskar i. Sånne rislapperaktig, med finrevet greskar i. Bestefaren min reiv greskar til han fikk krampe i armen. Ikke noe kjøkkenmølle i den tida:)

Leave a Reply