Billig mat, Fest, Mat, Noko søtt, Veggis
Comments 6

Søt og salt fastelaven


Denne helga er det fastelavenssøndag, og då serverer eg fastelavensbollar til alle som vil ha.

Bollar og eg har eigentleg aldri vore heilt gode vener. Mor mi er ikkje så lidenskapeleg oppteken av å lage mat, men bollar og ball har vore hennar spesialitetar. Dermed har eg overlete det til henne, og ikkje perfeksjonert mi eiga bollebaking.

Men eg har bestemt meg for at slik kan det ikkje fortsette. Å lage gode og luftige bollar med god smak utan å ty til skitne triks som posemiks og tilsetjingsstoff bør eg klare. Så no er det ofte bollar her i heimen.

Ein brutalt ærleg venn av huset smakte på bollane mine og sa: Det er noko som manglar. Han tenkte seg lenge om før han sa: Salt. Og han har heilt rett. Mi gamle oppskrift har vore for tam i smaken, trass i kardemomme og meir enn nok sukker. Salt i deigen framhevar dei andre smakane, akkurat som med sjokolademousse, der eg alltid har i ei klype salt.

Så no har eg revidert bolleoppskrifta mi. Denne fastelavenen vert det også ein fastelavenskrans, bollane set eg saman i ein ring, slik at dei heng i hop. Så deler eg ringen i to vassrett etter at bollane er steikte, og fyller med ein deilig marsipankrem. Slik gjer eg det:

Fastelavenskrans

600 g /11-12 dl kveitemjøl

3,5 dl mjølk

1 pk gjær

100 g smør

100 g sukker

1 ts bakepulver

1 ts kardemomme

1 ts salt

1 egg

3 dl kremfløyte

2 ss melis

1 ts vaniljesukker

100 g riven marsipan

Ha mjølet, saltet, sukkeret, kardemommen og bakepulveret i ein stor bakebolle. Smuldre smøret i mjølblandinga til det er ein kornete masse.

Varm opp mjølka til den er fingervarm, og løys opp gjæra i den. Bland saman mjølkeblandinga og mjølblandinga, og elt godt. La deigen heve under klede.

Del opp deigen til passe emne, denne porsjonen gjev ca. 20 bollar. Form dei til runde, fine bollar.

Ta 10-12 av bollane og legg i ein ring på bakepapir på ei bakeplate, ganske tett saman. Pensle dei med samanvispa egg, og la dei heve godt før du steiker dei på 200 grader i ca. 15 minutt, alt etter korleis din omn er.

Resten av bollane kan du putte rosiner i, og steike på same måten som kransen. Den porsjonen brukar eg å putte i frysaren, for å ha i påkomande tilfelle.

La bollekransen kolne. Pisk kremfløyten til krem med vaniljesukker og melis. Del kremporsjonen i to. Bland inn den rivne marsipanen i halvparten av kremen.

Del bollekransen i to, og grav ut litt av botnen av bollane. Legg marsipankrem på den nederste delen, så ei skei vanleg krem, og så legg du toppen på. (Eg delar kremen i to fordi marsipankremen ser litt grynete og rar ut. Det blir penare med glatt krem øverst. Syns du ikkje det er så nøye med estetikken, så bland marsipanen i heile kremporsjonen, og fyll i bollane. Alt blandar seg i magen likevel.)

This entry was posted in: Billig mat, Fest, Mat, Noko søtt, Veggis

av

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

6 Comments

  1. Elin says

    Jeg har nesten samme bolleoppskrift m unntak av at smøret smeltes og at det ikke er bakepulver i. Hva utgjør disse forskjellene?

    Likar

  2. Når du smuldrar smøret i mjølet i staden for å smelte det vert deigen litt lettare, smøret gjev litt «wienerbrød»-effekt. Bakepulveret gjer at dei hevar ein ekstra liten puff i omnen, og blir endå litt luftigare. 🙂

    Likar

  3. Frkmorell says

    Eg har ikkje bakafastelavensbollar i dag. Mi gjærbakstkarriere har fått seg ein smell. Bur i Sverige no, og lurar på om det er noko med mjølet her som gjer at ein må ha masse smør og sukker for at det skal bli saftig gjærbakst. Slikt er eg ikkje vant til – ikkje det at det har vore smør og sukkerfritt, men mi norske oppskrift funkar ikkje like bra her.

    Likar

  4. Lovise says

    I mine fastelavnsbollar har eg ei halv teskjei hornsalt. Det gir ein egg til smaken, og særs fin heving. Marsipan i kremrøra minnar meg om svenskane sine semlor – som dei på fornuftig vis et frå januar til påske. Luringar!

    Likar

  5. Tilbakeping: De beste bollene « Hagen på Hytta

  6. Eg siklar!
    Har aldri likt fastelaven grunna bjørkeallergi!
    Mor betalte Sanitetsdamene for ein bukett fastelavensris – men slapp å ta i mot den!
    Maten knytt til feiringa derimot, – eg skjønar eg bør freiste denne!

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s