Jul, Noko søtt, Veggis
Comments 4

Meir snop: Nougattrøflar med rom

Kva gir ein til den som har alt?

Noko å ha det i, var svaret før. Men det er vel grenser for kor mange vesker, koffertar og sekkar ein kan ha? Eg likar å gi bort gåver som ein kan spise opp. Skuffer og skap er fulle av ting vi ikkje brukar, då er det betre med gåver som ein kan nyte. I dag serverer eg ei spiseleg julegåve; nougattrøflar. Dei lagar eg med marsipan, valnøtter og nougat som du får kjøpt ferdig på velassorterte matbutikkar som Meny og Ica.

Valnøttene kan du droppe viss du skal gi trøflane til nokon som er allergiske. Eg brukar også rom i trøflane. Viss du skal gje dei til fråhaldsfolk eller barnefamiliar kan du bytte ut romen med litt essens.

Halve moroa med spiselege gåver er å pakke dei pent inn.

Nougattrøflane kan du legge på ei skål som du pakkar inn i cellofan, eller du kan ha dei i ein cellofanpose.

Dei kan du få kjøpt på nettet, men eg forhandla meg til å få kjøpe nokre slike i ein tebutikk.

Eg trengte noko å stabilisere massen med, og då brukte eg sibaskjeks. Dei held på fukt, og gir litt grovare tekstur til massen. Du kan også bruke andre typer grove kjeks.

Nougattrøflar

 125 g marsipan

100 g nougat

50 g valnøtter

50 g grove kjeks, eg brukte vanlege sibas-kjeks

2 ss kakaopulver

1-2 ss rom eller 2-3 dropar romessens og 1-2 ss eplejuice

 Kakaopulver eller strøssel til pynt

 Grovhakk marsipan, nougat og valnøtter, og ha det i ei matmølle saman med 2 ss kakaopulver. Køyr det glatt. Ha i kjeksa litt og litt til massen får passe konsistens. Ha i det våte til slutt, litt og litt. Blir det for blautt kan du ha i eit kjeks eller to til.

 Ha massen i ei skål, og set den kaldt ein times tid. Ta fram eit kulejern eller ei rund og fin teskei, og form massen til passe store kuler. Vil du rulle dei i strøssel, så gjer det med ein gong. Vil du rulle dei i kakaopulver så la dei ligge på eit fat med plast over i kjøleskapet ein time før du rullar dei i kakao.

Oppbevar nougattrøflane kaldt og mørkt. Server dei med ein sterk kopp kaffe eller ein kopp earl grey-te.

This entry was posted in: Jul, Noko søtt, Veggis

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

4 Comments

  1. Eg veit ikkje heilt, kaluha, kanskje? Viss du likar kaffe, altså. Det gjer ikkje eg. 🙂

  2. Pingback: Gåveidéar | Alt godt

  3. Pingback: Tips til heimelaga julegåver | Alt godt

Leave a Reply