Billig mat, Mat, Middag, Veggis
Leave a Comment

Karin si ostepanne

Kva er det som er best no? Det tenker eg når eg går inn i matbutikken og skal kjøpe inn.

Det er så mange som er organiserte og flinke, og lagar matplanar søndag kveld, og så handlar dei inn mandag kveld, etter middag, og etter at rushet er over, for då er det nye, ferske varer i butikken. Så organisert klarer eg dessverre ikkje å vere.

lR72Ks%wRUegQKNXbCZ7FAMen eg er knallgod til å la meg inspirere av det eg finn i butikken, og no renn butikkane over av store, saftige, sprø blomkålhovud. Dei kan brukast til masse forskjellig, du kan gratinere dei med ostesaus og bacon, dei kan vendast i olje og krydder og ristast i langpanne, og dei kan rivast til ris for dei som vil ha eit sunnare tilbehør til maten.

I vår familie er den klassiske blomkålretten ostepanne. Den har blitt laga i vår heim så lenge eg kan hugse, og i følge ei familiehistorie var eg ikkje meir enn fire-fem år før eg kunne gje bort denne oppskrifta. Ein friar som vanka i huset vårt nokre år påsto at mor mi hadde noko som han kalte ostepannetesten. Når det kom nye friarar til gards serverte ho ostepanne, og nåde den som ikkje åt opp porsjonen sin, uansett kva han måtte synest om denne retten. Dette er sjølvsagt berre ondsinna snakk, og dessutan smakar ostepanna så godt at den er vel verd å få kome i avisa.

h+diSKl4SE6g2wM5O9xC%gOstepanna består av blomkål og purre som vert dampa med ost over. Dette høyrest banalt enkelt ut, men kombinasjonen av blomkål, purre og ost gjev faktisk ein karakteristisk og deilig smak.

Den magiske ingrediensa er godt, gamaldags paprikapulver. Brukar du det sjeldan, så rå deg ein ny pose med paprikapulver. Pulveret misser smak når det står i kjøkkenskapet, og smakar til slutt mest støv. Men ferskt frå posen eller frå eit nyopna glas er det med på å gje denne enkle retten det vesle ekstra slik at den blir eit døme på ekte, enkel matglede.

Grønsakene i ostepanna skal altså dampast møre, dei skal verken koke eller steike. Eit lite lag med vatn i botnen gjer at dampen oppstår, og då må panna ha eit tett lok på for å halde på dampen. Denne typen steikepanne heiter sautépanne på fransk, har eg lært. Har du ikkje ei slik brukar du ei vanleg steikepanne som du har eit lok til. I stor naud har eg til og med laga dette med ein middagstallerken for å halde dampen på plass. Då må du stå ved plata og tørke bort dropar med vatn, for dampen som dannar seg dryp ned att på omnen. Det går fint, dette skal uansett ikkje dampe så lenge.

dK7t1EO5T+aKZhscf06oMwEg er vand med å spise ostepanne på grovbrødskiver som har fått raust med smør på først.

Den deilige krafta som dannar seg nede i panna trekker inn i brødskiva, og gjer den mjuk og smakfull. Kos deg med ostepanne i helga!

QYMUmoa3TluUDpUgcS0w7AKarin si ostepanne

Eit stort blomkålhovud

To små eller ein stor purre

2 dl vatn

200 g riven ost

Vel 1 ts salt

Paprikapulver

Skyll blomkålen og purren. Purren bør snittast på langs for å få ut jord og grus. Kutt begge delar i bitar, og bland det i ei steikepanne som du har eit tett lok til. Slå over vatnet, og dryss på salt. La grønsakene dampe i 8-10 minutt, til dei er møre.

Strø over osten, og la ostepanna stå med loket på til osten har smelta. Dryss over paprikapulver, og server med brød, gjerne grovbrød med smør på.ynF2KUGmQC21lWgOKPAJnA

Leave a Reply