All posts filed under: Allergi

Arkitektens trøst til konfirmasjonen

Her kjem eit nytt innlegg frå Heidi, og denne gongen er det berre å legge alle kaloritabellar til side. Ho bakar nemleg festkaker, som kan serverast til dømes i ein konfirmasjon eller eit bryllup for den del. Vi står framfor konfirmasjonssesongen, og desse kakene vil garantert ikkje bli ståande att til etterpålaget, der naboar og venner får kome for å hjelpe familien med å bli kvitt kakerestane. Heidi skriv at det er kvinnene som kjem med kaker, og det stemmer nok sørgeleg godt. Men suksessterta nedanfor, den er bror min sitt glansnummer. Så enkelte hiv seg utpå. Gjer det, du og! Suksessterta kan serverast til glutenallergikarar. Bildet har eg lånt frå Freia. Alt godt Konfirmasjon er ei alvorleg sak for konfirmanten, men ikkje mindre alvorleg for foreldra. Det er mykje som skal på plass, og berre den som har vore gjennom noko slikt veit kva. På mange måtar handlar dette i stor grad om kvinnelege syslar, eller rettare sagt hardt arbeid. Vaske, pusse, rydde, reine klede og pynt på bordet. For ikkje å nemne maten …

Påskerestar

Etter påska ligg det ofte att restar som ein ikkje har konsumert i løpet av ferieveka. I mi familie var det vanleg å kjøpe inn ei kasse med appelsinar, og den vart frakta på scooter (saman med ein heil del annan mat) attpå Lesjafjellet for å nytast på dei ikkje alltid så lange påsketurane. Når påska var over bar det ned att med appelsinane, og då var lysta på dei noko redusert. Jammen fann eg ikkje ei skål med lett innskrumpa appelsinar i stova her om dagen. Kva brukar ein dei til når påsketurane er ferdige, og hagearbeidet lokkar meir enn fjellet? Dei er som regel søte og gode akkurat før dei vandrar heden ved å implodere eller mugne i stovetemperaturen. Her får du eit forslag til korleis du kan lage ein nydeleg, gyllen kyllingrett av appelsinane, dei treng ikkje alltid vere til dessert, veit du! Oppskrifta er til fire personar, men kan lett delast eller gangast opp. Slik gjer du det: Gul kyllinggryte 2 appelsinar 200 g kyllingfilet per person 1/2 dl salt soyasaus …

Påskesnop

På veg inn i påskedagane planlegg eg gode ting ein kan kose seg med. Sjokolade er det klassiske påskesnopet, og eg har laga ein heimelaga sjokoladekonfekt som faktisk er ganske sunn. Den er ikkje for feit, ikkje for søt, men ein nydeleg liten godbit til kaffien eller som dessert. Feittstoffet er kesam, eg brukar vanleg 10 %. Du kan også bruke rømme eller creme fraiche. Slik gjer du det: Påskesnop 3 dl havregryn 3 ss kakao ¼ ts kanel Ei klype salt 1 ts vaniljesukker 200 g kesam 5 ss honning Kokos Bland kesam og honning. Rør i hop det turre, og bland det med kesamblandinga. Sett deigen kaldt ei times tid. Rull deigen til bollar, og vend dei i kokos. Eg la mine bollar i minimuffinsformer, men det er ikkje naudsynt. Som variasjon kan du prøve å ha i litt rive appelsinskal av ein appelsin du har vaska grundig. Det gjer snopet endå meir «påskete».

Pikekyss og det som verre er

I går lagde eg to porsjonar aioli, ein vanleg og ein med smak av soltørka tomatar. Alle vart glade, og eg sto att med fire eggekviter. Difor bestemte eg og prinsessa oss for å lage marengs til dessert. Porsjonen vart stor, så vi delte den i to, og eksperimenterte litt. Ladning nummer to vart nemleg eplepikekyss. Deilig! Marengs er veldig enkelt å lage, men du må ha ein eller annan form for miksar. Å gjere dette med handemakt er iallfall for mykje for meg. Så er det også viktig å piske eggekvitene stive før du byrjar å ha i sukkeret. Når eg lagar marengs brukar eg engelsk Tate&Lyle sukker. Det er ekstra finkorna, og er best til marengsar, sukkerbrød, eggedosis og andre rettar der sukker skal piskast inn i egg, og ein vil unngå sukkerkorn. Eg huskar bestemor mi sende bestefar min til Ulsteinvik for å kjøpe Tate&Lyle sukker, og han kom heim med ein sekk om gongen, storkar som han kunne vere. Får du ikkje tak i det kan du bruke vanleg sukker og, …

Stor fest!

Tre rettar til mange – det går fint med litt planlegging. Vi har hatt bursdag i heimen, tolvåringen har blitt tenåring. Når ein har bursdag er eit av privilegia å få fastsette menyen, og tenåringen ynskte seg tre rettar, kjøt med saus og brownie til dessert. Då får mor berre innrette seg, og legge gamle vanar med store suppegryter og bufféar til side. Forretten gjer eg veldig lettvint. Det gjeld å spare på kreftene når ein skal servere til mange, og samstundes kose seg sjølv. Eg har kjøpt boksar med andepaté, og den piska eg luftig med litt fløte. Så serverte eg den på rista loffskiver med ein god marmelade på. Har du rognebærgelé eller tomatmarmelade i kjøleskapet, er dette tidspunktet for å ta den fram. Patéen kan også serverast med fikenmarmelade, tyttebærsyltetøy eller granskuddgelé, som er mitt siste tilskot til matlageret, ei julegåve frå svigermor. Min paté fekk kvedemarmelade på seg, eg trur den er frå Specialkøbmanden i København. Slikt tek nemleg eg med meg heim frå reiser. Så lenge du ikkje tek den …

Hot

Det er mange måtar å handtere vinteren på, og i matvegen likar eg det hotte når det er kaldt ute. Sjølv om Nord-Afrika og Noreg ikkje har så mykje til felles, har eg stor glede av dei nord-afrikanske mattradisjonane. I tider då fasilitetane for å lagre mat var annleis enn no, var sterke krydder med på å skjule usmak og påbyrja rotning. Med kjøl, frys og hermetisering tilgjengeleg treng ein ikkje skjule dårleg smak lenger. Likevel har matkulturane med sterk mat breidd om seg. Latin-amerikansk, asiatisk og afrikansk mat blir meir og meir populært over heile verda. Chili er å få tak i same kvar ein er, ingefær og kvitløk er i butikkane som ferske varer, og ikkje tørka pulver.  I Libanon ligg ein liten by som heiter Harissa. Den er eit katolsk pilgrimsmål, men er mest kjend for å ha gjeve namn til krydderblandinga harissa. Denne krydderblandinga er det nord-afrikanske svaret på den indiske garam masala, og den indonesiske sambal oelek. Og som garam masala har kvar husmor med respekt for seg sjølv si …

Fransk inspirasjon

Eg har lett for å ta restar eg finn i kjøleskapet som ikkje kan etast der og då og legge dei i ein pose i frysaren til påkommande tilfelle. Her om dagen fann eg ein skinkeskalk i frysaren som eg hadde putta i ein pose for å sleppe å kaste den. Eg venta gjester i går kveld, men hadde ikkje så mykje å by på. Då kom skinkeresten til sin rett, bokstaveleg tala. Eg bakte eit brød som eg fekk i Frankrike i sommar, eit matbrød som har alt det gode bakt inn i seg. Uvant til i Provence å vere har brødet verken timian eller rosmarin i seg, men derimot saftige og salte oliven, nøtter, ost og skinke. Brødet fekk vi servert med eit enkelt glas rosévin til, og dei ekstravagante smurde på ein klatt aioli. Så enkelt kan ein gjere det, lage eit godt brød, opne ei flaske vin og lage ein god dipp til. Slik lagar du mitt provençalske kosebrød: Provençalsk olivenbrød Ca. 6 dl kveitemjøl 1 ts salt ½ pakke gjær …

Søtt og magisk

”Vil du ha honning?”, sa mor mi på telefonen, ho ringde medan ho heldt på å pakke snippeska til far min som skulle til Oslo. ”Eg har honning frå nå Vidar Kalland her, vil du ha sommarhonning eller lynghonning?” ”Ja takk, begge delar” er det sjølvsagte svaret på tilbod om honning, det har eg lært. Så no er eg to store honningglas rikare, og heile huset gler seg over det. Honning har noko magisk ved seg. Biene samlar nektar, og blandar den med sine eigne sekret til dette nydelege søtstoffet som er søtare enn sukker. Kroppen tek opp energien frå honning betre enn energien frå sukker, fordi sukkerstoffa allereie er delvis nedbrotne av biene. Dermed går energien rett i blodet, og gjev oss styrke og hjelper oss å halde ut når vi er slitne. Honning er også rik på mineralar og sporstoff, og eit tynt lag med honning på eit sår gjer at det gror fortare. Dei einaste som ikkje skal ha honning er babyar, i uoppvarma honning finst det ørsmå mengder botulinbakteriar. Så små …

Den raude fare i kjøkenet

Vanlegvis vert ungane mine glade når dei kjem heim og eg er på kjøkkenet i full gang med noko. Dei veit at då får dei stogga svolten ganske raskt. Men mandag var dei himmelfalne. Eg sto der iført forkle og gummihanskar, og det såg ut som om eg hadde teke livet av nokon. ”Blod overalt» ville vere det korrekte uttrykket for ein med legning for dramatikk. Det var eit resultat av lemfeldig omgang med raudbeter i kombinasjon med teknisk utstyr, eg skulle rive raudbeter, og så var eg slurvete med å sette mateloket skikkeleg fast på matmølla mi. Dermed vart det ein smule sprut rundt om i kjøkenet. Men heldigvis er fargen vassløyseleg, så skaden lot seg reparere. Det er ei vanskeleg tid for grønsaker no, triste, smaklause tomatar og slapp salat i alle hyller. Urtene døyr i vinduskarmen før eg får sukk for meg, og eg er uinspirert i matbutikken. Men denne gongen var det altså store, vakre raudbeter som redda meg. Rotgrønsakene er dei vi kan stole på no på slutten av vinteren, …

Finst det noko deiligare….

-enn å kome heim frå ei lang arbeidsveke, gå av bussen, stikke innom naboen på andre sida av plenen, dele tankar og bekymringar, få servert ein fruktig, lett rødvin og nachos med guacamole? Guacamole 2 avokadoar 1/2 ss sitronsaft 4 cherrytomatar Eit knust og finhakka kvitløksfedd Salt og peppar 1/2 ts spisskummen Mos avokadoane og bland alt. Enjoy.  

Utgått på dato?

Eg har alltid hatt eit frilyndt forhold til dei datoane matvareprodusentane stemplar på varene dei sender ut på marknaden. Ein daglegvarehandlarson i min nære krets påstår at han aldri har smakt mjølk som ikkje er utgått på dato. Kokkar eg omgås hevdar hardnakka at eiga nase og øvrige sansar er det einaste ein bør stole på når det gjeld å avgjere om ei matvare er etande eller ikkje. Nokre tommelfingerreglar bør ein likevel halde seg til: Malt kjøt (og anna bearbeidd mat) er mykje meir utsett for bakteriar enn heile kjøtstykke, og bør difor vurderast nøye, uansett påstempla dato. Mat som er mygla skal ein og vere forsiktig med, det hjelper ikkje alltid å skrape mygla vekk, iallfall ikkje frå mjuk mat der mygltrådane lett kan vandre, som mjuk ost, syltetøy og saft. Luktar maten vondt kan den stort sett alltid kastast, sjølv om eg har fått malande skildringar av korleis heile kjøtstykke oppstår frå ei nær døden-oppleving viss det vert kunstferdig inngnidd med salt. Mor mi fortel om vasking av sure pølser hos ein …