Ei kvardagssuppe
Det er ingenting som varmar som ei deilig kvardagssuppe no i den fuktige, kjølege overgangen mellom haust og vinter. For meg er ei kvardagssuppe ei suppe du kan lage utan å måtte ut og handle, som du lagar med ting du har i skapet. Det gjer livet enklare når vi er sjuke, eller har det travelt mellom jobb, skule, barnehage, korps og trening. Denne suppa ser ut som ei tomatsuppe, men den er meir enn det. Eg har i ein boks bønner, som gjev næring og gode proteinar. I tillegg har eg i det eg måtte ha i hus av grønsaker. Sidan mine barn er pingler, køyrer eg den glatt med stavmiksar. (Eg må berre tilføye at dei vert ikkje ført bak lyset. Dei er heilt klar over at det er grønsaker i suppa, dei er med og skrellar gulerøtter, og knaskar gjerne i seg eit heilt mjølkeglas med gulrotstavar før middag. Det er berre bitar av kokte grønsaker dei vil ha seg fråbedne. Forstå det den som kan.) I denne suppa kan du putte …

