All posts filed under: Dessert

Mangokake

Den deilige og syndefulle baksten eg har laga i dag er ei saftig og god mango-kake. Den er ei enkel formkake som eg lagar i ringform, då blir det lett å lage lekre stykke. Bak den gjerne i ei lita rund form og, eller ei avlang form. Tilpass steiketida etter kor ”tjukk” kaka blir. Om ikkje så lenge er det sesong for dei aromatiske pakistanske mangoane. Når dei kjem i innvandrarbutikkane er det berre å slå til. Men denne kaka kan lagast med hermetisk mango og grøn bend-it-mango og. Slik gjer eg det: Mangokake 250 g mjøl 2 ts bakepulver 150 g smør 200 g sukker 2 egg 2 mangoar (ca. 150 g mangopuré) 1 ts kardemomme Saft og skal av ein halv sitron (ca. 2 ss) Glasur: 1 ss sitronsaft 300 g melis Vatn til passe tjukk glasur Set steikeomnen på 190 grader. Gjer klar forma ved å smøre den med eit tynt lag smelta smør, og så strø i ei spiseskei kveitemjøl som du ristar rundt til botn og kantar er dekt. Pisk …

Søt sitrussalat

Til dessert i dag serverer eg ein sitrussalat, no når sitrusfruktene er på det beste. I butikken fann eg blodappelsin, vanleg appelsin og rosa grapefrukt, det gir eit fint fargespel og ein god smaksvariasjon i appelsinsalaten. “Dressingen” til salaten er ein sukkerlake krydra med kardemomme. Slik gjorde eg det: Sitrussalat To appelsiner To blodappelsiner To grapefrukt 2 dl vatn 1 dl sukker Safta av ½ sitron Tre kardemommefrø 1 ts ekte vaniljesukker, eller frø frå ei halv stang Skjer topp og botn av appelsinene, og skjer så kjøtet av ned på sidene. Press gjerne safta av det du skjer av oppi ei lita gryte. Den kan du bruke til å ha i laken etterpå. Kutt appelsinene først i to frå topp til botnar, og så i tynne skiver. Anrett fruktskivene i ei serveringsskål, dekk den til og set den til side. Kok opp vatn og appelsinsaft, til saman 2 dl, i gryta, og ha i sukker, kardemommefrø og vanilje. La det koke nokre minutt, og så kan du slå av plata. La laken kolne. Når …

Karamellpudding

Å lage dessert er ei stor glede. Du har god tid, og kan lage den dagen før. Dermed kan du møte gjestane dine med senka skuldrar når dei bankar på døra. Alle likar dessertar. Etter ein god middag vert desserten prikken over i-en. Maten vert drygare med ein dessert til slutt, du kan rekne at det går litt mindre av hovudretten når du varslar at det er ein deilig dessert i vente. I dei fleste oppskriftene på gode juledessertar skal det vere vaniljesukker. Finn du ekte vaniljesukker, så kjøp det, og finn du det ikkje så mas på butikksjefen der du handlar for å få han til å ta det inn.  Det smakar SÅ mykje betre enn vanleg vanilin-vaniljesukker, som er smaksett med kunstig vanilje. Merket er Tørsleffs, og grossisten heiter Haugen-gruppen, kan du seie til kjøpmannen din. Cemo krydder har også ekte vaniljesukker. Du kan sjølvsagt også lage ditt eige, ved å putte brukte vaniljestenger i eit glas med fint sukker. Karamellpudding må du lage minst dagen før den skal serverast. Den held seg …

Fløtekarameller med maldonsalt og utan sirup

Etter pepperkakehusliminga på tirsdag sto eg der som vanleg med ei steikepanne full av smelta sukker. Kva gjer ein då? Jau, ein lagar fløtekarameller! Eg hadde berre laktosefri fløte i kjøleskapet, men det gjekk veldig fint, karamellene vart kjempegode. Problemet er å skrive ei nøyaktig oppskrift. Sjeldan har eg lagd mat på slump som når eg lagde desse karamellene. Men eg skal prøve å gje eit anslag, og ein beskrivelse av det eg gjorde, så får du teste det ut og sjå om du får det til å fungere. Dei er verd å lage, og dei er lettetne. Slik gjorde eg det: Fløtekarameller med maldonsalt 2 dl sukker 2 dl fløte, gjerne laktosefri Maldonsalt Litt matolje Små former Ha sukkeret i ei steikepanne, og set den på middels sterk varme. La den stå til sukkeret smeltar. Dette er risikosport, nokre har i vatn, og let det koke til vatnet er borte, men eg syns det er enklast å berre gå rett på. Eg flyttar steikapanna rundt på plata for at det som er i midten …