Fest, Noko søtt, Veggis
Comment 1

Torta della Nonna


I dag serverer eg ei klassisk italiensk kake, Torta della Nonna. Torta della Nonna betyr Bestemors kake, og dette er ei kake som det finst like mange oppskrifter på som det finst italienske bestemødre. Den er eigentleg ein pai med søt paideig, som er fylt med ein vaniljekrem.

Vaniljekremen kan smaksettast på ulikt vis, og det kan faktisk også deigen. Mange har sitrusskal i deigen, i dag droppa eg det. Derimot hadde eg litt sitronskal i fyllet, men det kan du droppe viss du ikkje likar det. Husk at du ikkje skal ha kjensla av å spise sitronkrem, vanilje og ost skal vere hovudsmaken.

Eg har eksperimentert med å ha smelta sjokolade i fyllet, og det kan eg love deg smakar fantastisk. Kremen kan også smaksettast med Cointreau eller annan sitruslikør, viss du har i skapet. Denne vaniljekremoppskrifta er så enkel og ”safe” at  du gjerne kan bruke den i andre samanhengar der du skal ha vaniljekrem. Husk å bruke ekte vaniljesukker når du lagar denne kaka. Det grønstripete frå Tørsleff som dei har på ICA, veit du. Slik gjer du det:

Torta della Nonna

Fyll – vaniljekrem:

2,5 dl heilmjølk

1 ts vaniljesukker

3 eggeplommer

1 dl sukker

125 g kremost, naturell

2 ss mjøl

Skal av ein sitron, eventuelt 2 ss cointreau

Deig:

225 g mjøl

100 g sukker

120 g meierismør

1 ts bakepulver

1 ts vaniljesukker

¼ ts salt

1 egg

Til pensling:

1 eggekvite

25 g pinjekjerner

Melis

Ha mjølka i ei tjukkbotna gryte saman med vaniljesukkeret, og la det koke opp. Ta til side. Ha eggeplommer, mjøl, ost og sukker i ein bolle, og pisk det glatt med handmiksar. Ha i smakstilsetninga du brukar og rør godt. Slå i den nyoppkokte mjølka medan du rører godt. Ha alt tilbake i gryta, og set det på plata igjen. La det heile koke opp att medan du rører flittig. La det boble forsiktig i eit minutt. Ta gryta av plata og hell kremen i ein bolle. Set den kaldt medan du lagar paiskalet.

Finn fram ei 22 cm paiform. Set steikeomnen på 175 grader. Ha mjøl, sukker, bakepulver, vaniljesukker og salt i ei matmølle. Køyr det litt for å blande ingrediensane. Ha i smøret i klumpar. Køyr det til alt smøret har fordelt seg i mjølblandinga. Ha i egget, og køyr til deigen samlar seg om midtpålen i matmølla. Legg deigen kaldt litt.

Del deigen i to. Kjevle den eine, gjerne på gladpack eller på godt strødd bordplate. Flytt deigen over i paiforma, og trykk den godt ut i kantane. Skjer bort det som går over kantane med ein skarp kniv.

Ha den kolna kremen i paiskalet. Kjevle ut den andre halvdelen av deigen, og legg den oppå kremen. Brett kanten på det nederste deiglaget ned på det på toppen. Stikk nokre luftehol i topploket, og steik paien i 35-40 minutt, til den er pent gylden.

Rist pinjekjerner i tørr steikepanne til dei er pent brune. Dryss dei over kaka. Ha litt melis i ein tesil, og pudre over til slutt. Har du ikkje pinjekjerner kan du bruke mandelflak. Server med jordbær frå frysedisken som du tiner og køyrer glatt med litt sukker til ein bærsaus.

This entry was posted in: Fest, Noko søtt, Veggis

av

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

Éin kommentar

  1. Tilbakeping: Tweets that mention Torta della Nonna « Alt godt -- Topsy.com

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s