All posts filed under: Veggis

Dagens middag

For meg er det å kaste mat noko eg helst vil unngå. Dei eg bur saman med klagar når dei blir servert tre forskjellige middagar fordi «noko må etast opp», men det gir eg meg katten i. Men når dei får servert dagens rett får eg ingen klager. Hovudingrediensen er kokt ris, og til ein slik stor porsjon brukar eg å koke ny ris. Du kan bruke ris som vart kokt dagen før, men då blir det ofte ikkje nok til ein heil familie. Dagens rett er altså steikt ris. Nasi goreng kallar nokre det, og det er vel det næraste vi kjem indonesisk lapskaus. Det er ein fin måte å bruke restar på, og det er ein billig middag, for det går med relativt lite kjøt. Steikt ris kan sjølvsagt også vere vegetarisk, suppler med meir grønsaker. Vi hadde restar i kjøleskapet etter eit kalkunbryst som vart servert til søndagsmiddag, og det kutta eg i små terningar. Grønsakene er viktige i steikt ris. Her er det stort rom for variasjon. Paprika i alle fargar, …

Middelhav og kvardag

I dag skal du få to gode middagsforslag av meg, ein kvardagsmiddag og ein ”til fint”. Kvardagsmiddagen er ei ostepanne som har vore i familien min så lenge eg kan hugse, og i følge ei familieanekdote var eg ikkje meir enn fire-fem år før eg kunne attgje denne oppskrifta. Ein friar som vanka i huset vårt nokre år påsto at mor mi hadde noko som han kalte ostepannetesten. Når det kom nye friarar til gards serverte ho ostepanne, og nåde den som ikkje åt opp porsjonen sin, uansett kva han måtte synest om denne retten. Dette er sjølvsagt berre ondsinna snakk, og dessutan smakar ostepanna så godt at den er vel verd å bli blogga! Ostepanna består av blomkål og purre som vert dampa med ost over. Dette høyrest banalt enkelt ut, men kombinasjonen av blomkål, purre og ost gjev faktisk ein karakteristisk og deilig smak. Slik gjer du det: Mamma si ostepanne Eit blomkålhovud To små eller ein stor purre 2 dl vatn 200 g riven ost Vel 1 ts salt Paprikapulver Skyll blomkålen …

Småtteri med og utan avokado

Eg er alltid på leit etter lekre rettar som er gode nok til å servere gjestar, og som krev mindre enn ein halvtime på kjøkkenet. Å få til eit sosialt liv med låg terskel både for besøkande og for vertskap er ei utfordring, god mat som er lett å lage og som smakar godt aukar trivselen for gjestane og gjer jobben som vert eller vertinne enklare. I dag får du oppskrift på tre smårettar som du kan by på. Det er ingen grunn til å skulle invitere på full middag alltid, berre ein har raust med småting å tygge på, og noko godt å drikke. Ein lett kvitvin passar fint til dette selskapet, husk farris og eplemost til dei som køyrer eller av andre grunnar ikkje vil ha vin. Utgangspunktet for meg er alltid kva eg finn i butikken til ei kvar tid, kva sesong vi er inne i. Dersom du bestemmer deg på førehand kva du skal ha, og går ut for å leite, kan du ofte bli skuffa. Det er betre å la …

Gjensyn med skapfyllet

På det glade 70-talet var det god skikk at det sto minst tre fondygrytesett på eit bryllupsgåvebord. Dei fleste heimar der vigselsattesten er datert mellom 1968 og 1980 har eit slikt innerst i eit skap. Slikt skapfyll bør slik eg ser det møte verda på ein av to måtar: enten på loppemarknad slik at nokon andre som framleis syns fondy er gøy kan få glede av dei, eller så bør dei bli tekne i bruk att.  Fondy er i ferd med å bli moderne igjen, det har blitt meir vanleg å få tak i reinskore, godt mørt kjøt, og 70-talet er blitt mote igjen både når det gjeld mote, interiør og design. Sjå berre korleis dei gamle, emaljerte Katrineholm-grytene går unna til høge prisar i bruktbutikkane på Grünerløkka i Oslo. Og dei klassiske oransje piskebollane som ein fråfallen svensk prins designa er sett i produksjon igjen, lik dei berømte Relling-stolane frå Indre Sunnmøre. Har du ikkje fondysett, er det inga krise. Inntil sist jul, då eg vart eigar av mitt første fondysett, hadde eg klart …

Det vesle attåt

Kva skal vi ha til? Det er spørsmålet eg får når eg seier vi skal ha laks, kylling eller biff til middag. Og er det ikkje der utfordringa ligg? Å finne gode, varierte tilbehør som til og med er sunne, viss du er heldig? Helseguruane seier vi skal ha mindre poteter, pasta og ris, og då må vi ha fleire gode tilbehør, elles vert middagane trist. Så i dag får du to gode, enkle tilbehørsoppskrifter av meg. Kan nokon finne eit godt nynorsk ord til meg, forresten? På svensk har eg funne ordet ”tiltugg”, men det vert brukt om fingermat som vert servert til drinkar. Men kanskje tiltygg er det nye nynorske ordet for tilbehør? Amerikanarane kallar det ”side dish”, og det likar eg, ofte serverer eg tilbehøret på ein liten asjett ved sidan av. Ungane mine et meir salat viss eg lagar den i ei skål spesielt til kvar enkelt av dei. Då kan dei som ikkje likar tomat eller rå løk sleppe det, og få meir av det dei likar. Til sommaren og …

Når du kjem til Oslo…

bør du gå ein tur gjennom Torggata, Grønlandsleiret og Tøyengata. Vietnamesiske, tyrkiske og afrikanske restaurantar og butikkar ligg side om side, og inspirerer til nye, uventa matopplevingar. Er du svolten, kan du gå inn på eit tyrkisk gatekjøkken, og be om falafel i pita. Falafel er ein slags kjøtbollar utan kjøt, som er lagd av kikerter. Retten er typisk arabisk fastfood, langt betre enn hamburger, spør du meg. Falafel vert gjerne servert i pitabrød med hummus og ein god chilisaus til, og smakar kjempegodt når du har vore på shopping og treng noko sunt og næringsrikt raskt. Som med mykje anna god mat kan falafel lagast både raskt og meir tidkrevande. Tida som går med og kvaliteten heng ofte saman, men har ein lite tid er lettvint-falafel kjempegodt. Då kjøper du ganske enkelt ein eller to pakkar falafelmiks, rører det ut med vatn og formar til små ballar. Desse friterer du i varm olje, og serverer med pitabrød og det som elles høyrer med. Friteringa gjer at dette ikkje går inn i Grete Roede sitt …

Dei beste pannekakene

Her i huset har vi ein liten diskusjon om pannekakene. Eg likar dei tynne, lette, litt søtlege og med ei god klype salt i røra. Slik får eg dei berre viss eg lagar dei sjølv. Han eg delar kjøkken med vil ha dei tjukke, han syns det er unødvendig med salt i røra og han steiker dei i store mengder margarin. Han om det, slik gjer eg det: Pannekaker 2 egg 3 ss sukker ½ ts salt 3 dl kveitemjøl 5 dl mjølk 2 ss smelta smør, eller flytande bremykt Knekk egga i ein bolle, og rør inn sukkeret og saltet. Ha i ei spiseskei mjøl, så litt mjølk og rør glatt, så ei skei mjøl til og litt meir mjølk. Slik held du på til du er tom for både mjøl og mjølk. La røra stå litt. Ha i det smelta smøret like før du skal til å steike. Steik pannekakene pent brune med ein liten klatt smør for kvar pannekake. Eg likar pannekaker med sukker og sitron, og drysser ei lita teskei sukker …

Vil du gjere eit barn lykkeleg?

Nokre av mine oppskrifter er skrivne for barn. Eg har halde matkurs for barn, og har også hatt ein del oppskrifter for barn i matspalta eg skriv. Gode matoppskrifter for barn skil seg ikkje så veldig frå ”vaksenoppskrifter”, men eg brukar å vere litt meir konkret i barneoppskriftene mine, ikkje gje så mange valg og alternativ som i dei vanlege. Dessutan brukar eg punktrekker for å beskrive dei ulike operasjonane. Det gjer det enklare å gjere ting i rett rekkefølge. Det kan vere enklare å huske kva punkt du er på enn å måtte lese igjennom heile teksten for å prøve å huske kor langt du har kome. Mitt første møte med matlaging skjedde då eg gjekk i tredje klasse, og eg fekk ei ny tante som eg likte kjempegodt.  Ho var læraren til bror min, og ho var den kulaste dama eg nokon gong hadde møtt. Ho var pen, ho song i kor og ho var (og er) alltid blid og smilande. Så skjedde det store under over alle under, at ho gjekk på …