Aioli
Dette innlegget skriv eg eigentleg mest for min eigen del. Men det kan hende at du har nytte av det og. Å søke på aioli i bloggen min er håplaust, for eg nemner det så ofte. Men i dette innlegget får du ganske enkelt oppskrifta, og ikkje noko anna. Aioli er i praksis ein majones med kvitløk i, og den er ikkje vanskeleg å lage trass sitt rykte. Slik gjer du det: Aioli 2 eggeplommer (frys kvitene, eller lag marengs med dei) 2 fedd kvitløk 1 ts dijonsennep 2 ss sitronsaft 1 lita ts salt Litt sukker eller honning ½ dl jomfruolivenolje 3 dl nøytral olje Press kvitløken, og bland alt som står over saman i ein bolle. Ta fram den gode, gamle miksaren som mor di brukte til vaffelrøre. Miks ingrediensane over med nokre få dropar olivenolje. Du kan byrje med ein god, kaldpressa jomfruolivenolje, ca. 1/2 dl. Så tek du ein mildare olje, enten ein mild olivenolje eller ein annan smaksnøytral olje, til dømes raps eller soya, til saman 2 dl. Brukar du …