Author: Alt godt

I dag! På tv!

(Puh, denne gongen gløymde eg ikkje å seie frå.) I ettermiddag, sånn i sekstida, er eg på tv igjen! Denne gongen er eg til og med på eigne bein, utan Hanne på Høyden som støttekontakt. Det vert i overkant spennande, men det går sikkert bra. Eg skal lage urtesalt, eg skal sylte tomatar og så må eg vise nektarinsyltetøyet ein gong til, for det er så lett. Så om du har lyst til å sjå meg på tv, så skru på NRK1 klokka seks. Har du søvnproblem går programmet i reprise klokka 05:00 (!!) torsdag morgon, og for dei heimeverande går det i reprise klokka eitt på torsdag. Heng på!

Laks med sprø salat

Sjølv om kalenderen viser september skin sola rett som det er. Då gjeld det å nyte varmen og lyset så lenge det er her. I butikkane finn du lekre rotfrukter, frukt og bær, så du kan også nyte smakane av sommaren og. I dag har eg lagd ein lekker lakserett der eg brukar rotfrukter som salatgrønsaker. Då får du ein sprø, frisk og smaksrik salat som også mettar godt. Eg serverte laksen åleine saman med salaten og ein urtesaus, men du kan og servere poteter eller byggris til. Laks er vår tids fastfood, spesielt dei fileterte lakseryggstykka som du får kjøpt vakuumpakka og ferdige, klare for ein kjapp middag. Det har kome torsk i same type innpakning, så ferske, lettvinte fiskemiddagar er enkelt å få til, sjølv om det er billigare å filetere fisken sjølv. Filetert fisk treng minimal varmebehandling, og middagen er klar til servering på fem minutt. Det betyr at du bør vente med å lage til laksen til salaten og urtesausen er klar. Slik gjorde eg det: Laks med sprø salat 800 …

Skogsbæris

Til dessert lagar vi heimelaga is av bær som vi har teke vare på i frysaren. Eg er ei utolmodig sjel, så eg orkar sjeldan plukke bær lenge i gongen. Difor har eg ein boks i frysaren, der eg legg i bær når eg har tid og ork til å plukke. Der finn du litt blåbær, litt bringebær og litt bjørnebær frå hagen. Når boksen er full, tek eg den ut og lagar ein deilig sommaris av den. Du kan også lage denne isen med bær frå frysedisken. Isen vert laga på enklaste måte, utan ismaskin, men med matmølle. Eg søtar den med sommarhonning, som eg smeltar før eg har den i matmølla. Viss ikkje blir det klumpar av honning i isen, og det er ikkje noko særleg. Måla eg oppgir er omtrentlege, og du kan bytte ut bærsortar, eller supplere med dei bærsortane du har tilgang til som du likar. Men bæra du brukar må vere frosne, elles må du styre med å røre i den medan den står i frysaren. Dette er is …

Sitronpasta med kylling

No når sommaren går mot slutten er eg ekstra påpasseleg med å ta vare på og nyte dei gode sommarsmakane. Den overfloda vi finn no av urter, frukt og bær kan både takast vare på i krukker og glas, og den kan nytast her og no. Eg lagar ein enkel pastarett i dag, som har friske sommarsmakar i seg med urter, kvitløk og sitron. Denne pastaretten smakar friskt og sommarleg. Ikkje vert redd for smørmengda, dette er mager mat med magert kjøt, så litt godt smør gir den rette smaken. Til steikinga brukar eg margarin. Eg vil steike kyllingen på høg varme slik at den får fin skorpe, og til slik steiking gir margarin det beste resultatet. Sitronpasta med kylling 800 g kyllingfilet 2 ss margarin 500 g pasta, eg brukte bandspagetti Safta av1 sitron 2 dl vatn 3 ss smør 3 fedd kvitløk Salt og peppar Masse fersk basilikum og persille Skjer kyllingfileten i strimlar. Steik den i margarin til den får fin og brun overflate, og er gjennomsteikt. Salte og pepre undervegs. Legg …

Hal David (1921-2012)

Hal David er mykje mindre kjent enn sin musikalske partner, Burt Bacarach. Saman skreiv dei ei lang rekke klassiske pop-perler som står att i historia og aldri vil bli gløymt. Hal David var tekstforfattaren, og skreiv smått geniale tekstar til Burt Bacarach sine særprega og elegante melodilinjer. Ofte kunne tekstane og sangane vere ganske melankolske, ofte var dei mangetydige og rørande. Saman skapte Bacarach og David musikk som ingen andre hadde laga før dei, som ikkje likna på noko anna og som du kjenner igjen med ein gong du høyrer det. Denne er ei av dei beste: Do you know the way to San José, om alle som vil til Hollywood for å bli berømte og vinne verda. Dei fleste blir verken berømte eller verdsvinnarar, dessverre, men endar opp med å jobbe på barar, caféar og bensinstasjonar. Do you know the way to San José? I’ve been away so long. I may go wrong and lose my way. Do you know the way to San José? I’m going back to find some peace of mind …

Ja, eg er litt sløv…

Eg har gløymt å fortelje at eg skulle på God Morgen Norge i dag! Men det heile går i reprise, og du får sjå det om du slår på tv2 no. Eg reknar med at innslaget kjem på ein gong rundt kl. 11. Kva eg gjer? Pratar om sylting og safting, vel. 🙂

Den store bryllupskaka

4. august gifta to av dei vakraste menneska eg kjenner seg, og gåva vår til dei var bryllupskaka. Det har liksom blitt ein tradisjon, det at eg lagar bryllupskaka til vennar og kjente, og det er ei like stor glede kvar gong. Denne gongen ynskte brudeparet seg ei marsipankake, og det fekk dei. Sidan det var vår gåve til dei var det naturleg å pynte den som ei gåve, med pakkeband, roser og det heile. Som dei fleste marsipankaker hadde denne sukkerbrødbotn. Den må lagast i omgangar, og har du to kjøkkenmaskiner som kan gå parallelt er det det beste. Du må også ha ei djup langpanneform, elles må den steike i veldig mange omgongar. For å gjere dette slik at den er klar til du skal i vigsla må du byrje dagen før, og då bør du ha eit kjølerom til kaka over natta. Alternativet er å fylle den på sjølve dagen, men den vert saftigare og betre om den får stå med fyllet over natta. Vi budde midt i eit bringebærland, så vi …

Sylteboksignering – i Oslo!

Du treff meg på Ringnes park, øverst på Grünerløkka, fredag klokka tre! Butikken heiter Tanum, og der har dei stabel på stabel av den nye boka mi. På Tanum Ringnes park blir det live-sylting igjen, eg har ikkje heilt bestemt meg for kva eg skal lage, men smaksprøver vert det iallfall. Og så signerer eg Sylting og safting heile året til deg viss du vil kjøpe ei. Heng med!

For mange matbloggar?

Neida. Her kjem ein til. Den er laga av ein gjeng kvinner som kallar seg nakne. Dei er det mest i overført betydning, og dessutan kan dei mykje om mat. Eg er ei av dei, men eg har ikkje fått tid til å poste oppskrifter der enno. Men her finn du dei nakne kvinnene og oppskriftene deira. Kos deg!

-Og i Trondheim!

I morgon! På nordre gate, utanfor Norli, står vi og syltar og delar ut smaksprøver og signerer bøker frå 11:30 til 13:30. Dette er det siste høvet til å få Sylting og safting heile året signert av begge Gundaene, så stikk innom om du er i Trondheim!

Live-sylting i Stjørdal!

Førstkommande fredag lagar vi lanseringsfest for Sylting og safting i Trøndelag! Dei to Gunda-ene, GundaM og eg, signerer bøker, eg syltar og det blir stor ståhei på Bruktbo. Du finn Bruktbo i Sutterøygata 22 i Stjørdal, og frå klokka elleve til klokka tre blir det bokslepp og mykje moro. Bruktbo er plassen der GundaM har funne mesteparten av alle greiene vi brukte for å presentere syltetøy og saft i boka, så kanskje du og finn noko fint som inspirerer deg der? Kom og bli med om du er i nærleiken!

Kva eg driv med for tida?

Nei, ikkje så mykje. Eg berre – planlegg det eg skal lage og servere på haustlanseringa til Samlaget 16. august – tenker ut korleis eg skal pynte ei bryllupskake til 80 personar som skal serverast denne helga i Hardanger – fiksar dressar til brudesveinar og trettenåringen min – planlegg sylteboksignering i Trøndelag neste helg – jobbar – Handlar inn bursdagsgåver til dei næraste tre familiebursdagane – kjøper inn ting til bryllupet vårt, som skal vere 22. september – syltar og saftar til haustlansering, boksigneringar og til bryllupet med den store kaka og vårt eige bryllup – pakkar ut koffertar frå Hellas-turen – syr bryllupsdukar – planlegg kva vi skal servere i vårt eige bryllup  – Ein heil del altså, når eg tenker meg om. Difor er det litt stille her. Men eg kjem plutseleg tilbake!

Min greske frukost

Slik er den, stort sett kvar dag: To-tre rause spiseskeier gresk yoghurt. Kva er så vanskeleg med å få lagd dennne yoghurten til ein fornuftig pris i Norge? Eg forstår det ikkje. Den er så nydeleg! Ein liten neve hasselnøtter. Det du måtte ha av frukt. På bildet har eg faktisk tørka bananar, men nektarinar, fersknar eller aprikos passar veldig godt. Ringle over flytande honning etter smak. Nyt! 😀

Sjarmerande dame med 2 i norsk…

Dette symfoniorkesteret skal bort innen helgen. 

Meir Hellas!

Å, vi har det så fint her! Eg skal skrive litt meir detaljert etterkvart, men no er vi på reise, så det blir med desse bilda. Fin sekstenåring som ikkje kan gå på vatnet, det berre ser slik ut. (Ho hoppar frå ein båt.)   Den tredje største byen på Ithaka; Kioni:   Ein sommarfugl som har tilhald i Kioni:   Ser du stalagtittane som heng ned? Dei har hunge i grotter, men ytterveggen i grotta fall ned, og i havet. Dermed vart det ein naken vegg med stalagtittar på. Kult!

Hellas!

Nei, eg er ikkje borte! Vi har ikkje forsvunne frå jordas overflate. Vi har teke turen til Hellas, der vi hoppar frå plass til plass på veg til Athen, der vi skal bytte hus med ein gresk familie. Nettet her vi bur no, på Keffalinia, er veldig lite samarbeidsvillig. Difor blir det ikkje så mange oppdateringar i bloggen, men det skal eg prøve å ta att i Athen. Ha tol med meg! Og kos deg med desse bilda medan du ventar. Hellas er fint! 🙂 Solnedgang ved Ammes Beach:   Utsikt frå Acropolis of the old Same (neida, det har ingenting med gamle samar å gjere, men er ruinane som er igjen etter den gamle festninga til byen Sami.)       Bleike norske føter på Myhrtos beach. For ei perle!  

Siste sjanse!

Hylla var sein i år, men no blømer ho på vestlandet og nordover, og syng på siste verset. Så denne helga må du kome deg ut for å plukke hylleblomar, det er sist sjanse denne sommaren! Sunnmøringane er priviligerte som har svarthyll ved kvar ei husnåv, her i Tigerstaden er den vanskeleg å finne. Eg har funne ein svarthyll på Ekeberg,  og så veks det ein liten skog på Carl Berner. Det var der eg fekk plukka i år. På Leikong har vi ein diger svarthyll i hagen, og det er som å rappe godteri frå småungar å lage nydeleg saft både av blomar og bær. Styr unna raudhyllen. Den er lett å skilje frå svarthyllen ved at den har blomar som lange duskar, nesten som syrinblomar, medan svarthyllen har flate blomebukettar, nærast små paraplyar. Dessutan blømer raudhyllen før svarthyllen. Når bæra kjem er det endå enklare å skilje dei frå kvarandre ved å sjå på bærfargen, men blomesafta er meir spennande på smak og lettare å bruke,v så utfordringa er å sjå kva som …

T-bana i Oslo redesigna

Har du sett denne bloggen? Innehavaren redesignar t-banene rundt om i verda med sirkulære former. Fantastisk! Presentasjonen av t-bana i Oslo gjorde faktisk at eg endeleg forsto korleis banene går forbi Storo og Nydalen. Vakkert!

Style leiligheit?

Lett. Du berre malar alt kvitt, unntatt den nytrendige tapeten på kjøkkenet, og så tek du med fire like bilde og to stigar. Ferdig!

Jon Lord 1941-2012

Jon Lord døydde i dag, etter å ha kjempa mot kreft i lang tid. Eigentleg var han ikkje min helt, men bror min sin. Når ein bur i lag slik ein gjer med søsken så smittar musikksmaken over. Deep Purple var bror min sine heltar, og Jon Lord spelte ei viktig rolle på keyboard. Når bror min var i det eksperimentelle hjørnet stilte han dei to ganske lette høyttalarane vi hadde mot kvarandre, spelte Jon Lord sin solo i Child in Time frå In Rock på full guffe. Det ikkje heilt supersoniske anlegget vårt klarte å gi ein illusjon av at musikken sirkulerte i hovudet, og vi var euforiske. Whitesnake, der Jon Lord også var med, vart også flittig spelt heime hos oss, med den same karakteristiske orgelklangen som Jon Lord var så kjend for. Men i tillegg til den lange diskografien med Deep Purple har Jon Lord laga mykje flott musikk for orgel og orkester. Leit deg fram på youtube, så finn du mykje flott musikk av Jon Lord. Om du orkar, kan du …

Det er mykje ein skal tenke på…

Viss ein skal sy, til dømes. Pudder og leppestift, har du tenkt på det? Og har du teke oppvasken?

Dei fine akeleiene

Er dei ikkje nydelege? No står dessverre berre frøstandane igjen, så eg må ha den her  i bloggen for å minne meg sjølv om kor vakre dei er. Ha ein god fredag! 🙂

Noko av det vakraste XXVI

Lhasa de Sela levde eit kort men intenst liv, det slutta alt for brått då ho døde nyttårsdag 2010 av kreft. Men i dei 37 åra ho levde lagde ho tre plater med aldeles rystande vakker og uttrykksfull musikk. Ho sang på fransk, spansk og engelsk, og farta mellom USA der ho var fødd, Mexico, der faren hennar kom frå, Frankrike og Canada. Denne sangen er kanskje hennar mest kjende, og kanskje har du høyrt den utan å vite at det er Lhasa som syng den.

Å velje ei duft II

I går skreiv eg om dei ulike kategoriane du finn dufter i, og kva parfymer som er typiske for dei ulike kategoriane. Det finst mange måtar å klassifisere parfymer på, så min «disposisjon» er ikkje ein fasit, men den er eit nyttig hjelpemiddel for å skaffe seg oversikt over duftene du finn i eit parfymeri. Men ein kan også karakterisere dufter som kjølege, varme, friske, lyse eller mørke. Uansett vil karakteristikkar og beskrivelsar vere subjektive, og ikkje minst vil ei duft kunne reagere med din hudkjemi, og endre karakter i møte med huda di. Ei duft nokre oppfattar som søt kan andre oppfatte som grøn og frisk. Då eg byrja å utvikle ei interesse for parfyme utover det vanlege vart eg overraska over å oppdage at det var viktigare å kartlegge kva eg ikkje likte enn kva eg likte. Eg hadde nokre bomkjøp, og eg hadde også nokre dufter som eg prøvde på meg som var så voldsomme at det syntest som om amputasjon var det mest fornuftige for å bli kvitt dei, for vanleg …

Å velje ei duft I

Det er så lenge sidan eg har skrive noko om parfyme her i bloggen at det nesten er flaut. Men det betyr ikkje at eg har slutta å bruke parfyme, eller å glede meg over det. Tvert imot, eg nyt parfyme meir enn nokon gong, og eg har jo ein til å parfymere, nemleg kjæresten min, og det doblar gleda. Men det eg ikkje har skrive noko klokt om er korleis ein skal velje ut sin eigen parfyme. Eg har hatt rundar der du kunne få hjelp til å velje, men ikkje noko om dei triksa eg sjølv har brukt for å velje ut mine eigne dufter. Dette innlegget vert så langt at eg delar det i to, i dag tek eg for meg dei ulike notegruppene som det er aktuelt å velje blant, og i morgon seier eg noko meir om korleis ein faktisk bør gå fram for å velje. Mange syns det å velje parfymer er vanskeleg. Eg har snakka med mange som har skapet fullt av dufter dei ikkje brukar. Det syns …