Author: Alt godt

I den svarte gryta

Å koke kjøt er undervurdert, dei fleste gjer det berre når dei skal lage fårikål. Men det gir deilig smak, og kjøt i grytebitar er dryg mat som mettar mange. Eg er så heldig at eg har fått meg ein trykkokar, og då går i tillegg kjøtkokinga unna på ein fjerdedel av tida. Plutseleg tek ting mykje kortare tid, og kjøtet vert mørt som smør. Så har du ein trykkokar, så ta den ut av skapet, eller ønsk deg ein til bursdagen din, det er for lenge til jul. Når eg lagar slike fyldige kjøtgryter brukar eg å steike kjøtet først. Det gjev masse smak, og kjøtet får ein flott farge, i staden for den klassiske grå fargen som vanleg kokt kjøt får. Så steiker eg løken i same gryte og slår på kraft. Då går ingenting tapt, alt det gode blir med i gryta og lagar ein fantastisk saus. Ikkje bli uroa om det legg seg ved og ser ganske mørkt ut, når du kokar gryta ut med kraft blir det som ligg i …

Fire år med blogging!

Ja, det var berre flaks at «jubileumsdatoen» ikkje gjekk meg hus forbi. Fru Storlien posta eit innlegg om at det var fire år sidan ho byrja å blogge, og så måtte eg tenke etter: Når var det eg byrja? Var det ikkje i januar ein gong? Og jammen var det det. Nittande januar 2009 posta eg forsiktig mitt første innlegg med ei oppmoding til å lage til eit selskap for dei du verkeleg vil treffe, i motsetnad til selskapa i julehøgtida, som kan ha eit strøk av plikt over seg. Menyen besto av carpaccio, heilsteikt ytrefilet med aioli og honningis med rista honningkake. Sjølv om eg er litt ustadig i blogginga for tida, mest på grunn av bokprosjektet eg held på med, så er besøkstala jamne, og eg har bestemt ei kjensle av at eg har ein gjeng med faste lesarar som set pris på det eg gjer her. Så takk for fire år saman, eg er heilt sikker på at vi vil ha mykje glede saman i åra framover og. Hurra for fire år! …

Fastelaven (og morsdag) kjem i 2013 og!

Ja, eg veit at det ikkje er i kvart øyeblikk, men ikkje desto mindre: Folk lurer. Eg får mange treff på når fastelaven er, så difor tenkte eg å fortelje det: Fastelaven i 2013 er søndag 10. februar. Og den søndagen er det morsdag og, så det er ei dobbeltfeiring, altså. Det er ein spesiell dag for meg og. Ikkje berre fordi eg er mor til verdas beste tenåringar, men for då reiser min kjære og eg på veg til Roma for å tilbringe ei veke der. Det gler eg meg veldig til! Vi var i Roma ei veke i 2011 og, då tok eg dette bildet. Det er overblikket frå høgda på Trastevere, Janiculum-høgda. Så det blir nok ikkje fastelavensbollar på oss, men sikkert noko spennande bakverk frå vårt lokale bakeri på austkanten i Roma. Eg ynskjer alle lesarane mine ein fin dag!

Sjølvmelding!

Litt tidleg, tenker du kanskje. Men ikkje når glamourbibliotekaren utfordrar oss. (Og ja, eg har ikkje gått under jorda, men eg driv og skriv ny kokebok. Tidkrevande, ikkje minst å tenke på det. Og så har eg det bra. Veldig bra. :)) Dagens leppestift/lipgloss: Max Factor lipfinity spiced under, Estee Lauder Michael Kors Gold gloss Dagens duft: Bulgari Omnia Amethyste Dagens sko: Helly Hansen Skinnsko med snøringa open. Ullsokkar gjekk ikkje i småskoa eg har ståande her på jobb. Dagens smykker: Forlovelsesringen, ein singel diamantring, gifteringen frå Sandberg.com og Longines-klokka som kom i morgongåve. Dagens bok: Ingenting akkurat no, men eg skriv bok, tel det? Siste avis du las: Aftenposten på frukostbordet Siste cd du høyrte på: Sæle juleljod med Marianne Beate Kielland Siste film du såg: Love actually i jula. Må få oss på kino snart, tydelegvis. Siste reise du var på innanlands/utanlands: Innanlands: Sunnmøre i jula. Utanlands: Hellas i sommar, trur eg. Men vi skal til Roma i veke 7. Det blir fint, trur eg! 🙂 Siste nettsted du var innom før denne …

Peanøttkaker

Dette er ein gamal favoritt her i heimen som eg har vridd litt på i år. Slik originalen var så vart det meir som havreflarn med peanøtter i. Eg ville ha dei litt meir cookies-aktige. Så det eg gjorde var å redusere litt på smørmengda, og putte i peanøttsmør i tillegg. Det vart godt, så då delar eg oppskrifta sjølvsagt med deg. Slik gjorde eg det: Peanøttkaker (ca 36 kaker) 1 egg 2 dl sukker 2 dl havregryn 75 gram smør 50 g peanøttsmør 3 ss kveitemjøl 1 ts bakepulver 1 ts vaniljesukker 1 ts kakao 100 gram salta peanøtter Pisk eggedosis av egg og sukker. Smelt peanøttsmøret i ei lita gryte saman med smøret. Rør inn havregryn, og ta gryta av plata. Bland kveitemjøl, bakepulver, vaniljesukker og kakao, og vend det inn i smørblandinga. La det heile kolne før du vender inn eggedosisen. Rør inn peanøttene. Dei skal ikkje hakkast, men brukast som dei er. Legg bakepapir på steikebrettet og set kakene på brettet med to teskeier slik at det blir små toppar. Ha deigen …

Kvit gløgg/eplegløgg

Det er ein gløgg basert på eplecider og kvitvin, og har ein lettare, ”vaksnare” smak enn den vanlege raude. Den er fin som aperitif på ein førjulsfest, eller på termos når du skal ut på tur i skogen. Du kan også lage ekstraktet med kvitvin viss du vil. Slik gjer du det: Gløggekstrakt 5 dl eplecider (du kan bytte den ut med eplejuice viss du vil) 3 ss brunt sukker Fire klementiner Ein bit ingefær Ein stjerneanis 10 nellikspiker To kardemommekjerner Ein bit kanelbork Ha eplecideren i ei gryte, og varm den opp. Knus kryddera, og ha dei i saman med brunsukkeret. Del klementinene i to, press ut safta, og ha både saft og skal i gryta. La det heile trekkje på svak varme i ein halvtime. Trekk gryta av plata, og la den stå til den har kolna. Sil frå alt rusket. Varm opp 2 liter cider og ei flaske kvitvin i ei gryte. Ha i ekstraktet. Smak til om du syns det trengst meir sukker. Server gløggen i pene glas med ei klementinskive …

Godt oppdratt – eller berre flaks?

Eg kjem halsande inn døra med tunge koffertar og bokkasser. Det har vore ein fin, men travel signeringsturné på vestlandet. Og kva ventar meg når eg kjem heim seint på kvelden første søndag i advent? Sekstenåringen har vore i skapet og funne lys, og ho har leita fram det gamle tinnfatet. Ho har dekorert med perlemorshjarte, kanelstenger og anna småtteri som ho har funne rundt omkring, og det første adventslyset er tent. Alt førjulsstress renn av meg, og eg er berre lykkeleg. Vel vart det ein sein middag, og vel skal vi tidleg opp i dag og utrette store ting, men vi fekk ei fin adventsstund saman søndag kveld. Ha ei fin førjulstid, med eller utan flinke sekstenåringar!

Ein liten førjulsturné!

I helga skal eg på ein liten førjulsturné på Sunnmøre! Er du der vonar eg at vi møtast. På laurdag føremiddag møter du meg på Norli på Moa. Der syltar eg og signerer bøker frå elleve til eitt. Så dreg eg avgarde til Larsnes og Sandemessa. Der finn du meg på standen til Eiken Libris, og utpå ettermiddagen stikk eg ned på skulekjøkkenet og syltar der og. I fjor lagde eg lakserullar, men i år vert det altså heimelaga julegåver som er temaet. Det er også temaet på Brudavolltunet i Ørsta på søndag. Min medbloggar Heidi har teke over som dagleg leiar på Brudavolltunet, og der lagar vi i stand juleverkstad søndag klokka 13:30. Det kostar ein femtilapp å kome inn, men då ordnar vi med materiell til ein strålande flott juleverkstad der du får vere med å lage julekort, julegåvelappar, syltetøy, kanskje ein god eddik, vi skal lage fuglebollar og opptenningsrullar og mykje anna morosamt. Det trur eg blir ein strålande fin dag. Så vil du bli med på førjulsmoro med meg denne helga, …

Den grå juvelen

Eg heldt eit kåseri på laurdag på ein strålande fin fest der ekte, sunnmørsk raspeball vart servert. Det har kome nokre oppmodingar om at eg bør publisere det i bloggen, og eg er ikkje vond å be, så difor kjem det her: Andektige sit vi og betraktar tallerknane våre, dette unike vestlandske mateventyret som vekkjer heimlengten sjølv i Oslobuarar på tredevte året. Sjølv om vi i kveld feirar og hyllar raspeballen så finst det utruleg mange variantar av ball, sjølv om ein berre ser på dei næraste fylka rundt oss. I Møre og Romsdal får du servert potetball eller raspeball, gjerne med rabbe (kålrot, kålrabi), saltkjøt eller pølse og smelta smør. På Nordmøre og i Romsdal får du gjerne blandaball, der potetmassen er blanda med fiskefarse. Du kan også få saltfiskball eller grovfiskball, som er laga av tørrfisk eller klippfisk. I Trøndelag får du ofte klubb. I Sogn og Fjordane får du servert raspekake med svine- og saueknokar, dette er tradisjonsmat på ”fotatorsdag”, skjærtorsdag. På sørlandet  får du kompe, her må væske pressast ut av …

Det steikte kjøtet

Eg har ofte tenkt på kva den første homo sapiens tenkte då ho oppdaga kor godt steikt kjøt er. Kanskje var det etter ein skogbrann, at ein hjort eller ein moskus vart fanga av flammane, og vart liggande forkola og svart. Men det skjer noko magisk når kjøt vert varma opp. Det vert mørt, og får ein fantastisk smak. Reint kjemisk oppstår det ein Maillard-reaksjon, ein reaksjon mellom spesifikke sukkerartar og aminosyrer når temperaturen kjem opp i 120 grader, som gjer at nye smaks-, lukt- og fargestoff vert danna. Når du tenker over skilnaden mellom smaken på kokt kjøt, som normalt ikkje kjem over 100 grader, og steikt kjøt, som vert ein god del varmare, så er den store skilnaden nettopp denne Maillard-reaksjonen. Det er den same reaksjonen som gir den fantastiske smaken av skorpa på nybakt brød, eller den søte, deilige smaken av gyllensteikt løk. Men i dag handlar det om steikt kjøt. Storfekjøt er meir eller mindre mørt alt etter kva del av dyret det er henta frå. Samstundes er det gjerne slik …

Alt godt i Nitimen!

Jada, det er nitime på laurdag og. Og i dag skal eg vere gjest! Rundt 10:20 kan du høyre meg, då skal eg seie noko om potetball. Det er nemleg ein sunnmørsgjeng som møtest i kveld og lagar ball, og dei har Nitimen fatta interesse i. Eg skal snakke om ball til sunnmørsgjengen i kveld, og då må eg jo snakke om det i Nitimen og. Så skru på apparatet ditt, og lytt til ballsnakk! 😀 (Lurer du på kvifor dette innlegget er tagga under bokprosjekt? Fordi…)

På graut-køyret

Min kjære kom med eit forslag for ei stund sidan, om å ha brunost i semulegrauten. Han meinte det ville gi ein god smak som minte om rømmegraut. Eg kunne ikkje anna enn å prøve, og resultatet vart veldig godt. Og ikkje minst fekk grauten ein vakker, gyllen farge. Eg var så sjangdobel at eg attpåtil dryssa riven brunost over grauten, som eit alternativ til sukker og kanel. Dette er den perfekte kosekveldsmaten ein kveld det ruskar ute, og ein treng litt ekstra energi. Denne oppskrifta er til fire personar. Slik gjer du det: Semulegraut med brunost 1 liter mjølk 1,5 dl semulegryn 1 ts salt 1 ss sukker 50 g brunost, riven eller i små bitar Bland saman alt unntatt brunosten i ei tjukkbotna gryte. Sett gryta på middels høg varme, og rør jamnt og trutt til grauten kokar opp. Ha i brunostbitane, skru ned varmen litt og rør medan grauten småputrar i ca. 15 minutt. Server grauten med smørauge, eit lite sukkerdryss og eventuelt litt riven brunost eller kanel. Kos deg i hauststormane!

Den klassiske havregrauten

Året har flest kvardagar, og kva er meir kvardagsleg enn eit måltid graut? No lurer du vel på om eg har gått heilt ut på dato, og det har eg kanskje. Graut er vel omtrent så umoderne som det er mogeleg å vere. Men slikt bekymrar ikkje meg, eg er glad i graut, og det er dei eg bur ilag med og. Så her i huset vert det rett som det er servert graut. Havregraut er det aller enklaste å lage, iallfall viss du brukar lettkokte havregryn. Det er den perfekte frukosten, særleg viss familielogistikken har svikta, og ein står der utan brød ein tidleg morgon. Då er det enkelt og lettvint å lage ein mettande graut, slik at alle kan gå ut i verda mette, glade og fornøgde. Mange eg kjenner svergar til å bruke mikrobølgeovnen når dei lagar morgongraut. Det fungerer viss ein lagar til ein, til fleire er ikkje mikrobølgeovnen så praktisk. Å lage havregraut i mikrobølgeovn har ein stor fordel, den kan stå utan at du rører i den. Det betyr …

Graskarlykter

Lag fine graskarlykter! Her ser du korleis eg gjorde det.

Eg live-syltar igjen!

I går ettermiddag sette vi oss i bilen, og pressa oss ut av Oslo i ettermiddagsrushet. I dag tidleg vakna eg i ei deilig seng på Fretheim hotell i vakre Flåm! Her er vi deltakarar på Nynorske Litteraturdagar, og saman med nynorskcelebritetar som Agnes Ravatn, Linda Eide, Kristin Fridtun og Bremnes-brødrene får eg vere med på å spreie litteraturglede i Aurland. Så er du i området må du stikke innom Fretheim hotell i ettermiddag. Klokka 17:30 live-syltar eg framfor eit vonaleg interessert publikum. Ha ein fin laurdag, med eller utan sylting!

Den beste eplekaka

Det bugnar av eple akkurat no, og eg har ein hage eg kan gå på slang i med samtykke, så eg er heldig. Epla lagar eg mos av, eg saftar dei og eg bakar deilige eplekaker. Denne vart spesielt god, den er lett krydra, og i tillegg er den laga med bruna smør, slik eg tidlegare har gjort med mi plommekakeoppskrift. Det gir ein ekstra fyldig og god smak. Den er fri for egg, i tilfelle du har eggeallergikarar i familien er den perfekt å lage når dei kjem på besøk. Den beste eplekaka lagar du fort og enkelt, det som tek lengst tid er eigentleg å brune smøret. Det kan du gjere på førehand om du vil, men eg gjorde det medan eg rensa epla. Det tek si tid når ein både skal fjerne kjernehuset, stilk og blomst og så skrelle dei. Eg har ikkje fått meg ein slik fiffig eplemaskin enno, det burde eg kanskje. Men dei slangepla eg får er så uregelmessige i forma at eg trur eg ville slite med å …

Grønsakssuppe med gresskar

Eg fann eit flott flaskegraskar i butikken, og då passa det å lage ei deilig graskarsuppe. Suppa vart til slik min mat blir til, ved at eg ser kva eg har i kjøleskapet, og brukar det. Ein kålskalk, ein squash som hadde sett sine beste dagar, nokre selleristilkar og ein løk vart med. Og så fann eg til og med nokre gulrøtter og ein attgløymd pastinakk. Å bruke fleire grønsaker i suppa gir den ein rikare smak, og ikkje minst får ein spist opp grønsaker som er på hell. Ein klassisk vinn-vinnsituasjon. Har du ikkje det eg lagde suppe av, så bytt ut grønsakene med det du har. Men basen bør altså vere graskar, det gir den flotte, gule haustfargen. Slik gjorde eg det: Graskarsuppe Eit flaskegraskar eller 1 kg vanleg graskar Tre gulrøtter To selleristilkar Ein kålskalk Ein pastinakk Ein squash Ein gul løk 1 liter vatn 2 ss grønsaksfond eller to buljongterningar Salt og peppar Rens grønsakene, og del dei i passe store bitar, litt grovare enn til ein lapskaus. Ha dei i …

Bordsettinga

Korleis ein plasserer gjestane til bords er gjenstand for intense diskusjonar. For oss som har bikka førti, og som i tillegg hadde skikk og bruk som obligatorisk lektyre i barndommen, er det heilt innlysande at ein skal sitte annakvar mann og kvinne, og at gifte par skal splittast. Ein skal ikkje ha den ein et middag med til vanleg til bords i eit finare selskap. For den yngre generasjonen er dette rekna som gamaldags og firkanta, dei plasserer par saman, og ikkje minst plasserer dei venneflokkar saman. For meg er dette heilt bakvendt, eit av hovudmåla mine med eit selskap er å bli kjent med nye menneske, og kanskje til og med få ein interessant og beleven bordkavaler, viss eg er heldig. Men for å balansere desse omsyna fann vi ei anna løysing i vårt bryllup. Vi fordelte gjestane på bord, og satte par på same bord. På den måten kunne gjestane sjølve ta stilling til korleis dei satte seg. Det førte til at det vart forskjellige løysingar frå bord til bord, og det syns …

Tenk å vere tolv år…

og få vere med i bryllup! Og bli spurt om å lage raude cupcakes til over hundre menneske!   Og få danse med søskenbarnet sitt heilt til det er tid for å gå heim!    

Til min kjære

Kjære Kjetil, Kva er det du gjer med meg? Kva er det som gjer at eg kjenner langt inn i sjela at eg vil vere saman med deg for resten av livet? Det er ikkje alltid så lett å sette ord på denne kjensla, dette behovet for å ha nettopp deg saman med meg. Men eg kjenner det. Eg kjenner det når du er ute på farten, og eg ventar på at du skal kome heim. Eg kjenner det når du held rundt meg og gir meg akkurat det eg vil ha og treng. Eg kjenner det når du svarer ærleg når eg spør deg om noko. (For det har eg lært meg gjennom eit langt liv, ein må aldri stille eit spørsmål som ein ikkje er budd på å ta imot eit ærleg svar på.) Eg kjenner det når du stiller opp for meg, når eg virkeleg treng deg. Og ikkje minst, du let meg stille opp for deg, og gi deg det du treng. Ekstra godt kjenner eg det når vi syklar heim …

Borddekkinga

Vi har fått mange gode ord om bordekkinga, og folk syns at det var pent pynta i salen der vi hadde festen. Det er hyggeleg å høyre, for det er noko av det som eg la mykje arbeid i. Eg hadde hjelp av  forlovaren min, Ovedia, og Marianne, ei veldig flink dame som har gjort ein god del interiørstyling, men tinga vi brukte var i all hovudsak ting som eg har samla på meg gjennom det trekvarte året som har gått sidan vi bestemte oss for å gifte oss. Sjølve borddekkinga hadde Elisabeth hovudansvaret for. Kjære Ovedia og eg handla inn blomar på onsdag. Då kjøpte vi fire bukettar raude roser, ikkje dei største, og så kjøpte vi ein stor bukett av dei store oransje rosene med raude kantar. I tillegg kjøpte vi svarte bær, grøne og svarte strå, raude alstromeria, mørkeraude krysantemum og store grøne hortensiaballar med raudlege kantar. Blomane fekk først ei natt i romtemperatur, slik at dei byrja å springe ut. Frå torsdag til fredag sto dei i vår kjellar, kjøleg og …

Godteribufféen

Kva gjer ein når ein feirar bryllup og har 15 barn mellom seks og seksten på gjestelista? Ein planlegg (og gjennomfører) eit kort bordsete, med få talar. Berre dei viktigaste får tale under middagen. To timar er meir enn nok for barna. Ein plasserer gjestane på bord med 8-10 gjestar på kvart bord, slik at både små og store kan snakke saman og kvart bord vert ei fin gruppe. Ein plasserer foreldre og barna deira på forskjellige bord. Barn og ungdommar hentar fram det beste i seg når dei får sitte til bords utan foreldra ved sidan av seg. Ein steller i stand ein godteribuffé som får både små og store til å smile breitt.       På godteribufféen har ein noko søtt og noko salt, altså snop for ein kvar smak.     På den måten får både store og små eit fint bryllup. 🙂  

Det blir fint!

Dette skal Kjære omforme til vakre dekorasjonar i bryllupslokalet. Eg trur det blir veldig fint, og eg gler meg til å sjå resultatet.

Den hektiske veka

No er vi på veg inn i den hektiske veka. Bryllupet står på laurdag, så det er mykje som skal ordnast dei neste dagane. I dag skal eg hente hårpynt, og eg skal treffe frisøren min. I kveld skal vi lage program til vigsla, og det tek kanskje kvelden i morgon og. Onsdag ettermiddag overtek vi nøklane til lokalet, og då må alt flyttast opp dit, drikkevarer, tørrmat, pynt og anna som må til for å lage fest. Det blir ingen liten operasjon! Så om det vert litt stilt her dei neste dagane så ha tol med meg og oss. Vi kjem sterkare attende etter helga! 😀

Livesylting i Saras telt!

Eg er invitert av Oslo Bokfestival til å livesylte i dag klokka to. Så er du i byen, er du hjartans velkomen til å stikke innom, det vert høve til å få bøker signert og høyre meg drøse om sylting i si alminnelegheit. Bli med! 🙂