Author: Alt godt

Aster og eg

Eg fortalde om møtet mitt med Aster tidlegare i veka. No har eg fått eit fint bilde av oss, der vi held på med live-sylting i Ørsta. Det er Ingvild Runde som har teke bildet. Du ser at desse to damene er PÅ, ikkje sant? 😉 Ha ein fin søndag!

Kvar gong eg høyrer denne…

…må eg gråte litt. Det er sikkert fordi eg saknar kjæresten min sånn. Og fordi han elskar meg akkurat slik eg er.

Lett ostekake med hylleblomstsmak

Eg venta ein gjeng med fine damer på besøk i går, og då måtte eg bruke litt av den lyse, fine hylleblomstsafta eg hadde laga tidlegare i veka. Kaka er lett, nesten som ein fromasj, med mest kesam i seg. Slik gjorde eg det: Ostekake med hylleblomstsmak Botn: 200 g søte, grove kjeks, eg brukte sibas-kjeks 80 g smelta smør 2 ss brunt sukker Fyll: Tre beger vanlig kesam (du kan også bruke vaniljekesam, dropp i så fall vaniljesukkeret) 300 g kremost, type philadelphia 2 pakkar sitrongelé 5 dl vatn 2 ss melis 2 dl hylleblomstsaft Gelélok: 5 dl konsentrert hylleblomstsaft 6 plater gelatin Vatn til bløyting Kok opp 5 dl vatn. Trekk det til side, og rør i to pakkar sitrongelé. Rør i to-tre minutt til alt er oppløyst. La det kolne eit kvarters tid medan du lagar botnen og resten av ostemassen. Smelt smøret. Knus kjeksa i ei matmølle, ha i sukkeret og smøret. Bland det godt. Sett ei 26 cm springform utan botn på det kakefatet du vil servere kaka på. Eg …

Mitt heimelaga urtesalt

Kva skal ein bruke alle desse urtene til? Enkelte av dei kan vekse seg høge på kort tid, og allereie no treng nokre av mine å bli tukta ein smule. Dess meir ein brukar, dess meir avling får ein seinare i sesongen. Eg brukar å lage urtesalt av mine urter. Det går med mykje urter til ein slik prosess, så når eg kappar ned løpstikke og persille som blomstrar blir eg kvitt ein heil del. Her er det eg byrja med: Ein bunt ruccola, eit knippe grasløk, masse løpstikke, masse bladpersille, litt kruspersille og nokre salvieblad. Salvien skal blomstre, og då er den så vakker at eg får lage urtesalt av den seinare når den er avblomstra. Den er som hortensia, og blomstrar på fjorårsgrein. Husk på alt det spiselege ugraset vårt og. Både skvallerkål og brennesle kan gå i dette urtesaltet, skyll begge delar godt først, brennesle i vatn som nyleg har kokt opp. Men ikkje føl deg bunden av mi urteliste. Bruk det du har, og det som er klart akkurat no. Når det …

Slikt gjer meg så glad!

Ja, eg elskar flashmobar. Spesielt denne.

Stakkars store, sterke karer….

Operasjonssentralen ‏@oslopolitiops Arnljot Gelines vei, melding om brann, røyk fra tak, nødetatene er på vei Vi var invitert til middag i naboblokka, så då vi kom dit sto det ambulansar, brannbilar og til og med eit helikopter på plass. Då det heile var over nytta dei flotte karane høvet til å kvile ut og debriefe på parkeringsplassen utanfor der vi spiste middag. Gjengen med elles vaksne, fornuftige damer gjekk litt frå konsepta då vi ved å lene oss lett til høgre kunne bivåne desse staselege mannfolka. Vi er jammen lette å glede. Og det er noko spesielt med desse brannmennene.

Ein ny venn

Eg har tenkt litt på det med vennar i det siste. Eg får relativt ofte nye vennar. For meg er det lett å knytte meg til nye menneske. Ikkje ukritisk, og ikkje tilfeldig, men eg syns eg er heldig som stadig møter nye menneske som eg kjenner ein forbindelse med, og som eg trivest i lag med. Min nyaste venn heiter Aster. Då eg sto og prøvde å få overblikk over situasjonen tidleg om morgonen på laurdag i Volda smatt ho inn frå høgre og spurte: Can I help? Ho hadde på seg festspel-t-skjorte, så eg forsto at ho jobba for Dei nynorske festspela. Ja, sa eg, og viste henne korleis ho skulle kutte opp ein nektarin til nektarinsyltetøy. Fort og greitt hadde ho kutta opp to kilo nektarinar, og ho tørka og rydda og fiksa rundt meg som om ho aldri hadde gjort noko anna. Eg skulle vidare til Ørsta etter ein time, og eg spurte dei som administrerte det heile om eg kunne «låne» henne med meg, og eg spurte henne om ho …

Come to me

come to me I’ll take care of you protect you calm, calm down you’re exhausted come lie down you don’t have to explain I understand you know that I adore you you know that I love you so don’t make me say it it would burst the bubble break the charm jump off your building’s on fire i’ll catch you i’ll catch you destroy all that is keeping you down and then I’ll nurse you I’ll nurse you come to me i’ll take care of you you don’t have to explain I understand  

Hups, rettelse, ny feil følger!

Eg byrjar i Volda! I Volda klokka ti, i Ørsta klokka elleve serverer eg frukost. Kom, kom!

Vil du ha frukost hos meg?

Det blir ikkje heime hos meg altså, men i morgon tidleg, klokka ti (vel, kanskje kvart over) i Ørsta og rundt elleve i Volda, lagar eg frukost. Då får du ferskt, godt brød, og du kan sjå meg sylte nektarinar, jordbær og rabarbra, og smaksprøver vert delt ut med raus hand. Yr.no er sånn passe entusiastisk til det heile, men eg skal iallfall gjere mitt beste for at det skal bli ein triveleg frukost. Dei nynorske festspela sel Sylting og safting heile året begge stader, og eg signerer når eg berre har fått vaska syltetøyet av hendene. Kom innom om du er i nærleiken!

Sylting på direkten

I dag har eg hatt besøk av to journalistar, og sylta saman med dei på mamma sitt kjøkken. Fine greier! Syltetøyet vart godt, og journalistane vart fornøgde, trur eg. Dei hadde betre utstyr enn iphone å hjelpe seg med, så dei får nok betre bilde enn eg fekk her. Men uansett: Boklansering er gøy!

Idyll

Vi er bra heldige, som får lov til å kome på besøk til dette vakre huset kvar sommar. Nedanfor verandaen står revebjellene ranke og fiolane lyser opp med sin intense fiolette farge. Og når vi går tur passerer vi dette vakre vatnet der vassliljene såvidt har sprunge ut.

I serien sommarfriske supper: Agurksuppe

Agurksuppe er lett og frisk, og overraskande smaksrik til å vere laga av noko så enkelt som agurk. Den kan varierast i det uendelege, i dag har eg laga den med ruccola og løk. Server suppa i små glas, heilt kald. På varme dagar kan du til og med legge ein isbit i. Den passar veldig godt på ein buffé med ulike andre typar mat ein kan servere små porsjonar av. Bruk gamle likørglas eller små raudvinsglas, dei passar godt til ein slurk agurksuppe. Slik gjer eg det: Agurksuppe 2 agurkar ½ finhakka løk Ein neve ruccolablad 3 ss kesam 2 ss olivenolje Salt og peppar Kutt agurken i bitar, og legg dei i matmølla. Skyll ruccolaen, og legg til side nokre fine blad til pynt. Ha ruccolaen i matmølla saman med kesam, løk og olivenolje, og køyr det heile glatt. La suppa stå kjøleg fram til servering. Hell den opp i pene glas, og pynt med ruccola eller andre urter.

Focaccia med løk

Focaccia er alltid takknemmeleg å servere til supper, smårettar, lasagne eller som noko å mumse på når ein er på tur. Du kan også dele focaccia-brødet og legge pålegg inni. Eg bakar det i ein stor leiv, men det går også fint å bake det i emne som er litt større enn rundstykke, kjevle dei flate og ha på olje og salt. Då får du porsjonsfocaccia. Det er oljen og saltet som gjer dette brødet til focaccia. Dei fleste italienarar vil også ha knust eller frisk rosmarin på. i dag har eg laga ein variant med løkringar på. Det er godt til enkel mat, den lett bruna løken vert eit spennande smakselement til supper og slikt.  Slik gjorde eg det: Focaccia-brød 3 dl lunka vatn ½ pakke gjær eller to teskeier tørrgjær 1 ts salt 1 ts sukker eller honning ca 7 dl kveitemjøl 1 gul løk i skiver 3 ss olivenolje Flaksalt til å drysse på toppen Smuldre gjæra i ein bolle og ha over lunka vatn. Rør ut gjæra i vatnet, og ha i …

Gazpacho – ei frisk sommarsuppe

Gazpacho er ei klassisk spansk kald tomatsuppe som det finst mange variantar av. I daga har eg laga henne intenst raud, utan agurk og grøn paprika som ein ofte får i gazpacho. Denne oppskrifta gir ca. åtte porsjoner på ca. 1,5 dl kvar. Med mindre glas vert det fleire porsjonar, viss suppene inngår i ein buffé. Du reagerer kanskje på at det ikkje skal tilsettast væske til suppa. Desse grønsakene er så vassrike at det ikkje er naudsynt. Velg dei søtaste og flottaste tomatane du finne til gazpachoen. Dei kan seie kva dei vil, tomatbøndene på Jæren. Dei får ikkje tomatane sine så søte og gode som dei italienske og franske. Gazpacho 6 tomatar To raude paprikaer Ein stor løk Tre stangselleristilkar Eit fedd kvitløk 0,5 dl kvitvinseddik 0,5 dl olivenolje Sukker, salt og raust med kverna peppar Del tomatane i fire, og fjern stilkfestet. Det er ikkje nødvendig å flå dei. Legg dei i ei matmølle. Ta bort stilken på parikaene, fjern frø og hinner, og del dei i grove bitar.  Ha dei i …

Dei finaste kveldane

Det er desse kveldane som ein delar med gode vennar i ein flott hage midt i byen i det vakre sommarlyset. Det er desse kveldane då praten går lett, maten smakar godt og rausheit og glede pregar samveret. Det er desse kveldane då ein syklar heim forbi botanisk hage og pustar inn den intense dufta av skjærsmin. Det er desse kveldane då ein kjem heim til fine ungdommar som har laga seg middag, og som ryddar når ein ber om det. Det er desse kveldane då vi vaksne tenner lys og delar ei stille stund etter at ungdommane er i seng. Fine kveldar.

Tre dagar…

…har han hatt ferie. Han skal ha sytten dagar til. Med ti-tolv nye ballongar kvar dag skal vi klare å fylle kontoret hans ganske godt opp til han kjem attende. Ein har ikkje meir moro enn det ein lagar sjølv. 😀

Det fyk om øyrene…

Det er hektisk for tida. Difor er det litt stilt her i bloggen. I går prøvde eg brudekjolen på nytt, den er like fin som sist! 😀 Og eg er like sikker på at den skal klippast av som eg var då eg kjøpte den. Elles så går boklanseringa sin gang. Eg planlegg ein tur til dei nynorske festspela i Ørsta/Volda siste helga i juni, så bur du i området kan vi kanskje treffast? Eg kjem til å delta på festspelfrukostane i Ørsta og i Volda laurdag 30. juni. Men no skin sola, og eg må snart ut i den. Det er berre nokre greier eg må fikse først…

Jordbær- og rabarbrasyltetøy

Vi er mange som har vakse opp med mødre og bestemødre som sylta og safta. Eg har sterke minner frå eit kjøkken fullt av bøtter med bær, bilturar heim frå Valldal med den intense og etter kvart kvalmande lukta av jordbær, og kamp med bringebærkjerr i hagen. Då bestemor mi døde i 1995 fann vi ripsgelé med vokslok frå 1964 i kjellaren. I mange år har safting og sylting vore ute av livet mitt, bortsett frå eitt og anna frose glas med bringebærsylte som kom nedover frå Sunnmøre. Men etter kvart har eg teke opp denne tradisjonen sjølv, og gjort den til min eigen. For meg som bur midt i byen, med begrensa fryse- og lagringskapasitet og utan eigen hage, kunne eg ikkje gjere dette slik mor mi gjorde. Kanskje var det det som gjorde at eg venta så lenge med å gå i gang. Eg trudde eg måtte gjere dette slik formødrene våre gjorde det, i store mengder og med huset på hovudet medan det sto på.  Etter kvart kom eg til at eg …

Nektarinsyltetøy! Instant suksess…

I desse dagar lanserer Samlaget boka mi Sylting og safting heile året. I høve lanseringa var eg og ein av marknadskonsulentane i Samlaget ute på ein liten runde til bokhandlarane i sentrum, og hadde med bagettar og små syltetøyglas. Frå dei som fekk nektarinsyltetøy har vi fått begeistra mailar som beskriv nærmast slåsskampar på lunchrommet i bokhandlarbutikkane om dei siste restane av dette deilige syltetøyet. No får du sjansen, nektarinar kostar nesten ingenting for tida, så kjøp ei korg eller tre, og lag ein porsjon nektarinsyltetøy. Nektarin har blitt ei heilårsfrukt som heilt har utkonkurrert den hårete slektningen sin, fersken. Det er ikkje rart, for han er både søt og god og lett å like. Nektarinen har ein meir aromatisk smak, og mange likar også betre den glatte overflata. Eg brukar også å lage syltetøy av nektarinar, det er enkelt å lage, og det ferdige syltetøyet er ein smakseksplosjon. Prøv nektarinsyltetøy på vaflar eller bollar, begge delar er like godt. Nektarinsyltetøy 1 kg nektarinar, reinsa vekt 425 g sukker 1 dl vatn 1⁄2 ts sitronsyre …

Raud svinefilet med grilla squash

I denne varianten av svinefilet har eg brukt røykt paprika. Eg veit om folk som har leita etter det ei stund, men ein får tak i det i nettbutikkar som sel krydder, og i spanske og britiske supermarknader. Denne retten kan du veldig gjerne lage på grill, då lar du kjøtet få ein runde på høg varme, før du ettersteiker fileten på indirekte varme til den har nådd ønska kjernetemperatur. Eg blanda kryddera, og sikta dei over kjøtet. Det fungerer når du vil ha eit raust lag med krydder. La kjøtet ligge med krydderet på i to-tre timar, det gir smak og fin farge. Eg serverte svinefileten med ein plommesaus og grilla squash. Plommesausen kan serverast varm eller kald, og viss du lagar den som du lagar syltetøy er den langtidsholdbar. Perfekt til svin og til ulike wok-rettar. Slik gjorde eg det: Raud svinefilet 1 kg ytrefilet av svin 2 ts røykt paprika 2 ts vanleg paprika 2 ts urtesalt Olje til steiking Bland saman kryddera. Sikt først eit dryss på tallerkenen, legg så kjøtet …

Sykkelen min er borte! :-/

I mai slo eg til, eg investerte i ein flott ny sykkel. Eg gjekk til min favorittsykkelbutikk Birk ved Vøyenbrua, og fekk eit godt tilbod på ein Fuji Speedmax hybridsykkel. Sykkelen vart stelt og ordna med, den fekk bagasjebrett og skjermar, fotstøtte (slikt er ikkje ei sjølvfølge på nye syklar no til dags) og den fekk eit komfortabelt mjukt damesete i staden for det kvite sportssetet som den originalt kom med. Eg fekk også klikkpedalane bytta ut med vanlege, sidan eg syklar i alt frå støvlar til stilettar, men aldri i slike klikkesko. Sidan eg brukar sykkel som mitt viktigaste transportmiddel fekk eg og satt på ei korg framme, og eg fekk montert magnetlykter i hjulnavet framme og bak. Dei lyser berre på grunn av magnetar som går rundt og rundt, og treng ikkje takast av, dei sit fast montert i hjulet. Sykkelen er «damestorleik», den passar ikkje til store menn. Men til meg var den heilt perfekt. I går kveld då eg kom heim låste eg sykkelen på utsida her eg bur på St.Hanshaugen …

Kva er dette?

Som eg har sagt tidlegare, hagen min har kome til ved ei lang rekke tilfeldigheiter. Det betyr at ein god del av plantane mine veit eg verken opphavet til eller namnet på. Denne planten som står og struttar faretruande nær aspargesbedet mitt er heilt ukjent for meg. Har du sett ein slik før? Det ser ut til at den vil få kvite små blomar, men den har ikkje sprunge heilt ut enno. Eg treng altså identifiseringshjelp. Veit du kva dette er? (Dei grøne duskane i framkanten av bildet er ein busknellik, og den er ikkje ein del av planten eg lurer på identiteten til.)

Steg for steg…

Det å lage bryllup er ein lang prosess, og i går kveld kom vi i mål med ei av etappene; Invitasjonane er ferdige. No står det att å finne adresser (kan det vere nødvendig å flytte så mykje, folkens?), skrive på konvoluttar (au, krampe) og å frankere og postlegge. Kjekt!

Med fare for å gjenta meg sjølv…

Du huskar på dette, ikkje sant? Viss du har lyst på Sylting og safting heile året i signert utgåve så send ein mail til m.hvamstad@samlaget.no, så kjem den i posten til deg. Boka kostar 369,-, og Samlaget dekker porto. Fint, ikkje sant?