All posts filed under: Oppskrifter for barn

Meir rabarbra – ein pai denne gongen


Når ein først har kome i siget med slike deilige vårvekstar som vi har i hagen no er det ikkje lett å stoppe. Eg er av den sorten som syns at for mykje av det gode er heilt fantastisk, han eg er gift med vil ha variasjon. Vi prøver å møtast på ein slags middelveg, men denne helga fekk eg viljen min; rabarbrasuppe med krem på fredag og rabarbrapai med vaniljeis på laurdag. Paien eg lagar i dag er ein smuldrepai, ikkje så ulik denne. Den er utan nøtter, og mjølkefri viss du brukar mjølkefri margarin, for eksempel Euroshopper flytande margarin, og droppar vaniljeisen. Kokosis er også veldig godt til, dei variantane eg har sett er mjølkefrie. Eg likar også å tenke at denne paien er ørlite sunnare, sidan eg brukar havregryn i mjølblandinga. Den inneheld iallfall ein god dose kostfiber, og det er vel bra? Denne paien kan også lagast med kvann, eg var lat og gadd ikkje gå ned trappene og hente, men har du kvann så putt ein neve finhakka i paien. …

Deilige restar


Som eg allereie har fortalt om, fann eg ein flott hamburgerrygg i den lokale butikken nær der vi budde i Danmark. Hamburgerryggen er den utbeina svinekammen, som er salta og røykt før den vert kokt. Den eg fann var rå, så eg la den i ei gryte, og dampa den.  Sjølv om eg kjøpte berre 800 gram, vart det tre gode skiver til overs etter at vi åt den som middag. Kjøtet fekk vere med i ein deilig salat med tomatar, avokado og sukkererter som vi spiste til lunch. Slik gjorde eg det: Lunchsalat 200 g kokt hamburgerrygg Ein avokado 200 g blanda salat, rukkola, spinatblad og lollo rosso, til dømes 100 g sukkererter 200 g tomatar 50 g reddikar viss du har Litt hakka grasløk 50 g fetaost Dressing: 3 ss eplesidereddik eller kvit balsamico 6 ss olivenolje ½ ts salt Grovmalt peppar 1 ts honning Rens, vask og tørk salaten, og fordel den utover eit fat. Del tomatane i to, og fordel dei utover. Skyll sukkerertene, og ha dei i salaten saman med …

Påskesnop


På veg inn i påskedagane planlegg eg gode ting ein kan kose seg med. Sjokolade er det klassiske påskesnopet, og eg har laga ein heimelaga sjokoladekonfekt som faktisk er ganske sunn. Den er ikkje for feit, ikkje for søt, men ein nydeleg liten godbit til kaffien eller som dessert. Feittstoffet er kesam, eg brukar vanleg 10 %. Du kan også bruke rømme eller creme fraiche. Slik gjer du det: Påskesnop 3 dl havregryn 3 ss kakao ¼ ts kanel Ei klype salt 1 ts vaniljesukker 200 g kesam 5 ss honning Kokos Bland kesam og honning. Rør i hop det turre, og bland det med kesamblandinga. Sett deigen kaldt ei times tid. Rull deigen til bollar, og vend dei i kokos. Eg la mine bollar i minimuffinsformer, men det er ikkje naudsynt. Som variasjon kan du prøve å ha i litt rive appelsinskal av ein appelsin du har vaska grundig. Det gjer snopet endå meir «påskete».

Endå fleire kaker å dele


Når eg er i loppekafékomiteen spør ofte korpsforeldra meg kva dei skal bake. Det er vanskeleg å svare, for samstundes som eg veit at det er viktig med variasjon på kakebordet, slår det ikkje feil; flest vil ha sjokoladekake. Gode sjokoladekakeoppskrifter finst det mange av, og i tillegg er vel TOROs sjokoladekakeblanding den mest kjøpte. Det er ingenting feil med den, den er melkefri, så viss du bakar den med olje eller Euroshopper flytande margarin så kan også mjølkeintolerante spise den. Men heimelagde kaker er best viss ein lukkast og har ei god oppskrift. Det skal du få av meg i dag. Dette er sjokoladekakeoppskrifta til søstra mi, og ho bakar den til alle familiesamanstøt, bursdagar og andre gongar då ein fortener og har lyst på sjokoladekake. Den er deilig saftig og god, og blir ikkje flat og trist. Oppskrifta fyller ei stor langpanne. Dette er ei oppskrift som er så enkel at barn kan lage den sjølv. Oppskrifta går fint å halvere viss du vil ha ei mindre kake, til dømes i ei rund …

Vafler i kveld?


For eksempel? Vafler er alltid godt, og når lukta breier seg i huset breier lykka seg i lag med, iallfall her hos oss. Slik gjer du det: Vafler 3 egg 0,75 dl sukker 1/2 liter mjølk 110 g smør 350 g mjøl (litt meir enn ein halv liter) 1 ts bakepulver Smelt smøret, og la det kolne. Pisk eggedosis av egg og sukker. Bland saman mjøl og bakepulver i ein bolle eller eit litermål. Rør vekselsvis smør, mjølk og mjølblanding inn i eggedosisen til du får ei fin røre. Denne oppskrifta gir ca. 12 vafler med mitt jern. Etter at røra er rørt glatt, fyller eg den på ei tom og rein brusflaske med trakt. Då er det lett å dosere oppi jernet utan søl. Sett flaska på ein asjett mellom steikingane. Til masseproduksjon (som f.eks. på loppemarknad) er formfeitt på sprayflaske det mest effektive. Eg har ikkje det heime, så eg smører jernet med litt smør viss det trengst. Server vaflene med syltetøy, eller sukker og rømme viss du har.

Skillingsbollar til vinterferiekos


I dag skal vi lage skillingsbollar, ein spesialitet frå Bergen som heldigvis har spreidd seg over heile Norge. (Og i Sverige heiter dei ganske enkelt kanelbullar.) Dei kosta sikkert ein skilling første gongen dei vart laga, og det er dei verd, så gode som dei er. Før vi går i gang og bakar, er det nokre ting ein må passe på. For det første må ein som oftast rydde før ein går i gang. Det står alltid nokre greier på benken eller i oppvaskkummen, og det er enklast å byrje og lage mat med ryddig arbeidsplass, så set all gammal oppvask i oppvaskmaskinen eller vask den opp, og rydd unna alt som lagar rot der du skal jobbe. For det andre må du finne fram alt du treng før du byrjar å lage mat. Tenk deg at du har satt i gang med å varme mjølk og smelte smør, og så oppdagar du at du manglar mjøl eller gjær! Det er kjempeirriterande, og einaste måten å unngå dette på er å sjekke at du har …

Betre enn Grandiosa


I dag skal vi lage pizza, og heimlaga er mykje betre enn grandiosa, det er du sikkert einig i etter å ha prøvd vår oppskrift. Til ein gjærdeig trengst det gjær. Gjær kjem i fast form (terningar med blått papir), og i pulver, som vi kallar tørrgjær. Vatnet som gjæra skal rørast i skal vere 37 grader, altså same temperatur som i kroppen. Stikk fingeren nedi og kjenn at vatnet er same temperatur som fingeren din, då er det passe varmt. Når eg lagar pizzadeig brukar eg kjøkkenmaskin, men du kan godt røre deigen for hand i ein bakebolle om du ikkje har kjøkkenmaskin. Dei fleste vanlege kjøkkenmaskinar har eltekrokar. Be ein vaksen hjelpe deg å finne fram og å bruke utstyret. Det finst to tradisjonar innan pizzabaking, ein italiensk og ein amerikansk tradisjon. Har du vore på Peppes Pizza eller Dolly Dimple’s, har du sett dei amerikanske pizzaene med ganske tjukk botn og masse fyll. Dei italienske pizzaene er ofte berre ei tynn lefse med litt tomat og ost på. Den vi skal lage …

Amerikansk favorittmat


Her kjem ei barneoppskrift til, den er altså skriven for barn. Men eg er sikker på at dei fleste vaksne og klarer å følgje den. 😉 Er hamburger blant dine yndlingsrettar? Det er iallfall favorittmaten her i huset, vi lagar gjerne heimelaga hamburgerar viss vi skal kose oss litt ekstra. Eigentleg er det ein slags flate kjøtkaker, men det er litt forskjellig måte å gjere det på. Når ein lagar kjøtkaker rører ein kjøtdeigen med salt først, og så sper vi den med mjølk, kveitemjøl og gjerne eit egg. Når du lagar hamburger skal deigen berre rørast seig med saltet og krydderet, det skal ikkje mjøl eller mjølk i. Denne oppskrifta er til 8 burgerar, altså til fire kjempesvoltne eller til ein heil gjeng halvsvoltne. Før du byrjar skal eg lære deg ein viktig huskeregel når du skal lage mat. Dette er det mange voksne og som ikkje tenker på, og då kan det fort gå gale. Regelen er: Les alltid igjennom heile oppskrifta før du byrjar å lage mat. For du må finne svaret …