Denne dagen har vore roleg, sjølv om den starta med ein tur til Charles de Gaulle for min del, for å møte elleveåringen, som meiner ei veke i Paris får halde. Tilbake i byen sjekka vi ut om velib-syklar fungerer for elleveåringar, og konklusjonen er at det gjer dei. Så no syklar vi i karavane, meg først, så elleveåringen, så Advokaten som sikkerheitsvakt og fjortenåringen bakerst. Eg prøver å undertrykke refleksen min til å trakke på når lyset skiftar til gult, det skaper problem for resten av gjengen har eg lært. Etter ein sykkeltur ned til sentrum gjorde vi eit fåfengt forsøk på å kome inn på YSL-utstillinga i Petit Palais, billettane var utselde lenge før vi kom dit. Vi sjekka ut Grand Palais, og lunta over Pont Alexandre III for å finne ein plass å spise sein lunch/tidleg middag. Vi er litt ute av synk med parisarane, dei står tydelegvis tidlegare opp enn oss, et lunch klokka eitt og så ingenting før nærare klokka åtte. Men vi finn alltid nokon som vil servere oss …